torsdag 16. mai 2019

Maihelg med kajakk og fjellsko i Hoddevika

11.-12. Øystein slo til og booka heile Stad surfing. Venners venner frå Giske og omegn stilte med kajakk og/eller fjellsko og godt humør. Det vart ei knall helg både til fjells og på bølgjene blå. Små og snille forhold på surfen, stort sett sol, lettskya og lite vind. Vi hadde heile stranda for oss sjølve store delar av helga. Det var ekstra kjekt at fleire av turpadlarane i gjengen heiv seg i surfen! Læringskurva hos enkelte var like bratt som fjella, og glisa vart berre breiare og breiare etterkvart som dei nagla støttetak og sidesurf i løpet av laurdagen. Sjølv fekk eg etterlengta mengdetrening og masse fine surfar - syns eg i alle fall sjølv! Nydeleg solnedgang, grilling, vaffelsteiking og hyggeleg sosialt samvær toppa helga! Astri Molnes er medsamansvoren bloggar denne gongen - og har bidratt med masse flotte bilde frå turen. 

Hoddevika! Ein typisk unik og spesielt bra plass!!!

Stad surfing - basen vår for helga. 

Spenna klare! 

Forventningsfulle!

Alle mann alle, og kvar til sine aktivitetar. Leirskule for vaksne det her! 


Ut gjennom bølgjene! 
Eksotisk og vakkert! Kvar gong sola skein igjennom vart det turkis sjø og sydlandsk stemning. 

Mykje surf - lite fotografering. 

Etter pause.....spenna klare på nytt!

Surfebabes med breie glis!

Nøgd fyr. Englishman in Hoddevika.  (Foto: Astri)


Øystein



Ser ut som eg tek surfinga på blodig alvor..  (Foto: Astri)

...men jammen kom gliset etterkvart her og! (Foto: Astri)

Roger i farta..!

Stålkontroll

Leik og moro - og for ei ramme vi hadde på alle kantar: 




Fjellsportgruppa i PØV sjekka utsikta frå Moskleivhornet - lekkert! (Foto: Astri)

Fugleperspektiv, og vi minner mest om leikefigurar! (Foto: Astri)

Mange inntrykk - lang dag! Ingvild tel på knappane om det vert ei økt til.

På tide å gje seg? Dronebilde av og med Øystein/Kajakkguiden. 


Surferar og fjellfantar må ha mat. Det klødde i kjøttfoten og vart fyr på grillen. - Det er jo ein heilt nydeleg temperatur ute i kveld, var det fleire som sa med stor entusiasme. Og med stilongs og dunjakke så var det jo i grunn det....
  


Kveldstur på moloen

Surfevarselet, og det stemte ganske godt     

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar