Viser innlegg med etiketten Mildrid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mildrid. Vis alle innlegg

onsdag 18. august 2021

Delfinpadling - rett utanfor dørstokken!

 13.08  ...rett nok utanfor Mildrid sin dørstokk. Ho hadde observert ein delfin i området nokre dagar. Det freista å prøve å padle med han. Vi hadde fri og det var framleis varme i augustsola. Tovågen var som alltid reine idyllen, og det var kjekt å treffast. Pandemi og ymse utfordringar har lagt ein dempar på sosial omgang siste åra. Sterke i trua padla vi rundt heile fjordbassenget. Nerdeprat om kajakk og test av nye årer. Ingenting å sjå. Jaja. Fin dag i sola uansett. Vi snudde på heimveg, men DÅ såg vi ei svart finne i det fjerne! Delfinen hadde stått opp og var på fisketur! Lynkjapt for han rundt oss. Hit og dit. Hit og dit. Det var nesten umogleg å forstå kvar han kom til å dukke opp neste gong. 90 graders svingar, 360 graders vendingar, sideveis svøm og høge hopp! Her var det ikkje noko å seie på reportoaret eller framvisninga. Han var ikkje spesielt oppteken av oss, men vi fekk sjå han nær kajakkane nokre gonger. Stor oppleving!









mandag 8. juni 2020

Juninatt i naturen

5.-6. juni "Nettverk marin forsøpling Sunnmøre" inviterte til ryddedag i Ellingsøyfjorden. Det fann vi fort ut at burde kombinerast med hengekøyetur og padling. Nokon tok grunnkurs i padling i fjor og slik kompetanse må som kjente haldast ved like.

Det var ikkje så enkelt å parkere og legge ut som vi hadde tenkt - i alle fall ikkje der vi hadde tenkt. Om enn litt seine, så kom vi oss ut på fredagen og fann ein perfekt leirplass. Ved, tre til å henge køyene i, enkelt å gå på land - og faktisk på avtalt øy for rydding!

Det er noko med desse sommarkveldane. Eg får generelt lakenskrekk i juni, og panikk for å ikkje nytte kveldane fullt ut (og påfølgande søvnunderskot...). Sommarkveldane er så få, det er så fint å sitte utover i skumringa og heilt mørkt vert det ikkje. Og det er akkurat slik dei helst skal nytast. I godt lag og utan tidspress.

Endeleg på sjøen att!!


Rosa kveld. 

Evig blåtime (Foto Synnøve)

Vi hadde toppa laget denne kvelden, så det vart både nye historier, bursdagsfeiring og diktlesing ved bålet. 

Junikveld
Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen.
Og alt vi ser på har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.

Se – skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.

Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,
– det er som om noe haster …

Å, flytt deg nærmere inn til meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svinnende kort den stund
vi mennesker er sammen.
 Hans Børli

Foto: Synnøve

Det vart ei fin natt. God temperatur (tosifra!!) og ingen mygg. Eit par regndropar kom det, men det gjorde i grunn ikkje noko. 

Mildrid med proff-oppsett

Først rydda vi stranda "vår"

Idyll, men innimellom låg det plast og søppel. - og ein flaskepost! 

Denne strekninga vart rydda...

Fem sekkar, rør og diverse større greier. Mest isopor og gamal udefinerbar plast. 500 meter, fire personar, ein time.  

Deretter fann vi nettverksgjengen, drakk bålkaffi og rydda litt meir. Dei hadde funne ei forsøpla rekvik på vestsida, så det var dessverre nok å ta av.  Lauvblåsaren var med for utprøving. Det er mykje smuldra plast og småbitar - overalt. 

Kan den her brukast til noko lurt?

30-40 sekkar? 

Blanda kjensler. Mykje er rydda, mykje ligg framleis att. 

For å kome i kontakt med ryddenettverket, ta kontakt med Runde Miljøsenter eller Sunnmøre friluftsråd. 

Link til alle "Natt i naturen"-turane våre i 2020

mandag 29. oktober 2018

Herleg hausthelg med hengekøye og strandrydding

26.-27. oktober Endeleg ei helg med godver! Oktoberovernattinga skulle naglast, hengekøya til pers og heldige meg fekk med Mildrid som turfølgje. Vi hadde skumle planar om å båle, kose oss og rydde holmen for søppel. Rydding har vorte ei rein glede når vi kan alliere oss med "Plastfritt hav", og få sekkar og avtale om henting på eit blunk.

Kvar si lyst på fredagskvelden! 

Vi starta seint, og det var månelyst og opplett. Overraskande mykje båttrafikk , og vi var veldig forsiktige med kryssing av leia. Sjølv om vi har lys på oss og kajakkane, så er eg ikkje sikker på kor synlege vi er.  

Padlar i måneskinn

Stas å vere ute - stas å komme fram. Vi var effektive å sette opp camp, og heiv oss rett i desserten. 

