Det var nok til å sette oss i gang. - Vi tek vel alle då, seier Beate i juni. Det viste seg å vere knallhardt, men gøy. Turane er ikkje nødvendigvis så tunge i seg sjølv, men det å sette av nok TID til alle dei små og store turane var ei utfordring. Kodejakta har vore ein god grunn til å komme seg ut om kveldane, dra til nye plassar og gå nye turar. Her er glimt frå kodejakta 2013:
TellTur Ørskog (18 kodar)
Det er eit godt stykke å køyre til Ørskog, så vi hadde planen klar; fleire kodar i slengen! Vi begynte bra med gruvevandring, Liafjellet og tre kodar i boks! Lauparen (1434 moh) vart ein av sommarens flottaste toppturar. Eg kom meg endeleg på Høgsvora. Ørskog er ein annleis kommune, med levande kulturlandskap og stølar overalt. Her inne er det lenger ut til kysten og det er store dalar og fjellområde. Dei siste kodane i Ørskog vart tekne på ein grå dag, og mest på trass. Målet om alle kodane VILLE EG NÅ! Frisk luft gjer dessutan godt, uavhengig av motivasjonen.
Frå Kleivane (t.v) og Verahornet (t.h)
Frå Høgsvora
Dynjafossen - Ørskogfjellet.
Veldig fin foss. Freistar til bading i kulpen neste sommar. På lita vassføring kan ein gå ned og bakom fossen.
Ein liten hakkespett (Flaggspett?) heldt meg med selskap på Breinakken. Flott utsikt over Sjøholt frå ein svært flatterande vinkel.
Sidesprang: Norsk Sjøfuglsenter melder på sine FB-sider at det er: Stor invasjon av flaggspett denne hausten. Det skjer år om anna når frøsettjinga sler feil i den nordlege taigaen.
Turen til Hallvardsfjellet skulle vere ein enkel liten sak. I følge boka "På tur i Ørskog" skulle vi spare nesten 100 høgdemeter på å gå frå Visetsætra.
Rett sæter, og vi trudde lenge at vi skulle på humpen bak stølshuset (t.v). Etter ein sjekk med boka og kompasset måtte vi snu 180 grader og gå på den andre humpen (t.h). Vi fann alle stimerka frå boka; foss, kraftlinje m.m. Men ikkje svarte om vi fann noko sti. Ikkje var det langt, og ikkje var det høgt. Men i stilaust vestlandsterreng fekk vi fort "myrfotar" og klokka gjekk. Lurefjell. Hellv.... fjell.
Ferdig med høgdemetrane og ferdig med myra. Ørskogfjella i panorama. Humøret steig. (Lauparen nr 2 frå venstre)
På toppen! Ut Storfjorden, Sandvikshornet i Sykkylven som markert topp til venstre. Sjøholt heilt til høgre.
Innover Storfjorden, med øydegardane på Skotet til høgre
Hallvardsfjellet vart erobra med rå makt og viljestyrke. Her lønner det seg nok å gå andre vegen, på sti, og ta hundre høgdemeter ekstra. Vi fann litt bedre trakk på heimveg (same vegen pga bil), men framleis var det ikkje mykje å skryte av.
Ørnereir eller jaktbu? Er dette årets kulaste hjortejegarinstallasjon?
Ørskog er full av ukjende turperler. Her var det mange små, merkelege og festlege turar. Eg kjenner meg nesten lommekjent i Ørskog no. Ørskog IL har laga boka "På tur i Ørskog", og med unntak av stien på Hallvardsfjellet, stemte den veldig bra. Eg skal ha som mål å gå alle turane i boka på sikt, så det vert ikkje siste gong eg er på tur i Ørskog.
TellTur Sula (14 kodar)
I fjor rakk eg ikkje over alle kodane på Sula fordi eg undervurderte Eltrane. Difor starta vi med den turen i år. Det vart ein fantastisk søndag over Sulafjellet, med flott utsikt heile vegen og 4 kodar i boks. Småfjella på Sula vart "tekne" innimellom. Dei er bevis på at små turar kan by på store opplevingar. Nokre av desse var og ei unnskyldning for å komme seg ut på dei grå ettermiddagene. På seinsommaren gjorde vi eit raid til, frå Langevågen over Vardane ut til Fiskarstrandhyttene og ned, og plukka med oss 5 kodar på vegen. Kjekk og lang kveldstur.
Med hjarte for turane på Sula - god merking og flotte turmål! På Vardane (t.h)
Ålebyen frå kulturminneløypa på Kalvestad
Frå Blåfjell på Sula med Langevågsholmane og Ålebyen
Frå Svanshornet innover Storfjorden
Den mest magiske opplevinga på Sula i år var nok kveldsturen på Solevågsfjellet. Eg gjekk frå Langevågskrysset, og var heilt åleine i ein fantastisk urskog.
Skogstjern med vassliljer
Sukkertoppen i Ålesund frå HEILT ny vinkel
Vakker urskog med huldrestry
Stry i lange banar på alle slags tre. Sjeldan vare.
På Leirvågfjellet - utsikt innover Hjørundfjorden
Det er mange små turar i Ålesund. Ein får sjå byen og Sukkertoppen frå eit utal vinklar. Eg skunda meg med så mange eg klarte før ferien. Artig å sjå korleis ting forandrar seg. Stiane vert tydelegare år for år, på godt og vondt. På Sukkertoppen er slitasjen (for) stor. På Holsfjellet er det ildsjeler som byggjer, grusar opp og drenerer sti, med slagordet "tørrskodd over Holsfjellet". Geitnausa, innerst og bortest på Emblemsfjellet stod att. Denne gjekk vi på ein grå og trist dag i fjor, med litt for lite klede og utan mat. Så eg hadde i utgangspunktet eit svært dårleg forhold til Geitnausa. I år la Beate og eg opp ein skikkeleg langtur: Eikenosen - Geitnausa- Vasstrandegga- Austreimssætra. Det vart ein av dei flottaste turane i år, på ein nydeleg septemberfredagskveld. Eg ser Emblemsfjellet med nye og langt meir positive auge etter denne turen!
Vasstrandegga
- høgaste punktet i Ålesund er her, sjølv om varden står i Skodje.
Sukkertoppen mot Godøya
Ålebyen frå Lerstadtoppen
Myklebusthornet på Ellingsøya
Bjønnalogen og Ålesund frå Geitnausa
Vasstrandegga - 2. gong
Mykje motivasjon i små klisterlappar... (og denne koden har no gått ut på dato altså..)
Bra trim, naturopplevingar og litt konkurranse. God mix!
No står det att å sjå om friluftsrådet er betre på premiar enn på å telje. Det er vitterleg 47 kodar til saman. Eg veit, for eg har vore på alle. Det har Beate og! Den beste premien har eg i grunn allereie fått, med mange turar i flott natur og med topp selskap!
Kjempefin blogg!
SvarSlettTusen takk for alle fine turer - satser på at det blir mange turer til neste år også :)
Beate
Utruleg kjekk "oppsummering" frå mange flotte turar! Kjekt å ha nokon mål å strekkje seg etter - dette burde dei fått til andre stadar også :)
SvarSlettHer inne var det mange flotte turer! Søket på padling i Hjørundfjorden og kom over denne flotte bloggen. Du har en ny følger:)
SvarSlettTakk for det! Kjekt på tur og kjekt å dele :)
Slett