Viser innlegg med etiketten Sula. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sula. Vis alle innlegg

onsdag 13. februar 2019

Solskinnsfri på Sulafjellet

5. februar. Blåblå himmel frå morgonen, og siste solskinnsdagen på vermeldinga så langt fram vi kunne sjå. Korta vart stokka for ein kort dag med solskinnsfri. Standardoppsett for fjellski var ikkje heilt på plass, men det vart likevel pakka i ein fei. Påskestemning sjølv om det berre var februar. Eg gjekk mesteparten av turen opp i berre skjorta. Sulafjellet er fantastisk. Utsikt over sjø og land, og passelege bakkar for fjellski. Denne dagen var det i tillegg puddersnø og herleg nedfart! Vi er heldige!
Minst like bra som kontorutsikta!

Sunnmøre altso...

Foto: Synnøve

Sulafjellet i all si prakt framom oss

Kortfellene mine satt godt opp til Rollonhytta, men eg hadde dårleg gli. Derifrå vart det berre ball. Dei datt av og krølla seg. Då hugsa eg at det same problemet i fjor... Det var ikkje mogleg å smøre godt feste i bakkane, og det vart ein kraftanstrengelse å komme seg opp. På ein slik fin dag går det ikkje an å verte sur, sjølv ikkje av bakglatte ski. 

Vardane!

Det er noko med å komme opp, sjølv om det er eit slit. Til vardane som står og ventar. 

Utsikt 360 grader

Vinterkledd padleparadis

Det var energi i sola!

Godt nøgde! 

Pudderfest ned att! 

Nye feller vart bestilt på veg heim. 


mandag 15. oktober 2018

Langevågsholmane

14.10 Halvdårleg ver og stengd tunell. Vi bestemte oss for å teste Langevågsholmane. Vind og bølger stod på frå vest og det var høg flo. Litt leik vart det, både ved eit skjer og på ei surfebølge. Eg er ikkje så god på timing i slike forhold, og vert dessutan veldig reservert når det er stein i nærleiken. Kjekt å vere ute er det uansett, og så vert ein jo inspirert til å øve meir. Medan vi åt lunsj på ein av holmane bles det opp. Vi høyrde ein smell, som viste seg å vere kajakken min som letta og landa på tvers av ein av dei andre kajakkane. Det vart heftig vind å padle i. Med vinden i ryggen var det stor stas og full fart. Baksida var at eg nesten ikkje hadde framdrift opp mot vinden. Så det endte med at eg kapitulerte, gjekk i land på hurtigbåtkaia og vidare til fots for å hente bilen. Det er viktig med gode padlesko!

 


Ups.

Endomondoen landa på 9 km padling (og 700 meter til fots..)

Vindmålingane frå Vigra i 15-tida på søndagen viste stiv kuling, middelvind 15 m/s og kast på ca 20 m/s. Om målingane er representative for Langevågen veit eg ikkje, men det var i alle fall nok vind til å sette ein stoppar for mi framdrift denne dagen!   

mandag 12. februar 2018

Arktisk fjellskitur på Vardane (777 moh)

5.februar 2018

Solskinnsfri frå 14.00 og ettermiddagstur. Vegen opp til Taustua var hardpakka og glatt. Vi gjekk difor på føtene dit opp, omkransa av furuskog, kvite fjell og låg vintersol.


Vi tok brødskiva ved Rollonhytta, med litt livd for den iskalde vinden, og tok på oss to jakker/dunskjørt/vindtett lue før vi for vidare. 

Varsel om solnedgang


Arktisk drag.

Sunnmøre i vinterpastell

Siste strimar av solnedgangen på toppen. 

(Kondis kom til meg! Det var skikkeleg seigt oppover)

Arktisk nok på 62 grader nord.. (Foto Synnøve)

Mot nord, Ålesund og Giske



Monsterlykta på hovudet og god plog på dårleg føre.. (Foto: Synnøve)

Synnøve sin endomondo. 

søndag 7. juni 2015

Rull og tull med padlekjendisane

05.07 Sunnmørsposten har levert varene nokre dagar no! Knall oppslag med flotte folk om friluftsliv, verdival og livskvalitet. Det beste av alt er at det er desse damene eg skal leike meg med denne fredagskvelden!

Link til: Naturgleda veks når ho vert delt 
Link til: Ta din åre fatt

Friday night. No sign of summer yet. We went to Langevågen for rolling and practicing rescue techniques. Great fun in good company!

I Langevågen er det veldig bra shopping på Devoldfabrikken, og vi rekk ei kjapp runde der før vi sett kursen mot holmane og diverse øvingar. Det er ikkje tur, men bading som står på programmet.

Forefallande reperasjon før padleøkt.

Redning - drill.

Vi trente eigen- og kameratredning. Min personlege siger var 3 variantar med eigenredningar i greenlanden til Sygni. Det er ei utfordring med ocean cocpit. Denne har LC (large ocean cocpit). No trur eg sjansen for at eg treng eigenredning i slike kajakkar er minimal, det skal noko til at eg ikkje rullar meg opp. Det gjer uansett godt for sjølvkjensla å få til ting. 

Padling er ikkje berre blodig alvor 

Vi får testa, øvd, fått til noko, bomma på noko. Fliret sit laust og det er mykje humør. Vasstemperaturen er ikkje noko å skryte av, så etterkvart vert vi kalde. Siste post er taueøvingar. Det vert ALLTID styr med tauing, så det er lurt å gjere det med litt ulike case innimellom. 



Effektivt taulag

Evaluering. Grei start på helga og ein veldig fin fredagskveld på sjøen!


Rulling: Standard rulle begge sider, crook of arm begge sider og stormrulle på godsida. Kjekt å rulle i sjøen att, men ganske annleis enn bassenget (pga redningsvest og bekledning og heilt anna type oppdrift). 

mandag 23. februar 2015

Vinterferietur på Vardane

22.01 No har eg eigentleg ikkje vinterferie. Denne søndagen på Vardane gav den perfekte vinterferiekjensla likevel. Snø, kvitt, vakkert, vind, hint av kommande påskestemning i solgløtta.

Bygene gjekk kvite og ugjennomtrengelege frå morgonen. Vi la i veg i ellevetida frå Eikrem.

Grått, med håp om blått. Eventyrskog og vinterstemning. 

Det var både fotspor og skispor oppover skogsvegane. Etterkvart kom vi inn på scooterløype og. Det var berre velstand oppover bakkane. 

Sol og nesten påskestemning!

Rollonhytta. 

Synnøve er tidlegare Rollonjente, og vi var einige om at hytta var eit flott syn. Hyttevaktene måka og lagde toddy på hytta. No framover må vi hugse å legge litt pengar i sekken som standardutrustning.

Det hadde gått tre personar føre oss frå hytta, så vi hadde spor. Det var ein kalkulert gevinst med å starte litt seint... Dei som hadde gått føre hadde lagt spora i perfekte slake bautar oppover lia, så det var berre å gå. Svært godt lagte spor. Lett å gå med kortfell.  

Sikta forsvann, vi hadde vind i ansiktet og attknepne auge. Det var nok spor til å berre gå, og elles såg eg ikkje meir enn nokre meter framom meg. Vi møtte sporleggarane på veg ned. Dei fekk skryt, og kunne stadfeste at spora gjekk på Vardane. 

Nesten oppe! 

Eg på veg mot toppen (Foto: Synnøve)

Iskunst på Vardane (begge foto: Synnøve)
  
Synnøve på toppen 776 moh. Litt betre sikt, ei brødskive og av med fellene. 

Det var berre kjekt å renne ned att. Vi vart forundra over kor fort spora bleste att. Mange plassar var det berre såvidt råd å sjå våre eigne spor opp. Laust og fint, og god brems i snøen.  

Verda opnar seg. Vår venn Festøykollen viser seg fram. 

Frå Taustua vart vi freista til å renne i skogen i staden for å ploge ned vegen. Skikkeleg artig i eventyrskogen! Det var nok snø til at det vart meir stamping enn renning, men vi kom oss fint ned lia.  
Ned eventyrskogen

4 timar søndagstur med prat og pausar. Innom Rollonhytta var vi og. Veldig kjekt og perfekt vinterferiesøndag!

Ca 12 km og vel 700 høgdemeter.

lørdag 15. februar 2014

På jakt etter fullmånen

Fredag 14.02. Med reising og styr i veka vart det først lyktetur på fredag. Dagen før fullmåne, og vi var overtydde om at det ville vere fint å gå utover Eltrane i bleikkvitt månelys. Vi var ikkje før komne ut av bilen før dei første dropane traff oss. Uvant og sjokkerande! Kvar kjem dette i frå? Vind og skyer gjorde at vi degraderte måneskinnsturen til trim, og tok det derifrå.

Fritt val frå Langevågen

Roar og Synnøve var vande med å ta beinvegen (det vil seie RETT OPP) til Vonhytta, så da var det berre å henge på. Eit lite strategimøte der, og ruta vidare vart lagt til Vardane på grunn av vinden.  

Iskald vind på toppen - men vi tok likevel 10 minutt med teambilde, drikke og KRANSEKAKE! Kjekt når folk har med overraskingar på tur. Trim oppgradert til fjelltur att!

Teambilde på Vardane (776 moh)

Ei rype eller to gav lyd frå seg i lia. Det var flott utsikt over Sunnmøre frå toppen. Månen og skyene leika seg i lag, så horisonten veksla i dramatisk lys og formasjonar. Tema i "Synnøve Lundes uteskole" denne kvelden vart test av broddar. Bybroddar versus "Snowline chainsen". Turdeltakarar som vel å lagre "chainsen" i Østerdalen må fint finne seg i å teste bybroddar. Samtlege kom seg ned i god stil, så det var ikkje kritisk.  

 
Bybroddane hjalp litt...

 "Snowline chainsen" var heilt geniale.

 Broddane var kjøpt i fjor, men eg har ikkje brukt dei før. Ikkje heilt det same som stegjarn, men dei sat som blegg oppover (og nedover) snøen. Eg testa dei på litt blank is på myra, og broddane sat som eit skot der og. Geniale. Dei tek liten plass i sekken og er enkle å få av og på. 

Den siste halvtimen fekk vi stadige glimt av ein flott og rund måne. Innimellom kunne vi skru av lyktene. Draumen om måneskinnstur vart delvis oppfylt, men jakta på den perfekte måneskinnskvelden held fram.  Super tur i godt lag på fredagskvelden! God start på helga. 

Typisk nok: Etter at eg kom heim, då vart det skikkeleg månelyst! Timing er vanskeleg.

Frå verandaen på Valderøya kring midtnatt....

Vi brukte akkurat tre timar totalt på turen. 

fredag 11. oktober 2013

TellTur 2013

Friluftsrådet har Telltur-kodar i tre kommunar og lova på nettsida: Alle som har vitja alle dei 42 turmåla i Sula, Ørskog og Ålesund og registrert dette her på TellTur i perioden 10.06 – 10.10 vil få ein spesiell premie.

Det var nok til å sette oss i gang. - Vi tek vel alle då, seier Beate i juni. Det viste seg å vere knallhardt, men gøy. Turane er ikkje nødvendigvis så tunge i seg sjølv, men det å sette av nok TID til alle dei små og store turane var ei utfordring. Kodejakta har vore ein god grunn til å komme seg ut om kveldane, dra til nye plassar og gå nye turar. Her er glimt frå kodejakta 2013:

TellTur Ørskog (18 kodar)
Det er eit godt stykke å køyre til Ørskog, så vi hadde planen klar; fleire kodar i slengen! Vi begynte bra med gruvevandring, Liafjellet og tre kodar i boks! Lauparen (1434 moh) vart ein av sommarens flottaste toppturar. Eg kom meg endeleg på Høgsvora. Ørskog er ein annleis kommune, med levande kulturlandskap og stølar overalt. Her inne er det lenger ut til kysten og det er store dalar og fjellområde. Dei siste kodane i Ørskog vart tekne på ein grå dag, og mest på trass. Målet om alle kodane VILLE EG NÅ! Frisk luft gjer dessutan godt, uavhengig av motivasjonen.

Frå Kleivane (t.v) og Verahornet (t.h)

Frå Høgsvora

Dynjafossen - Ørskogfjellet. 
Veldig fin foss. Freistar til bading i kulpen neste sommar. På lita vassføring kan ein gå ned og bakom fossen. 

Ein liten hakkespett (Flaggspett?) heldt meg med selskap på Breinakken. Flott utsikt over Sjøholt frå ein svært flatterande vinkel.

Turen til Hallvardsfjellet skulle vere ein enkel liten sak. I følge boka "På tur i Ørskog" skulle vi spare nesten 100 høgdemeter på å gå frå Visetsætra. 

Rett sæter, og vi trudde lenge at vi skulle på humpen bak stølshuset (t.v). Etter ein sjekk med boka og kompasset måtte vi snu 180 grader og gå på den andre humpen (t.h). Vi fann alle stimerka frå boka; foss, kraftlinje m.m. Men ikkje svarte om vi fann noko sti. Ikkje var det langt, og ikkje var det høgt. Men i stilaust vestlandsterreng fekk vi fort "myrfotar" og klokka gjekk. Lurefjell. Hellv.... fjell.

Ferdig med høgdemetrane og ferdig med myra. Ørskogfjella i panorama. Humøret steig. (Lauparen nr 2 frå venstre)

På toppen! Ut Storfjorden, Sandvikshornet i Sykkylven som markert topp til venstre. Sjøholt heilt til høgre. 

Innover Storfjorden, med øydegardane på Skotet til høgre

Hallvardsfjellet vart erobra med rå makt og viljestyrke. Her lønner det seg nok å gå andre vegen, på sti, og ta hundre høgdemeter ekstra. Vi fann litt bedre trakk på heimveg (same vegen pga bil), men framleis var det ikkje mykje å skryte av.

 
Ørnereir eller jaktbu? Er dette årets kulaste hjortejegarinstallasjon?

Ørskog er full av ukjende turperler. Her var det mange små, merkelege og festlege turar. Eg kjenner meg nesten lommekjent i Ørskog no. Ørskog IL har laga boka "På tur i Ørskog", og med unntak av stien på Hallvardsfjellet, stemte den veldig bra. Eg skal ha som mål å gå alle turane i boka på sikt, så det vert ikkje siste gong eg er på tur i Ørskog.   

TellTur Sula (14 kodar)
I fjor rakk eg ikkje over alle kodane på Sula fordi eg undervurderte Eltrane. Difor starta vi med den turen i år. Det vart ein fantastisk søndag over Sulafjellet, med flott utsikt heile vegen og 4 kodar i boks. Småfjella på Sula vart "tekne" innimellom. Dei er bevis på at små turar kan by på store opplevingar. Nokre av desse var og ei unnskyldning for å komme seg ut på dei grå ettermiddagene. På seinsommaren gjorde vi eit raid til, frå Langevågen over Vardane ut til Fiskarstrandhyttene og ned, og plukka med oss 5 kodar på vegen. Kjekk og lang kveldstur.
 
Med hjarte for turane på Sula - god merking og flotte turmål! På Vardane (t.h)

 Ålebyen frå kulturminneløypa på Kalvestad

Frå Blåfjell på Sula med Langevågsholmane og Ålebyen

Frå Svanshornet innover Storfjorden

Den mest magiske opplevinga på Sula i år var nok kveldsturen på Solevågsfjellet. Eg gjekk frå Langevågskrysset, og var heilt åleine i ein fantastisk urskog.


Skogstjern med vassliljer

Sukkertoppen i Ålesund frå HEILT ny vinkel

Vakker urskog med huldrestry

Stry i lange banar på alle slags tre. Sjeldan vare. 

På Leirvågfjellet - utsikt innover Hjørundfjorden
  
TellTur Ålesund (15 kodar)    
Det er mange små turar i Ålesund. Ein får sjå byen og Sukkertoppen frå eit utal vinklar. Eg skunda meg med så mange eg klarte før ferien. Artig å sjå korleis ting forandrar seg. Stiane vert tydelegare år for år, på godt og vondt. På Sukkertoppen er slitasjen (for) stor. På Holsfjellet er det ildsjeler som byggjer, grusar opp og drenerer sti, med slagordet "tørrskodd over Holsfjellet". Geitnausa, innerst og bortest på Emblemsfjellet stod att. Denne gjekk vi på ein grå og trist dag i fjor, med litt for lite klede og utan mat. Så eg hadde i utgangspunktet eit svært dårleg forhold til Geitnausa. I år la Beate og eg opp ein skikkeleg langtur: Eikenosen - Geitnausa- Vasstrandegga- Austreimssætra. Det vart ein av dei flottaste turane i år, på ein nydeleg septemberfredagskveld. Eg ser Emblemsfjellet med nye og langt meir positive auge etter denne turen!

Vasstrandegga
- høgaste punktet i Ålesund er her, sjølv om varden står i Skodje.

Sukkertoppen mot Godøya

Ålebyen frå Lerstadtoppen


Myklebusthornet på Ellingsøya

 
Bjønnalogen og Ålesund frå Geitnausa

Vasstrandegga - 2. gong

Mykje motivasjon i små klisterlappar... (og denne koden har no gått ut på dato altså..)

Utan Beate som fantastisk turfølgje på dei lengste og kjekkaste turane, hadde eg nok ikkje greid det i år. Trude har stilt opp som svært godt turfølgje på fleire turar, og nokre kveldar har eg drista meg ut heilt for meg sjølv.

Bra trim, naturopplevingar og litt konkurranse. God mix!

No står det att å sjå om friluftsrådet er betre på premiar enn på å telje. Det er vitterleg 47 kodar til saman. Eg veit, for eg har vore på alle. Det har Beate og! Den beste premien har eg i grunn allereie fått, med mange turar i flott natur og med topp selskap!