Viser innlegg med etiketten Ann-Kristin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ann-Kristin. Vis alle innlegg

lørdag 6. januar 2018

Høgsvora på ski

6.januar

Endeleg vart det Høgsvora (1163 moh) på ski på meg! Det vart mykje ver, og vi kom oss ikkje heilt til topps. Kenneth er heldigvis lommekjent her og har dessutan innebygd GPS.  Vi fekk spadd oss ventegrop og det vart no rett så triveleg. Kongeføre! Med veldig dårlig sikt tok ikkje skikøyringa heilt av. -6 på parkeringa, sikkert -10 på toppen og frisk bris. Vermeldinga var opplett utover dagen - den såg vi veldig lite til. Flotte slake bakkar, så hit vert det fleire turar!



Teambilde! (Foto: Ann-Kristin)
God stemning trass ver. Bittelitt lys innimellom, så nokre svingar vart det. 

Glimt av opplett då vi nærma oss bilen. Høgsvora til høgre bak. 

søndag 27. oktober 2013

Friskt på Storhornet

Laurdag 26.10 Kjekt med turfølgje som stiller uansett ver - sjølv om det freista å verte liggande i senga då eg såg ut glaset. Avtalen var at vi skulle snike oss ein tur mellom bygene, og det greidde vi sånn omtrent! I kuling var det ein frisk, men herleg tur på Storhornet. Flott start på helga - og takk for turen!

Vindrossene fekk skikkeleg tak oppover ryggen

Flott lys - Sukkertoppen i det fjerne

Dagens teambilde!

fredag 11. oktober 2013

TellTur 2013

Friluftsrådet har Telltur-kodar i tre kommunar og lova på nettsida: Alle som har vitja alle dei 42 turmåla i Sula, Ørskog og Ålesund og registrert dette her på TellTur i perioden 10.06 – 10.10 vil få ein spesiell premie.

Det var nok til å sette oss i gang. - Vi tek vel alle då, seier Beate i juni. Det viste seg å vere knallhardt, men gøy. Turane er ikkje nødvendigvis så tunge i seg sjølv, men det å sette av nok TID til alle dei små og store turane var ei utfordring. Kodejakta har vore ein god grunn til å komme seg ut om kveldane, dra til nye plassar og gå nye turar. Her er glimt frå kodejakta 2013:

TellTur Ørskog (18 kodar)
Det er eit godt stykke å køyre til Ørskog, så vi hadde planen klar; fleire kodar i slengen! Vi begynte bra med gruvevandring, Liafjellet og tre kodar i boks! Lauparen (1434 moh) vart ein av sommarens flottaste toppturar. Eg kom meg endeleg på Høgsvora. Ørskog er ein annleis kommune, med levande kulturlandskap og stølar overalt. Her inne er det lenger ut til kysten og det er store dalar og fjellområde. Dei siste kodane i Ørskog vart tekne på ein grå dag, og mest på trass. Målet om alle kodane VILLE EG NÅ! Frisk luft gjer dessutan godt, uavhengig av motivasjonen.

Frå Kleivane (t.v) og Verahornet (t.h)

Frå Høgsvora

Dynjafossen - Ørskogfjellet. 
Veldig fin foss. Freistar til bading i kulpen neste sommar. På lita vassføring kan ein gå ned og bakom fossen. 

Ein liten hakkespett (Flaggspett?) heldt meg med selskap på Breinakken. Flott utsikt over Sjøholt frå ein svært flatterande vinkel.

Turen til Hallvardsfjellet skulle vere ein enkel liten sak. I følge boka "På tur i Ørskog" skulle vi spare nesten 100 høgdemeter på å gå frå Visetsætra. 

Rett sæter, og vi trudde lenge at vi skulle på humpen bak stølshuset (t.v). Etter ein sjekk med boka og kompasset måtte vi snu 180 grader og gå på den andre humpen (t.h). Vi fann alle stimerka frå boka; foss, kraftlinje m.m. Men ikkje svarte om vi fann noko sti. Ikkje var det langt, og ikkje var det høgt. Men i stilaust vestlandsterreng fekk vi fort "myrfotar" og klokka gjekk. Lurefjell. Hellv.... fjell.

Ferdig med høgdemetrane og ferdig med myra. Ørskogfjella i panorama. Humøret steig. (Lauparen nr 2 frå venstre)

På toppen! Ut Storfjorden, Sandvikshornet i Sykkylven som markert topp til venstre. Sjøholt heilt til høgre. 

Innover Storfjorden, med øydegardane på Skotet til høgre

Hallvardsfjellet vart erobra med rå makt og viljestyrke. Her lønner det seg nok å gå andre vegen, på sti, og ta hundre høgdemeter ekstra. Vi fann litt bedre trakk på heimveg (same vegen pga bil), men framleis var det ikkje mykje å skryte av.

 
Ørnereir eller jaktbu? Er dette årets kulaste hjortejegarinstallasjon?

Ørskog er full av ukjende turperler. Her var det mange små, merkelege og festlege turar. Eg kjenner meg nesten lommekjent i Ørskog no. Ørskog IL har laga boka "På tur i Ørskog", og med unntak av stien på Hallvardsfjellet, stemte den veldig bra. Eg skal ha som mål å gå alle turane i boka på sikt, så det vert ikkje siste gong eg er på tur i Ørskog.   

TellTur Sula (14 kodar)
I fjor rakk eg ikkje over alle kodane på Sula fordi eg undervurderte Eltrane. Difor starta vi med den turen i år. Det vart ein fantastisk søndag over Sulafjellet, med flott utsikt heile vegen og 4 kodar i boks. Småfjella på Sula vart "tekne" innimellom. Dei er bevis på at små turar kan by på store opplevingar. Nokre av desse var og ei unnskyldning for å komme seg ut på dei grå ettermiddagene. På seinsommaren gjorde vi eit raid til, frå Langevågen over Vardane ut til Fiskarstrandhyttene og ned, og plukka med oss 5 kodar på vegen. Kjekk og lang kveldstur.
 
Med hjarte for turane på Sula - god merking og flotte turmål! På Vardane (t.h)

 Ålebyen frå kulturminneløypa på Kalvestad

Frå Blåfjell på Sula med Langevågsholmane og Ålebyen

Frå Svanshornet innover Storfjorden

Den mest magiske opplevinga på Sula i år var nok kveldsturen på Solevågsfjellet. Eg gjekk frå Langevågskrysset, og var heilt åleine i ein fantastisk urskog.


Skogstjern med vassliljer

Sukkertoppen i Ålesund frå HEILT ny vinkel

Vakker urskog med huldrestry

Stry i lange banar på alle slags tre. Sjeldan vare. 

På Leirvågfjellet - utsikt innover Hjørundfjorden
  
TellTur Ålesund (15 kodar)    
Det er mange små turar i Ålesund. Ein får sjå byen og Sukkertoppen frå eit utal vinklar. Eg skunda meg med så mange eg klarte før ferien. Artig å sjå korleis ting forandrar seg. Stiane vert tydelegare år for år, på godt og vondt. På Sukkertoppen er slitasjen (for) stor. På Holsfjellet er det ildsjeler som byggjer, grusar opp og drenerer sti, med slagordet "tørrskodd over Holsfjellet". Geitnausa, innerst og bortest på Emblemsfjellet stod att. Denne gjekk vi på ein grå og trist dag i fjor, med litt for lite klede og utan mat. Så eg hadde i utgangspunktet eit svært dårleg forhold til Geitnausa. I år la Beate og eg opp ein skikkeleg langtur: Eikenosen - Geitnausa- Vasstrandegga- Austreimssætra. Det vart ein av dei flottaste turane i år, på ein nydeleg septemberfredagskveld. Eg ser Emblemsfjellet med nye og langt meir positive auge etter denne turen!

Vasstrandegga
- høgaste punktet i Ålesund er her, sjølv om varden står i Skodje.

Sukkertoppen mot Godøya

Ålebyen frå Lerstadtoppen


Myklebusthornet på Ellingsøya

 
Bjønnalogen og Ålesund frå Geitnausa

Vasstrandegga - 2. gong

Mykje motivasjon i små klisterlappar... (og denne koden har no gått ut på dato altså..)

Utan Beate som fantastisk turfølgje på dei lengste og kjekkaste turane, hadde eg nok ikkje greid det i år. Trude har stilt opp som svært godt turfølgje på fleire turar, og nokre kveldar har eg drista meg ut heilt for meg sjølv.

Bra trim, naturopplevingar og litt konkurranse. God mix!

No står det att å sjå om friluftsrådet er betre på premiar enn på å telje. Det er vitterleg 47 kodar til saman. Eg veit, for eg har vore på alle. Det har Beate og! Den beste premien har eg i grunn allereie fått, med mange turar i flott natur og med topp selskap!

lørdag 28. september 2013

Frostadtind (807 moh)

25.09 September har vore så fin! Onsdag planla vi fjelltur rett etter jobb. Eg hadde lyst på Frostadtind (807 moh). Eg har aldri vore der, og den vert anbefalt som snill skitur. Det var difor på tide med rekognosering.

Etter litt om og men var det Ann-Kristin, Synnøve og eg som rakk turen. Vi parkerte ved bommen for å få maks trim. Grusveg til Høgsætra og sti vidare. I starten var stien våt, men etter ein liten kilometer vart det flott tørr sti på fine rabbar innover. Snill fjelltur var det såvisst, med lange slake bakkar. Perfekt ettermiddagstur.

Fantastisk fin varde på toppen

Eller...

Den eigentlege toppen var vist der borte.

Sjarmøretappa bort ryggen gjekk fort og greit. Ingen kan skulde oss for ikkje å ha vore på sjølvaste Frostatind. 

Vestover til varden og mot Ålebyen. Sukkertoppen der bak. 

Supert turfølgje! På SJØLVASTE toppen.

Dei ser kanskje søte og uskuldige ut, men skal seie desse jentene har fart i føtene. Så det vart skikkeleg trim for meg å henge på. Med ny energi, fulle av endorfinar og frisk luft var vi skjønt einige om at det hadde vore ein strålande tur!

 Frostadtind er høgaste toppen i Skodje kommune (HIKS). Meir info om turen på fjellinordvest.net  
Det vert skitur hit i løpet av vinteren.