Viser innlegg med etiketten Hovudlykt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hovudlykt. Vis alle innlegg

tirsdag 9. januar 2018

Fjellskitur til Frostadtind (801/807 moh)

8.januar

Eg har gledd meg i lang tid til lykteturar på ettermiddagane. Endeleg var vi i posisjon!

Snap frå Synnøve - som også stilte med ferdig middag rett etter jobb! 

Pust og pes. Eg fekk fullstendig blodsukkerskjelv i starten på turen, men det kom seg. (Foto Synnøve)

Eg gjekk med kortfell heile vegen. Vi gjekk etter eit ekstremt godt lagt trugespor og kom etterkvart opp på det som vi trudde var høgaste toppen. Her stod det ein diger varde, som eg ikkje kunne hugse frå sist vi var her. Og varden minna mistenkeleg om den som står på Stortinden (801 moh) Enten er det fleire vardar her, eller så er vi fullstendig forvirra på kvar vi har vore når...

 
Toppen! 

Sesongopning fjellski - sjekk! 

Herifrå gjekk det berre ein veg. Begge sine "monsterlykter" vart sett ut av spel (gløymt batteri + teknisk svikt). Føret var elendig. Vi ploga ned halve vegen på NESTEN gjennomslagsføre og nesten utan lys. Det gjekk stort sett greit å halde seg på overflata om ein var veldig forsiktig. Siste halvdel var det skikkeleg kram snø og gjennomslag. God trim på lårmusklane. 
Mykje læring. Behov for oppgradering på lys-fronten. 

Konklusjon: Sesongen er i gang - form og føre kan berre verte betre! 

11,25 km t/r og ca 550 høgdemeter i følge endomondo. 

fredag 5. januar 2018

Sukkertoppen - sesongopning med Synnøve Lundes uteskule

5. januar Proppfulle av julemat og nyttårsforsett heiv vi oss avgarde rett etter jobb. Magisk blåtime over Ålebyen. Broddar var eit must på den tjukke ishella i stien. Stjerna lyste så fint over byen og det var som vanleg eit nydeleg rundskue i frå toppen. Tursesongen 2018 er med dette offisielt opna! Returen gjekk vi ryggen heilt ut til rundkøyringa, og der var det potensiale for både det eine og det andre utover våren.

Blåtimen over Ålebyen

Stjerna lyser på åskammen

Flott utsikt over byen frå "medalja si bakside". 

Retur ned ryggen. 
Totalt 5 km og 200 høgdemeter.  

onsdag 20. januar 2016

Månelyst på Hoven (368 moh)

19.01 Motivert for tur i kveld? SMS-en tikkar inn etter lunsj. Eg er alltid motivert for tur! Litt puddersnø, mange minusgrader, blå nattehimmel, stjerneklart. Det låg an til ein flott kveldstur.

Vi sette kursen mot Hov og golfbanen og gjekk opp derifrå. Kjekt med kjentfolk som veit vegen, og veldig kjekt med ein kveldstur att. Det var så sterkt måneskin at vi aldri skrudde på lyktene som vi hadde med.

Eventyrleg på toppen!

 

Vinje by night
 
Hoven er landemerke, og toppen er ein grei tur med eit imponerande rundskue!! Hit skal eg att med sovepose til sommaren og få med meg både solnedgang og soloppgang. Dessutan må eg kanskje opp att i vinter - om det vert ein flammande nordlyskveld.

onsdag 4. februar 2015

Fløyelsføre på Frostadtind

03.02 Vi prøvar igjen! Snøen lava tung og våt i byen. Tunellen var stengt så eg kom meg ikkje avgarde til rett tid. Typisk for desse kveldsturane våre.. 0-føre og griseglatt innover til Engesetdalen.

Lett snøver og laus snø frå parkeringa. Nokon hadde gått her tidlegare på ettermiddagen. Det var vi glade for. Fellene sat som eit skot. Verda var vakker. Månen kikka fram mellom bygene. Trea luta seg av snømengdene.

Nesten oppe stoppa spora. Det var opplet, og vi såg ein rygg. Kompasset peika vidare ved sidan av ryggen. Litt i tvil gjekk vi opp der vi såg, og kom på sjølvaste toppen av Frostadtind. Sjølvaste toppen ligg inne på ryggen, er 807 moh og markert med ein minivardesteinhaug.

Vi hadde gått forbi hovedvarden då vi kikka på kompasset gitt.

Nedover var det fløyelsføre!15 cm med laus snø/tungt pudder. Det var berre å stå! Ikkje noko lugging, passeleg brems i snøen, lett å svinge! Herleg! Superherleg!  Vi møtte ein kar på veg opp, og vips  var vi nede. Eg kjende meg nesten litt snytt. Var det ikkje meir bakkar enn dette? Vi møtte fleire små vettskremte spissmus i skispora på veg ned. Kva no dei skulle ute om kvelden.

Eg trur aldri eg har vore på skitur med betre føre nokon gong. Det var berre heilt fantastisk. Vi er heldige som har moglegheiten til å berre stikke på slike kveldsturar!!



Avgang 19.30
Toppen 21.00
Attende i bilen 21.40


lørdag 31. januar 2015

Fredagskveld med fjellskitur på Frostadtind

30.01 Lang veke i Oslo. Eg landa på Vigra 18.30 og møtte Synnøve og Roar i Engesetdalen klokka 20.00. Det gjeld å ha ein avtale. Då kjem ein seg ut.

Dette var min aller første kveldstur med hovudlykt og fjellski. Sjølv om det var overskya var det ganske lyse skyar på grunn av månen bak. Snødekte åsar og ryggar var tydelege. Det var ikkje vanskeleg å orientere seg (Synnøve og eg hadde dessutan rekognosert i forrige veke). Hardt og greit, og eg kom meg opp på kortfellar (med berre litt banning i brattaste kneika).

Bevis! Ved varden på Frostadtinden (801 moh)

Nedover var det berre lekkert. Monsterlykta gav godt lys, og føret var upåklageleg. Det var passeleg bratte bakkar. Eg var nervøs og spente meg litt, men det var eigentleg ikkje noko grunn til det. Jamnt hardt, og litt styresnø på toppen. Dei siste to hundre høgdemetrane var det skare og flust med gamle skispor, og ganske ruglete. Mjølkesyre i låra. 

Frostadtinden. Ca 9 km t/r,  ca 550 høgdemeter. 

Hit vert det fleire turar! Perfekt kveldstur!

torsdag 6. november 2014

Trolltinden (1170 moh)

5. november. Det har vore ein litt slakk haust på meg, og det tærer både på fysikken og psyken. Det går ikkje i lengda, så no var tida inne for å ta grep. Kanonfine meldingar. Her må det avspaserast (etter lunsj) og bli nokre timar i sol og dagslys.

Synnøve var med, og vi hadde sikta oss inn på ein topp på Ørskogfjellet. Her har vi begge køyrt forbi ca 1000 gonger og tenkt at vi; "skulle ha vore på den der, gitt".

Trolltinden er den høgaste. Markert landemerke på Ørskogfjellet. 

Grusveg til Skitnesetra. Fint med oppvarming før det bar rett ut i myra. Slike slake lier med myr og lyng sug krefter. Eg syns det gjekk seint med meg, men vi seig no oppover mot Egga.  

Opp i venstre kant og heile ryggen bortover. Det var planen. 

Nydeleg med sol og dagslys. Eg fekk i grunn meir energi enn eg brukte oppover, sjølv om beina var tunge. Det var som å sette seg sjølv på lading. 

Lekkert haustlandskap

Topp nr 1: Middagsfjellet (848 moh). Flott utsikt!

No har vi i alle fall landa ein topp! To store glis. Begge var usikre på om vi rakk hovedtoppen. Klokka gjekk veldig fort. 

Haramsfjella fra ny vinkel med Blåskjerdingen midt i smørauget.

Tomrefjorden og Midsund (Otterøya) bak. 

Det var lett å gå i høgda, og snart såg vi varden på topp 2: Sandfjellet (903 moh). 
Trolltinden kom fort nærare. Den ER innan rekkevidde? Eller?

