torsdag 7. mars 2019

Strandrydding på Synes mars 2019

3. mars Ny vår - nytt søppel! Padlemiljøet i Giske starta systematisk rydding i fjor. Vi vil halde fram og rydde det same området. Synesholmen er litt kronglete for andre å komme seg ut til - men perfekt for oss med kajakk. Heile vågen og holmen er naturreservat og Ramsarområde - det vil seie internasjonalt viktig våtmarksområde. Tilfeldigvis traff vi også på FN sin World wildlife day. Fugle- og dyrelivet er ein viktig motivasjonsfaktor for oss, så det passa bra!

Padleryddegjengen

Synesvågen mot holmen. Naturreservat. 

Vi var litt bekymra for å ha for lita tid, så nokre av oss tjuvstarta i vågen på laurdag. 

Stranda var overraskande rein. 

Dagens dunge på ca 1 km strandlinje


Kobbene låg på skjera og held auge med oss. Dei verka å vere godt nøgde med innsatsen.

Søndagen slo til med vindstille og perfekte forhold!

Ut mot Synesholmen, ca 1 km padling

Fin landing, heldige med floa

Ein holme i havet..

Vi sette i gong og fordelte oss utover. Det såg betre ut enn i fjor. Ein god miks av kjensler breia seg: det å gjere ein skilnad for miljøet, opplevinga av å rusle langt ute mot havet ein vakker vårdag, endeleg kjenne energien frå sola og det sosiale saman med trivelege padlevenner. Og litt skattejakt.

Tau i alle storleikar

Torunn med den finaste skatten! Ei flott glaskule. Den trur eg vart med heim og ikkje i HoldNorge reint -sekken. 

Sjølv om huvudinntrykket var bra var det litt å finne

Eg fant, eg fant!! 
Denne vart donert til Kajakkguiden så han kan bruke den i kurs og trening

Med ni personar og relativ lite plast gjekk det på eit blunk å gå over holmen. Eller kanskje 1,5 time? 

Rein holme, depo med 10 sekkar for henting samt litt tau, blåser og brøytestikker utanom. 

Det nyttar å rydde! Utruleg motiverande å finne så mykje mindre i år! 

Kunst

Lunsj




Førstegangspadlar i godt driv inn att! 

For effektive ryddarar opnar det seg fleire dører, og nokre av oss fekk klemt inn ei lita økt på Vigra om ettermiddagen. 


 I tillegg til oss på Synesholmen: Kyrre og Kirsti var på raid på Skjongholmen og leverte i hengar på Ytterland, Johanna, Evy og Nils-Kristian med fleire rydda på nordsida av vågen. Veldig bra innsats!

Vi tok siste runde oppsamling på nordsida dagen etter.

Paradoks - verna natur - som flyt full av søppel

Plast i solnedgang - så får vi håpe at plastforsøplinga og snart tek kvelden. 

Det var heller ikkje så gale som frykta på denne sida av vågen, men vi veit det ligg meir utover mot seglmerket. 

Kart over rydda strandlinje (heil lilla strek, til saman ca 3,5 km) 
og delvis rydda strandlinje (stipla linje)

Monica hadde stålkontroll på det administrative og meldte inn aksjonen på ryddeportalen til Hold Norge Reint. Koordineringa og hentinga som Plastfritt Hav står for, gjer det mogleg for oss å rydde meir. Grunneigarane er positive.

Oppsummert:
Området ser bra ut - men vi finn framleis mykje plast. I år var det mykje mindre mengde. Det var tydeleg at vi samla samen forsøpling frå mange år i fjor. I år var det færre trålnettbitar og mindre landbruksplast og færre store gjenstandar.

Ellers er det litt av alt: 

  • Flasker (brus og vaskemiddel av ymse slag)
  • Kanner (typ 5 liters)
  • Brus/ølboksar
  • Pakkeband (men mindre enn tidlegare)
  • Q-tips
  • Korkar
  • Små grønne tynne taustumpbitar (enormt mykje av desse - overalt!)
  • Tau og trosser i alle lengder og fasongar
  • Udefinerbare plastbitar
  • Mat- og snopemballasje, også kaffekoppar, gatekjøkkenemballasje
  • Små isporbitar (men mindre enn frykta av dette!)
  • Leiketøy
  • Sko og støvlar, blå overtrekkspose til sko
  • Sportsutstyr
  • Plastbæreposar
  • Fiskekasser og delar av desse
  • Snusboksar (men ikkje så mange)
  • Udefinerbare små og halvstore hardplastbitar
  • Brøytestikker
  • Plastrørbitar i alle fasongar
  • Restar av haglpatronar
  • Små kvite dingsar som kjem frå renseanlegg
  • Blåser



1 kommentar: