torsdag 27. juni 2019

Lepsøya rundt

14.-15 juni Vi nyttar alle vervindauge til å vere ute! Fleire har rusta seg for campinglivet og eg har vore på alt for lite teltturar dei siste åra. Etter å ha lodda stemninga var vi tre som la i veg frå Roald med mål om å utforske Lepsøya. Det er ikkje så langt over, men Vigrafjorden er ofte skvalpete og vindfull, og det er sjeldan eg padlar her.

Avreise frå Roald - ut på eventyr!

Liv i sjøen over Vigrafjorden, sjølv på ein fin dag

Lepsøya i sikte!

Beinstrekk nedanfor Rønstadhellaren.

Her er altså hellaren..
Flott plass, og mogleg camping. 
Men vi syns det var for kort padling og for tidleg på kvelden til å gje seg, og iskald nordavind fall ned frå hamrane.

Både Torunn og Roger har vore på Lepsøya på skuletur i ungdommen, og eg gjekk rundt øya i vinter. Så vi fokuserte på sjøvegen - som var ukjent mark for oss alle. Nordavinden var i periodar seig, medan vi padla langs gamle gravrøyser og dungar med oppsamla plast. Plastpiratane her ute gjer ein enorm ryddejobb!!
  
Skikkeleg HAVpadling. Flott lys, og vinden løya etterkvart. Vi fekk ein liten smakebit på dønning frå storhavet då vi runda nordvesthjørnet av øya.

Nytt fyr på lista!

Hellevik fyr - i privat eige. 

Vi satsa på leir på Kjerstadsanden, og som vanleg gjekk tida fort og kvelden kom brått. Det var godt å trø seg i land på berga ved stranda og konstatere flatt nok gras til minst tre telt! Dårleg med ved var det, men simsalabim så dukka ein av plastpiratane opp, og då ordna det seg med ein vedsekk. Små plassar og kjentfolk altså! 


Kjerstadsanden
 
Junicamp I. Flott lys ved ankomst...

...vart til nydeleg flammande solnedgang. 

Bål, mat og prat. Ungar som leika på stranda. Eit cruiseskip som seig forbi. Kvalitetstid. Sommarstemning.



Eg vakna av at det var sol, alt for varmt i teltet og havblikk!! 
Det måtte bli morgonbad! Det vart det, og det var IKKJE varmt i vatnet... Soltørking på varme berg tinte oss opp att. 


Morgonstund...

Test av expedmadrasser i ulike storleikar og variantar. Foto: Torunn

Eg tolka stemninga som god, både i camp og då vi kom oss på sjøen att. Håpet var sjølvsagt at begge skulle få smaken på campinglivet og nye turar? Det såg lovande ut. 



Med vinden i ryggen og ny vinkel på Sunnmørsalpane runda vi austsida av Lepsøya. 

Nordøyvegen under bygging. Det var pæling og eit veldig til bråk i området. Så då vart det politikkdiskusjon. Samstundes var det naturreservat på holmane og eg hadde ikkje samvit til å stoppe innanfor reservatet for naudsynt ærend. Verda er full av paradoks.  

Anleggsmaskiner i fleng - Nordøyvegen under bygging

Beinstrekk

. Solveggen - varmare enn Syden!! Foto: Roger

Vigrafjorden var i sommarlune, og vi hadde ein lett bris i ryggen heile dagen. 

  Det var varmt og deileg og lettpadla - heile vegen heim!
Solmøre! Sommarpadling! Himmel og hav for eit liv!

Turen vart omlag 28 km. Måtte det bli MANGE slike framover! 

2 kommentarer:

  1. Hei,Lene.
    Flotte bilete og beskrivingar.
    Måtte dere spørre om å få sette opp telt? Har ein lavo på ca 5 m i diameter,lurer jo på om det kan funke der. Tar ferga over bil, eller kun passasjerer?

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi spurte de som driver utleie på Prestegården. Ferga fra Skjelten til Lepsøya tar biler. Hurtigbåten fra Ålesund tar kun passasjer.

      Slett