Vidare over egga måtte vi først ned ca 150 høgdemeter  før siste ryggen. 

Egga var kjempefin. Snø og is gjorde det litt ekstra spennande. 

Ned egga (Foto: Synnøve)

Blåne mot blåne

Novembersol i lyngen. Det såg nesten ut som ildtustar bortetter. 

Vi var innafor tidsmessig, og la i veg opp mot det store målet for dagen. Vi såg at vi kunne komme oss ned frå skaret til hovudvegen, og sleppe å gå egga tilbake i mørkret. Då vart det eit heilt anna reknestykke med tida. Den siste motbakken var akkurat så seig som den såg ut til. Ur og bratt. Brattare enn ein trur, Ikkje ser ein toppen, berre nye steinar og meir motbakke. Halde seg i gang, men ikkje få mjølkesyrestopp. Mental trening. Det gjer godt. Sjølv lav raud haustsol gjev krefter. Eg kjende "batteria" fylle seg opp.  

Steinbu før toppen. Grei nødbu det her. 

Arktisk. Iskaldt. Snøkrystallar og winterwonderland på toppen. 

På med stilongs, dunjakke, vottar, ekstra buff. 

Sjarmøretappa! Jammen klarte vi det ikkje! HERLEG! Iskaldt, men herleg! 

-FOR ein dag!!! Vi seier det i kor og vi seier det gong på gong. - Dette trur eg motvirkar vinterdepresjon resten av året, seier Synnøve. Eg kunne ikkje vore meir einig. 

Månen stig over Moldefjorden medan dei siste solstreifa sleikar over Ytstetinden. 

Høg wow-faktor. Her var det berre å suge inn lys og utsikt! Kulda beit, og det var ikkje aktuelt å vere på toppen særleg lenge. Minusgrader og god bris. Samstundes så må det nytast, så lenge ein kan. 

Solnegang fra toppen

Solnedgang frå toppen er både god og dårleg berekning. Vi la fort i veg nedover, og kom ned til skaret før det var mørkt. Heile lia var full av ryper, og dei var ikkje akkurat redde. 

Rype med vinterdrakt. 

Det vart mørkt, og vi rigga oss til: ete niste, justere påkledning og finne fram hovudlyktene. Det gjekk strålande å ta seg ned frå skaret, og vi fann ein grei trasè ned til Bakkesetra. Litt vått, og ingen sti, men heilt uproblematisk å komme seg ned. Månen var nesten full, og hadde det vore heilt snødekt kunne vi sikkert gått utan lys. I lyset frå lyktene blinka det i rimfrost og den gode vinterstemninga sette seg i heile skrotten. 

Kart over turen. 
Dei siste 2-3 kilometrane opp til bilen langs hovedvegen på Ørskogfjellet var det minst artige. Mykje tungtrafikk. 
Flott runde som kan anbefalast! Totalt vart det ca 13 km og ca 1000 høgdemeter opp og ned.  

Standardutrustninga i sekken skal supplerast med: Broddar, refleksvest, tynn vindsekk og god støttebandasje. No er lyktesesongen 14/15 i gong!

lørdag 15. februar 2014

På jakt etter fullmånen

Fredag 14.02. Med reising og styr i veka vart det først lyktetur på fredag. Dagen før fullmåne, og vi var overtydde om at det ville vere fint å gå utover Eltrane i bleikkvitt månelys. Vi var ikkje før komne ut av bilen før dei første dropane traff oss. Uvant og sjokkerande! Kvar kjem dette i frå? Vind og skyer gjorde at vi degraderte måneskinnsturen til trim, og tok det derifrå.

Fritt val frå Langevågen

Roar og Synnøve var vande med å ta beinvegen (det vil seie RETT OPP) til Vonhytta, så da var det berre å henge på. Eit lite strategimøte der, og ruta vidare vart lagt til Vardane på grunn av vinden.  

Iskald vind på toppen - men vi tok likevel 10 minutt med teambilde, drikke og KRANSEKAKE! Kjekt når folk har med overraskingar på tur. Trim oppgradert til fjelltur att!

Teambilde på Vardane (776 moh)

Ei rype eller to gav lyd frå seg i lia. Det var flott utsikt over Sunnmøre frå toppen. Månen og skyene leika seg i lag, så horisonten veksla i dramatisk lys og formasjonar. Tema i "Synnøve Lundes uteskole" denne kvelden vart test av broddar. Bybroddar versus "Snowline chainsen". Turdeltakarar som vel å lagre "chainsen" i Østerdalen må fint finne seg i å teste bybroddar. Samtlege kom seg ned i god stil, så det var ikkje kritisk.  

 
Bybroddane hjalp litt...

 "Snowline chainsen" var heilt geniale.

 Broddane var kjøpt i fjor, men eg har ikkje brukt dei før. Ikkje heilt det same som stegjarn, men dei sat som blegg oppover (og nedover) snøen. Eg testa dei på litt blank is på myra, og broddane sat som eit skot der og. Geniale. Dei tek liten plass i sekken og er enkle å få av og på. 

Den siste halvtimen fekk vi stadige glimt av ein flott og rund måne. Innimellom kunne vi skru av lyktene. Draumen om måneskinnstur vart delvis oppfylt, men jakta på den perfekte måneskinnskvelden held fram.  Super tur i godt lag på fredagskvelden! God start på helga. 

Typisk nok: Etter at eg kom heim, då vart det skikkeleg månelyst! Timing er vanskeleg.

Frå verandaen på Valderøya kring midtnatt....

Vi brukte akkurat tre timar totalt på turen. 

onsdag 5. februar 2014

Festøykollen (911 moh)

Tirsdag 4.2. Ny kveldstur. Fleire venner og kjente hadde vore på Festøykollen i løpet av helga, så dit ville vi og. Tøffe i trynet. Litt mindre tøffe utpå dagen då asfalten i Ålesund vart våt. Slikt har vi ikkje sett på vekesvis. Kva er dette? REGNAR DET? 17.45 var troppen likevel samla for felles ferjetur Solevågen - Festøya.

Turen startar på god sti som vert ganske bratt ganske fort i ein veldig tett granskog. Litt mindre sjarmerande enn eventyrskogen på Grødet. "Sinsenkrysset" der vi tek til venstre mot Festøykollen. Til høgre ligg Rametind og  Jønshornet.

Bygdene her er på kant med Statens kartverk når det kjem til stadnamn. Vi tilflyttarar går på Festøykollen og er godt nøgd med det. Dei fleste har eit forhold til ferja og tykkjer det er logisk. Dei lokale går på Romestrandhornet, kosar seg med det og ristar sikkert litt på hovudet av kartverket og innflyttarar og slikt. 

Siste bakken og det meste av snøen som vi såg på heile turen totalt.

På myra ovanfor Gamlestøylen kvapp vi skikkeleg nokre gonger. Stilt og øyde, berre eige trakk og lett turprating om alt og ingenting. Men brått kom det oransje par med auge som dansa i utkanten av lyktelyset. Skikkeleg skummelt. Vi tippa at augene hadde fire bein og tilhøyrde hjortefamilien, men det var uråd å sjå. Berre desse tomme oransje refleksane som kom og gjekk i utkanten av lysa våre. 

Månen var ein smal sigd, og skyene kom og gjekk. Innimellom fekk vi såvidt siluettane av Svinetind og Jønshornet som lysare skuggar i horisonten. 

JUHUUUUU!! 

Eg var skikkeleg fornøgd med å komme meg på toppen!
For det første hadde eg ikkje trudd at Festøykollen var eit typisk kveldstur-i-mørket-fjell, så det var litt kult å vere her i mørket. For det andre verka det som om kondisen hadde blitt eit par prosent betre sidan sist, så turen opp gjekk litt lettare enn dei andre kveldane. For det tredje var det vindstille og sopass leveleg at det gjekk an å vere på toppen i 5 minutt utan å fryse spent i hjel. 

Prosjekt TEAMBILDE vart iverksett. Flott rundskue mot Ålebyen, Sula, Storfjorden, Hareid, og vi visste at mørket på andre sida inneheldt lag på lag med Sunnmørsalpar. 

