Viser innlegg med etiketten Rulling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Rulling. Vis alle innlegg

søndag 12. august 2018

Kajakktreff og uoffisielt NM i grønlandsrulling på Stokkøya 2018

8.-12.08 I kajakkmiljøet er "Stokkøya" synonymt med eit avslappa padletreff. Her er det nerding på alt som gjeld grønlandsrulling og tilhøyrande utstyr samt uhøgtideleg kappleik i båtbygging og rulling. Eg har tenkt på det lenge, men i år var første gongen eg fekk det til å delta, på treff nr 10 i rekka.

Førebuingane starta i vinter. Eg fekk tak i ein moderne variant av grønlandskajakk (Rebel Ilaga). Tuiliqen fekk eg testa heile to gonger veka før eg for oppover. Rullinga har eg hatt eit avslappa forhold til, inntil eg på generalprøva heime klarte tilsvarande 82 poeng. Då skaut sjølvsagt ambisjonane i veret.

Generalprøve i Skjonghamna med kajakk og tuiliq (Foto: Audun)

Antrekket er overraskande komfortabelt å rulle med. Dei viste nok kva dei gjorde, grønlenderane.  Vi har bytta ut selskinnet med neopren, men prinsippet er det same. 

Nytt land for meg. Trøndelagskysten er ikkje så verst, sjølv om han ligg noko avbakeleg til. 

Strandbar og padlecamp. Stokkøya i eit nøtteskal.  

General Bernt ønskjer velkommen! (Gjett kva flagg det er....)

Camp Nøklevann. 
Eg la meg inn på Oslofolket denne gongen.  Nøklevann ro- og padleklubb stilte mannsterkt med begge kjønn.  

Workshop dag 1 med Dubside. 

Det vart gjennomgåande mykje rulling og lite bilde. Eg slit framleis med vrangsida, framoverlente ruller og kan få tendensar til panikk i vatnet. Men du og du så mykje ein prøver og lærer på eit slikt treff! Etter dag ein var eg mørbanka i skrotten, etter dag to kunne eg nesten ikkje gå... 

Ulike grupper på sjøen

Slik gjekk no dagane. Ulike grupper kvar dag: Padleteknikk med grønlandsåre, nybegynnarrulling, lære vekk rulling, rulling på djupt vatn, synkronrulling og dronefilming. Eller eigen aktivitet om ein heller ville det. For ein kontrollfrik som meg var programmet i grenseland laust i snippen. Det var likevel akkurat nok organisering til at det heile gjekk smertefritt, og det såg ut til at dei fleste fekk gjere noko dei likte og hadde utbytte av. Dagane var fulle av aktivitet, nesten travelt til tider. Store glis over heile fjøla. Dette treffet fokuserar på tradisjon - noko som gjer at ting nesten garantert vert gjort likt som i fjor - og det er berre å spørje dei som har vore der fleire gonger. Alle deler erfaringar og historier.  

Fint ver og god vasstemperatur dei første to dagane gjorde sitt til at det var superkjekt å vere i vatnet. Eg målte 17 grader i sjøen på stranda. 

På Grønland driv dei og med tauøvingar. Øvingane skal trimme og herde gode padlarar. Dubside demonstrerte, og dei som ville fekk prøve. Kjempeartig og tungt - og tau står på ønskelista!  

Dubside demonstrerar "low rope" - øvingane


Foto: Anne

Kubb om kveldane

Hotellet

Fredagen var det dritver, kviledag og båtbyggarkonkuranse. Eg var ikkje så delaktig i bygginga, men det veldig artig å sjå på og. I løpet av nokre timar vart det designa og bygd kajakkar som etterpå vart testa i mangekampøvingar på stranda. Nokre trelister, tau, tape og plast var utgangspunktet. Resultatet vart tre lekre smekre svarte skjønnheiter. 




Ein viking går i land: Vidar

Kapp-padling

Rundt flagget og retur...

Spennande innspurt! 

Jørgen endar som vanleg opp slik....

Slim fit design...

Oppi skal han - her er det berre å kle på seg kajakken! 


Alle kajakkane vart og rulla etter alle kunstens reglar

Jannie fekk skikkeleg dreis på harpunen! (Harpun står og på ønskelista no..)

Natt til laurdag var det få i teltleiren som sov godt. Kuling og styrtregn. NM dagen var ruskete og våt, men ikkje verre enn at det vart konkurranse. 

Første pulje ut fekk ein tøff start! 

Dommarbua og publikumstribuna

Løpande rapportering heim frå Nøklevann ro- og padleklubb..

Anne ferdigrulla, og Jørgen skal i ilden....

Opptak rulling (best utan lyd, still kvalitet på høg..)

Publikum også UNDER kaia... #gutteklubbengrei

Anne (vinnar), Dubside (dommar) og Jørgen (vinnar) 

Topp tre herre

Topp tre dame


Eigen innsats: Rota det litt til i konkurransen. Klarte ikkje å halde konsentrasjonen. Fekk 59 poeng og er ikkje nøgd med det, sidan eg hade klart fleire ruller rett i forkant. Men då er det berre å fare heim,  øve meir og ta turen neste år! I denne konkurransen trur eg at alle først og fremst kjempar med seg sjølv. 

Uansett så var det veldig kjekt å delta på treffet, med god miks av nokre gamle og masse nye kjente. Om du er bittelitt interessert i rulling så er det verdt å ta turen! 7.-11 august 2019 - ny sjanse!   

Strandbaren i solnedgang

onsdag 9. mai 2018

Giske rundt med ÅST

9. mai ÅST har lagt inn felles padleturar i programmet i år, og det er spennande å sjå kven og kor mange som har lyst å vere med. Fin gjeng denne kvelden med ca 15 på tur. Eg er framleis ikkje vant til å vere så mange på tur, men det er sosialt, kjekt og alt tek litt lenger tid når ein er fleire. Denne kvelden var det lysshow som berre Giske kan by på, og vi hadde eigentleg ikkje lyst til å gje oss då vi kom rundt. 

"Trendfargane" i padlemiljøet er tydeleg i spennet frå gult til raudt... 

Kort pep-talk før vi legg avgarde. 

Vi startar i havblikk og blått landskap


Glitterhav og Alnes fyr i horisonten

Bittelitt snirkling, men så tok lyset berre heilt av, og vi vart liggande å drive i gull og gyldne tonar meir enn å padle noko særleg. Det verka som alle syntes det var heilt greit. 


Alnesraunen i horisonten


Øystein fekk 5 minutt til bittelitt dronefotografering (Link til Kajakkguiden og filmen her)

Vi var og innom den kjente gruppeturøvelsen: "Dekk mest mogleg av havet". 


Kyrre lurte diskret inn litt sculling og rulling i Øygardshamna. 

Og når den eine har rulla så må jo den andre og...Så mange av karane vart våte i luggen.
Eg satt der med todelt i staden for tørrdrakt og pingla ut (...men NESTE gong...).  




Kven treng elg når det vert rulling i solnedgang?

Takk for laget og vel heim..

Kjempefin tur og berre store glis å sjå - ca 11,5 km padling. 
Det var mange andre ute på Giske denne kvelden og, så vi for forbi fleire solopadlarar, ein med surfski og eit par SUPerar og.