Viser innlegg med etiketten Sulafjellet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sulafjellet. Vis alle innlegg

onsdag 13. februar 2019

Solskinnsfri på Sulafjellet

5. februar. Blåblå himmel frå morgonen, og siste solskinnsdagen på vermeldinga så langt fram vi kunne sjå. Korta vart stokka for ein kort dag med solskinnsfri. Standardoppsett for fjellski var ikkje heilt på plass, men det vart likevel pakka i ein fei. Påskestemning sjølv om det berre var februar. Eg gjekk mesteparten av turen opp i berre skjorta. Sulafjellet er fantastisk. Utsikt over sjø og land, og passelege bakkar for fjellski. Denne dagen var det i tillegg puddersnø og herleg nedfart! Vi er heldige!
Minst like bra som kontorutsikta!

Sunnmøre altso...

Foto: Synnøve

Sulafjellet i all si prakt framom oss

Kortfellene mine satt godt opp til Rollonhytta, men eg hadde dårleg gli. Derifrå vart det berre ball. Dei datt av og krølla seg. Då hugsa eg at det same problemet i fjor... Det var ikkje mogleg å smøre godt feste i bakkane, og det vart ein kraftanstrengelse å komme seg opp. På ein slik fin dag går det ikkje an å verte sur, sjølv ikkje av bakglatte ski. 

Vardane!

Det er noko med å komme opp, sjølv om det er eit slit. Til vardane som står og ventar. 

Utsikt 360 grader

Vinterkledd padleparadis

Det var energi i sola!

Godt nøgde! 

Pudderfest ned att! 

Nye feller vart bestilt på veg heim. 


mandag 12. februar 2018

Arktisk fjellskitur på Vardane (777 moh)

5.februar 2018

Solskinnsfri frå 14.00 og ettermiddagstur. Vegen opp til Taustua var hardpakka og glatt. Vi gjekk difor på føtene dit opp, omkransa av furuskog, kvite fjell og låg vintersol.


Vi tok brødskiva ved Rollonhytta, med litt livd for den iskalde vinden, og tok på oss to jakker/dunskjørt/vindtett lue før vi for vidare. 

Varsel om solnedgang


Arktisk drag.

Sunnmøre i vinterpastell

Siste strimar av solnedgangen på toppen. 

(Kondis kom til meg! Det var skikkeleg seigt oppover)

Arktisk nok på 62 grader nord.. (Foto Synnøve)

Mot nord, Ålesund og Giske



Monsterlykta på hovudet og god plog på dårleg føre.. (Foto: Synnøve)

Synnøve sin endomondo. 

lørdag 15. februar 2014

På jakt etter fullmånen

Fredag 14.02. Med reising og styr i veka vart det først lyktetur på fredag. Dagen før fullmåne, og vi var overtydde om at det ville vere fint å gå utover Eltrane i bleikkvitt månelys. Vi var ikkje før komne ut av bilen før dei første dropane traff oss. Uvant og sjokkerande! Kvar kjem dette i frå? Vind og skyer gjorde at vi degraderte måneskinnsturen til trim, og tok det derifrå.

Fritt val frå Langevågen

Roar og Synnøve var vande med å ta beinvegen (det vil seie RETT OPP) til Vonhytta, så da var det berre å henge på. Eit lite strategimøte der, og ruta vidare vart lagt til Vardane på grunn av vinden.  

Iskald vind på toppen - men vi tok likevel 10 minutt med teambilde, drikke og KRANSEKAKE! Kjekt når folk har med overraskingar på tur. Trim oppgradert til fjelltur att!

Teambilde på Vardane (776 moh)

Ei rype eller to gav lyd frå seg i lia. Det var flott utsikt over Sunnmøre frå toppen. Månen og skyene leika seg i lag, så horisonten veksla i dramatisk lys og formasjonar. Tema i "Synnøve Lundes uteskole" denne kvelden vart test av broddar. Bybroddar versus "Snowline chainsen". Turdeltakarar som vel å lagre "chainsen" i Østerdalen må fint finne seg i å teste bybroddar. Samtlege kom seg ned i god stil, så det var ikkje kritisk.  

 
Bybroddane hjalp litt...

 "Snowline chainsen" var heilt geniale.

 Broddane var kjøpt i fjor, men eg har ikkje brukt dei før. Ikkje heilt det same som stegjarn, men dei sat som blegg oppover (og nedover) snøen. Eg testa dei på litt blank is på myra, og broddane sat som eit skot der og. Geniale. Dei tek liten plass i sekken og er enkle å få av og på. 

Den siste halvtimen fekk vi stadige glimt av ein flott og rund måne. Innimellom kunne vi skru av lyktene. Draumen om måneskinnstur vart delvis oppfylt, men jakta på den perfekte måneskinnskvelden held fram.  Super tur i godt lag på fredagskvelden! God start på helga. 

Typisk nok: Etter at eg kom heim, då vart det skikkeleg månelyst! Timing er vanskeleg.

Frå verandaen på Valderøya kring midtnatt....

Vi brukte akkurat tre timar totalt på turen. 

mandag 17. juni 2013

Eltrane

Kodekøyret er i gang. Sula har mange flott turmål, og vi har sikla på Eltrane ei stund. Det har vore som å komme seg til verdas ende, men laurdag 15. juni klaffa alt.

Frå skogsbilveg til merka sti. T for tur. Første kode registrert på Taustua.

Over Storfjorden mot Jønshornet og Kolåstind

Mot nord har vi full oversikt over Ålesund og øyane

Vardane! Høgaste punkt for dagen (776 moh) og topp nr 1. Stor utsikt. Alltid. Ein favorittutsiktstopp dette.

Bort stien, ned til høgre kant, finn koden på Grøthornet, deretter utover langs høgre kant til det ikkje er meir..

Topp nr 2. #Huheikordetgår

Vi vandrar med freidig mot.. I eit herleg lettgått terreng.

Stor horisont. Prærien, berre at vi høyrer suset frå havet.

.. og med desse kule taggerekkene stikkande opp, så er det ikkje prærien likevel.

Etter ein times marsj i god fart var der ikkje meir. Det vil seie, det var akkurat det vi trengte. Livd, utsikt, ny kode. Sola varma. Matpakke del 2.

Eltrane! Endeleg!

På kartet var det like god sti vidare. Vi skulle runde Sulalandet på sørsida oppe på høgda og gå ned på Sulabakken. Piece of cake.  

Flott utsikt mot Hareidlandet. Varmt og fint. Ingen sti.

Det finst knapt større glede enn å finne ein bekk... når ein er tom for vatn.

Bekken gjorde det og klinkande klart for oss kor vi var på kartet. Det gjekk ikkje akkurat med lynfart. Det vart meir og meir lyng og einer. Og det var ikkje snurten av ein sti nokon plass. Vi ville ha trim - og det fekk vi! Den glade vandrar vart i periodar "den gale vandrar".
  
Alt det her har vi gått på kryss og tvers utan å finne snurten av ein sti. Imponerande, om eg skal seie det sjølv. Det grøne er forresten einer. Meterhøg. Nokre prikkar borti bakken der er murane etter utløene som høyrte til Sulabakken. 

Vi gav aldri opp. Og gjekk oss rett på den godt merkte DNT-stien som følgjer den gamle stølsvegen til Sulabakken. Ikkje kvar dag ein sti vekkjer slik begeistring.

Seterveg og sommarskog. Idyll i grønt. 

Sulabakken.

Beate si tante var av dei siste som budde her, så vi hadde nøkkel og fekk sjå oss i kring både inne og ute. Fasinerande. Veglaust og fråflytt, men med ei utsikt som kan ta pusten frå deg. Historiene om slit og hardt arbeid får innhald. Nabogarden her oppe var med i "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"-serien. 

Fantastisk tur med fantastisk turfølgje. Beate har godt humør og mykje kunnskap om eine og hitt - det er ekstra stas å lære noko nytt og få med seg litt lokalhistorie undervegs.

Sula på langs!

Heile 18 km - 4 nye kodar - og nesten 70000 skritt på dytt.no som vi er med på for tida.
Om du skal gjere denne turen trur eg det er mykje lettare å gå høgda over Langerabben tilbake enn å gå i kanten slik vi gjorde. I etterpåklokskapen sitt teikn.

Desse kodane er turmål i TellTur-satsinga til Friluftsrådet i Ålesund og omegn.

torsdag 1. november 2012

Turmålpostar Sula 2012

Feilberekning. Totalt. Eg har ikkje gått alle turmålpostane på Sula i år. Sidan årsaka er at eg har vore travelt oppteken med andre turar så får det passere. Mange flotte turar og gode minne vart det likevel i løpet av sesongen. Sosial trim på nye stiar har vore høgdepunkt på sommarkvardagane.

Leirvågfjellet på Sula, mot Langevågen, Sukkertoppen og Godøya.

Sidan mange av desse turane er korte, så har vi innført begrep som "dobbel" og "trippel".
Vestlandet er praktisk med at det i store trekk er ei årstid. Vår, sommar og haust 2012 var igrunn 13 grader og overskya. Goretex med ull under funkar difor så og seie alltid.  

Trollet ved Mauseidvatnet (til høgre).


Vonhytta og nordover

Varden på Blåfjell. Meg og Beate

Det er overraskande fint på Sula. Variert natur og godt tilrettelagt for friluftsliv. Ein kveld var vi 4 stk på tur og "tok" faktisk 4 postar: Taustua, Vardane, Svanshornet og Fiskarstrandhyttene. Ein kvadruppel.

Skikkelege vardar på Vardane!

Juhuuuu!!! Trippeljump på Sula.

 Frå Vardane nedover mot Svanshornet (ryggen på midten). Fint terreng. Lett å gå. Svartestille og knott. Så mykje knott at det verken vart bilde eller kartsjekking.

Fiskarstrandhyttene

Kilometervis strandvandring proppa med kulturminne utover mot Kalvestad

Kristine demonstrerer storleiken på vikinglanghusruinane - Kalvestad

Haustfargar

Vinterarbeidstid, mørke kveldar. Det er snart slutt på tida då ein rekk ein fjelltur etter jobb. Det er ikkje fleire søndagar att til å gå på Eltrane.

Anne Marte og eg tek eit siste raid på Sula. Postane på Gjølevatnet og Vassetvatnet vert erobra med våte sko, full vanntettmundur og hovudlykt i reserve (ein mørk og regnfull kveld). Oktober er slutt. Sesongen er slutt. Denne sesongen i alle fall.

- Har du ski? spør eg Anne Marte. -Jepp, svarar ho. -Nedoverski og bortoverski!