29.06.22 Vi la opp til eit skikkeleg kinderegg denne dagen, med både nye stølar, ny topp og overgangtur. Sommardagen var flott og turen vart lang, men verd kvar ein meter!
Her var det på det meste seks sel, og seterdrift fram til 1947.
29.06.22 Vi la opp til eit skikkeleg kinderegg denne dagen, med både nye stølar, ny topp og overgangtur. Sommardagen var flott og turen vart lang, men verd kvar ein meter!
27.02 Eg assosierer Svartløken med langrennsløyper og den mest spektakulære skøyteturen eg nokon gong har hatt. I sidesynet har eg fått med meg at det er hytter langs heile skiløypa, utan at eg har tenkt nærare på det. Etter ein grundig kikk på kartet så skjønnar ein kor mange ulike setrer det har vore i området. Om ein skrur på stølsblikket så ser ein spor etter gamle stølshus og seterdrift innimellom. Vi starta turen ved fjellstova på Ørskogfjellet, og gjekk runda på knappe to mil rundt Svartløkvatnet. Då passerte vi minst 7 setrer på vegen!
23.01 Vestlandsvinter er eit dårleg utgangspunkt for stølsutforsking. Storm og regn i januar ville ingen ende ta. Vi la difor i veg opp skogbilvegane ved Giskemosaga. I lia ovanfor skulle det fleire stølar innafor rekkevidde. Heldigvis var det køyrespor første stykket og ein person før oss hadde laga fotspor. Elles var det å trakke seg gjennom med snø frå anklane til knea.
Første post var Lisetsætra. Fine bygg og klart av nyara dato. Stien vidare til gamlestølen og Snaufjellet fekk ligge i fred - det var alt for mykje snø til å bakse seg oppover der til fots.
12.12.22 Vaksvikfjellet er eit flott utgangspunkt for ski- og fjellturar. Til liks med mange slike populære friluftsområde har det tidlegare vore aktiv stølsdrift i området. Infrastrukturen med vegar, parkeringsplassar og hytter har rot i lengre tradisjonar enn søndagsturen.
Eg har aldri gått langrennsløypene her før. Sidan det var lite snø og plussgradene pressa på frå aust, var berre delar av løypenettet køyrt opp av Lauparen IL - men desse var nypreppa og flotte. Det vart tur til Grytalisætra først og over mot Kjersemsetra etterkvart.