Teambilde 1 -gal hund lagar krøll i rekkene..

Teambilde 2 
- slik ja - tøffare enn toget på topptur på tirsdagkvelden! 

Vi hadde diskutert litt kva som eigentleg var tema på "Synnøve Lundes Uteskole" denne kvelden. Det låg an til navigering etter stjernene, men etterkvart så skya det sopass til at det vart dårleg med stjerner. Like greit. Det vi lærte litt om var hovudlykter, lading og batterikapasitet. Ei av lyktene gjekk tom, og reservelykta viste seg og å ha veldig dårleg batteri. Superlyktene våre gjev godt lys, men om ein har dei på høgaste lysstyrke (1600 Lumen. Berre seier det...nesten dagslys) går batteriet fort ut. No gjekk det heilt greit å dele på lyset frå dei tre lyktene vi hadde. Alle kom seg heile og blide ned att. Fleire reservelykter og "sjekk batteriet til neste gong" er vel eit triks vi tek med oss.

Gamlestøylen på retur.

Birthe hadde "Runkeeper" på, og 7,65 km seinare stod vi ved bilen att. Total tid 3 timar og 13 minutt. Dustedingsen påstod at vi hadde forbrent 442 kaloriar på turen, men DET trudde vi ikkje mykje på. Vi fekk no "ny topp på lista" for 3 av oss og trimmen denne kvelden. I dagslys og på søndagstur treng ein nok mykje lengre tid på denne turen, for eg trur det er veldig fin utsikt. 

Vi velta oss inn i Gunhild sin Volvo, og sank ned i seta. Ahhh.... Stanken som velta mot oss var kvalmande og Caro fekk stygge blikk og grove skuldingar retta mot seg. Kva er det han har ete no? Og korleis har det komme ut att?? Etter ein sjekk på ferjeleiet viste det seg at hunden var heilt uskuldig.....

Sjåføren derimot...

Meir lærdom: Det er lett å trakke borti ting i mørket, men LUKTA kjem du deg ikkje frå...
Håpar skoa vert brukande att etter spyling og vask. Caro er frikjent og har fått høglydte orsakingar. 

Takk for ein fantastisk tur!

Arkivfoto frå april 2012 - Festøykollen sett frå ferja. 
Jønshornet (eller Randers?) stikk opp bak.

tirsdag 28. januar 2014

Grødet (684 moh)

Tirsdag 28.01. Stjerneklart. Friskt. Fint. Nytt fjell (for meg i alle fall). Hovudlykt-mafiaen la i veg mot Vatne og Grødet. Det var ikkje heilt enkelt å finne vegen gjennom byggefeltet. Det er nokre hus på Vatne. Ikkje reint få faktisk. I mørket er no det eine byggefeltet mykje likt det andre. Heldigvis er vi betre på å navigere i terrenget enn i byggefelt.
Dagens teambilde!

Ettersom Synnøve var med, så vart kveldsøkta straks å sjå på som grunnkurs "Nattnavigering" i "Synnøve Lundes uteskole"

I Haram må dei ha grueleg flinke folk til å merke stiar. Perfekt plasserte trepinnar, ca ein halv meter høge, markerte stien godt nok til at vi fann fram. Vi tok runden over heile fjellet, og det var ein skikkeleg fin tur. Her vil eg gjerne oppatt i dagslys. Hovsetsætra såg til å ligge vannvittig fint til med utsikt i øyane og havet. Stien ned derifra var skikkeleg koseleg gjennom kronglete gammalskog. Litt bratt, men artig.  

På toppen - 684 moh. Smal og høg varde på Grødet.

Ned gjennom eventyrskogen

Det er så godt å komme seg ut om kveldane, sjølv om det er mørkt. Eg er veldig glad for å ha kjekt turfølgje som vert med på nye og dels ukjende stiar med godt humør. 

Fin runde - egna kveldstur med lykt. 
Ca 600 høgdemeter kvar veg, og 6,5 km rundt.

Grødet sett frå Breivika tidlegare på dagen

Turskildringar finst på fleire av fjellturnettsidene, min favoritt blant dei er