Månelyset var så fint at det var nesten litt kjipt å legge seg. 

Soloppgang på eine sida og måne på den andre. 

Fantastisk å vakne opp i køya! 

Eg sovna frampå og vakna langt på dag. Luksusliv og helg!


Frost i bakken, men varme i sola. Fredagsmiddag vart det aldri, men laurdagsbrunch i sola var heilt greit!


Eg gjekk for ei meir optimistisk open løysing enn Mildrid, men begge var strålande nøgd med natta og søvnkvaliteten. 

Neste post på programmet var rydding

Søppel fann vi - både høgt og lavt. 

Gamle synder, nye synder og isopor i store mengder. 


Akkurat då det passa med ein pause kom det fleire padlarar forbi. Kaffidrikking og tyting er aldri feil.  

Roger og Kyrre får omvisning på basen.  

Kyrre med surfski. Det ser tøft ut. Eg er freista til å prøve det meir. 

Tilbake til ryddinga. Det vart ein aldeles nydeleg dag på holmen. 

Det er likevel ein bismak, når du veit at det ligg isopor under torva på omlag heile øya. 
Vi rydda 2 personar i ca 3 timar og fekk samla søppel på halve øya, ca 500 meter strandlinje. 


Det vart ein brukbar haug, dessverre.

Strandrydding kan anbefalast som aktivitet; du får vere ute i flott natur, det er bra for miljøet, god trim og gjev ettertanke. Det er meir som eit kinderegg! Om du held til på Sunnmøre, ta kontakt med Plastfritt Hav, om du treng info om ryddeaksjonar eller organisering av henting av avfall.     

Ryddekart

Padlinga t/r vart 10,5 km. På veg innover att hadde vi medstraum og sluddbyger, så vi fekk igrunn med oss det meste av ver på miniekspedisjonen! 

lørdag 28. juli 2018

Sydenstemning og sommarsurf i Hoddevika

27.-28. juli  - Venners venners treff i Hoddevika på dei heitaste sommardagane i 2018! Varmen var nesten ikkje til å halde ut, og gradestokken kraup opp til 30 i skuggen. Det var naudsynt med jamnleg bading, når vi ikkje padla. Eit uføresett luksusproblem der altså. Dagane gjekk med til akkurat nok surf, eit par bonus rulleworkshopar, måneskinnspadling, mingling med usedvanleg kjekke folk og grilling om kveldane. Utvalet av kajakkar var stort, og vi byttelånte utstyr på kryss og tvers heile helga. Det var artig å få prøve seg med ulike kombinasjonar av båt og åre. Bølgjene gav oss utfordringar uansett kva nivå vi var på, og meistringskjensla var på det jamne høg!

Klassisk velkomst til Hoddevika! (Foto: Audun)

Sydensommar og badeliv

Frå lettkledd sommarpadling til avansert grønnlandsrulling..

Kveldssol - og endeleg leveleg temperatur på stranda

Sommarferie og strandliv fungerar gullegodt! Godstemning i leiren. (Foto: Audun)

Det skulle vere blodmåne denne kvelden, og nokre av oss la optimistisk i veg ut i havet for å kikke. 


Fløyelshav
  
Stadhavet

Sjeldan å padle i shorts mot Stadhavet ved midnatt. Det vart ingen blodmåne på oss, det var for mykje fjell i vegen. Det gjorde i grunn ikkje så mykje. Då vi kom inn att i tussmørke var det små, men kjempeartige surfar inn mot stranda. Bonussurf!

Er det mogleg å få noko surf innover her då? 


Sjølv flatt hav byggjer surfebølgjer inn  mot stranda! Foto: Anne/Jørgen

Jørgen i farta I! (Foto: Anne/Jørgen)

 Jørgen i farta II! (Foto: Anne/Jørgen)

Det er stor skilnad på å hoppe av bølgja i tide, og å ikkje gjere det... Det vart både bading og rulling. (Foto: Anne/Jørgen)

PAUSE!! Ekstremt mykje fine kajakkar i venneflåten denne helga. 

Representative glis før siste surfeøkt

Bra folk - bra plass - bra hobby! 

Eg surfar inn i solnedgang (Foto: Anne/Jørgen)

Bygever og vind på veg inn. 

Det vart ei litt ruskete natt i telt siste natta. Så då var det greit å vakne til null bølgjer og null stress på søndagen. I alle fall for oss vestlendingane. 

Det er alltid triveleg å bu på Hoddevik strandcamp, nærare stranda kjem ein ikkje! Enkel standard og god service, reint og ryddig. Her er all slags folk frå badande småbarnsfamiliar til hippe surfefolk, utanlandske bubilturistar og oss kajakkpadlarane då sjølvsagt. 

Så då er det berre å vente på neste høve til Hoddevik-tur?