lørdag 2. februar 2019

Vinterpadling med spekkhoggarar

2.02. Øystein hadde invitert til vinterturpadling Giske rundt. Det er ein av heilårsfavorittane mine, men eg var likevel i tvil om padling eller ski. Det hadde vore observert spekkhoggarar i området, og det vart avgjerande. Den som vil sjå kval må på sjøen! Vi vart ein heil gjeng og det var vinterleg og triveleg. Vindstille og klårt vinterlys.

Ålebyen og alpane i vinterdrakt

Svaneflokk

Då vi nærma oss Kvalneset såg vi det plaska og spruta og det var noko svart i sjøen. Kan det vere....? Vert vi lurt? Er det folk som snorklar? Då vi kom litt nærare var det umiskjenneleg ei svart finne som skar gjennom sjøen. Filmmusikken frå Haisommar starta opp i bakhovudet. 

Det ER spekkhoggarar!

Måsen og ørna fekk ikkje mykje merksemd frå oss - men dei sneik seg med på bilda likevel

Veldig kule, og heilt inne i fjæresteinane.

Det er ikkje spesielt djupt her, men dei store dyra manøvrerte lynkjapt over sandbankane. Då vi kom var fleire av spekkhoggarane blodige og vi såg to som reiv i ei kjøttfille. Eg trur dei hadde teke ein sel. Det låg fleire forskremte selar heilt inne i tangen.  

Dei er SÅ kule


Det er noko med å oppleve dei så nær, frå kajakk. Som nokon så godt kommenterte: Eg er tøff i trynet når dei svømmer unna, men vert skvetten når dei svømmer mot meg...
Ekstra kjekt å få ei slik oppleving på fellestur! For mange var det første kvalpadlinga. For andre har det vorte meir ein årleg tradisjon...

Finner på alle kantar






Etter ei lang stund for spekkisane til havs. Mørebankane fulle av sild, sei og torsk ligg jo rett utom her. Ei ny gruppe med større dyr kom innover og for nordover. Vi leika litt på bølga ved Kvalneset før det vart beinstrekk, lunsj og BÅL!!!

Grønneguiden får full merksemd...

God stemning i sola. Jadda, jadda, dette kan eg venne meg til. 

Vinterdagen mot hell

Nydeleg lys og starten på solnedgange på heimveg. For ein dag! For ein gjeng! Og for ei flott oppleving! 

Vi vart einige om å samle blinkskot og filmsnuttar, og Monica redigerte i hop - så her kan du sjå høgdepunkta frå dagen:


Turen (raud) - 11 km 

Spekkhoggar - staurkval - killer whale - orcinus orca. Kjært barn og mange namn. Orcus var den romerske guden for underverda. Det latinske namnet betyr noko slikt som: Den som høyrer til Orcus med stor tønnemage".

1 kommentar:

  1. Ai ai ai......det er vel ikkje meir å sei om den saken. #littmisunnelig Stor tønnemage har den jo, men dagens hending tyder vel på at spekkhoggar er eit nokså treffande navn.....

    SvarSlett