Viser innlegg med etiketten 2013. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 2013. Vis alle innlegg

fredag 27. desember 2013

Prosjekt telting - oppsummering

Kajakken åpnar nye dører. Brått er det ikkje vanskeleg å få med seg utstyr til ein overnattingstur. Vi hadde vore på nokre turar då Nina lanserte ideen om "Prosjekt telting" i august 2012. Målet var å ha minimum ei overnatting i telt kvar månad gjennom eit heilt år.

Oppvarmingsteltturar:

2010 - September - Tviberg
Dette var berre ei så kanonfin helg i telt, at vi fekk meirsmak. Padling, fjelltur og bading i nydeleg septembervær. Hurtigruta kom durande forbi på morgonkvisten, hjorten fekk bortimot hjerteinfarkt av oss i lia og Kjell kom padlande ut med kaffi. At det var så heftig vind laurdagen at vi berre såvidt kom oss over til Tviberg har eg nesten gløymt...

Tviberg - vest. Flott teltplass.

2011 - Juni - Aralden (Nina og eg)
Test og gjennomgang før ASKR. Padling og telting i gråvær. Fulle av sjølvtillit! Telting og padling går som ein leik!

2011 - Juli/august - Arctic Sea Kayak Race - ASKR- Lofoten (Nina og eg)
Padletreff med store bokstavar. Dagesvis i telt og på tur. Kjekke folk. Flott natur. Vi var solgt. Eigentleg skulle vi bu på hytte og hotell resten av ferien. Vi telta oss sørover. 14 dagar i kanonvær (stort sett). Hotell i Trondheim vart nedtur. 
ASKR! Gaukværøy. Sommarferie! Padleferie! Vi var hekta. Etter denne morgonen her var vi på telt- og Nord-Norge-køyret.

2012 - Januar. Eg går amok på januarsal. Nytt telt. Exped Orion. Testa på dagstur i Ellingsøyfjorden med Susan. Fantastisk fin vinterpadlesøndag, og hu og hei for eit fint telt!

Eit rom med utsikt.. Sitrande spenning og forventning! Nye teltturar?

2012 - Mai - Flora (Nina og eg)
Magnus og Lars kom sørfrå. Nina og eg hang på. I alle fall eit lite stykke. Kjekt å treffe padlarar frå andre plassar. Kort vart langt nok, og første camp var i Staveneset.
 
Teltleir i Staveneset med "Norge-på-langs-nordkaperne"

Hoppa av "Norge på langs". Eit rom med utsikt på Tansøy. Frost om natta og 10 m/s nordavind. Iskaldt. Kaldasta natta vi har hatt i telt.  

Skorpa. Vi har lært eit og anna om å sette opp telt i livd. Betydeleg varmare, høgare komfortfaktor og betre søvn. Vaknar til knallvær og to døgn med strabasar er gløymt på ein blunk. Sjarmøretappe om Stabben fyr heim. 

 2012 - Juni - Ellingsøyfjorden (Sygni og eg)
Morgonstund ved Ellingsøyfjorden. Klart det freistar med MEIR etter slike dagar. Frukost i t-skjorte..  


Prosjekt telting:

2012 Juli - Alden (Nina og meg)
To dagar telting i Alden. Nydeleg vær. Tur på toppen, rundt Alden, i Håsteinen og på Stauren på Tviberg. Nina imponerar med bålbrenning.

Magisk i Alden

Her vart prosjekt telting født: 
 - Du, seier Nina. Hmmm, ja? seier eg. - Vi skal ikkje ta å telte gjennom eit heilt år då? Nina gløttar bort på meg. -Sånn til dømes minst ein gong i månaden? 
Eg tykkjer sjølvsagt det er ein aldeles strålande idè - og vi er i gang!
(det var ei lita utfordring at mine augusthelger allereie var brukt opp, men formell start i september gjekk fint!)

2012 September - Selje
Trude, Sygni, Nina og eg. I same telt. To netter. Flott tur, med mykje læring. Historiske Selja, klostervandring og besøk på Ulvesund fyr. Vi får med oss forskjelleg. Læring: Gass held ikke når det vert kaldt, påfølgjande kjøp av bensinbrennar.

 Klosterøya Selja dag 1- Sygni sitt Svalbard -telt.

 Søndagsmorgon på Venøya - dag 2
   
2012 Oktober - Tviberg (Nina og eg)
Tviberg er ei fantastisk øy. Nok ein gong. Turen ut gjekk om Geita fyr. Turen heim var prega av motvind, og vart lang. Men det takla vi.

Oktobermorgon på Tviberg

2012 November - Borgarøya (Nina og eg)
Kort, men lærerik tur. Det vart lang ettermiddag og kaldt. På grunn av at vi budde på eit museum, og at det bles kuling så vart det ikkje tent opp bål. Vi tok ikkje sjansen på å sette heile kajakkmiljøet på Ytre-Søre-Sunnmøre i vanry med å brenne ned ein herregard... Læring: Tresesesongssoveposar dug ikkje om vinteren sjølv med jervenduk. Påfølgjande investering i vintersoveposar på begge deltakarar.  

Herregardstelting i Ulstein

2012 Desember - Hagetelting på Skarset
Desemberteltinga vart kritisk. Både Nina og eg hadde dødsfall i nær familie i adventstida, og friluftsliv var ikkje prioritert. I romjula vart vermeldingane kjempedårlege. Det er NO eller aldri - ut i kvar vår hage - få det unnagjort! Venner, familie og naboar rista på hovudet... Læring: 8"-spikar er svært gode teltpluggar når det er frost, og dei har vore med på tur sidan.

Nina med verandatelting (t.v) og eg på plena på Skarset (t.h)

2013 Januar - Hjørundfjorden (Nina og eg)
Korte dagar og skikkeleg vinter. Vi har lært. Satsar på Hjørundfjorden, med kort padling og potensiell teltplass med rikeleg med ved. Vi endar på Strandabøen, har ein strålande kveld der, og taklar -10 kalde. Monstersoveposen var verdt kvar ei krone! God natts søvn når ein held varmen. Meir læring om kva mat som frys først og sist.  

Barfrost i Hjørundfjorden. Dei som ligg lenge får nyte vintersola!

2013 Februar - Smelvær (Nina og eg)
Nytt raid i Askvoll. Smelværet må "teltast inn". Vi har flaks med været, og treff på den flottaste vinterhelga. Kaldt, klårt, sol og HEILT vindstille. Alt går på skinner. Magiske opplevingar. Solnedgangar og havblikk som er ubeskriveleg. Dette er kanskje den aller flottaste telt-helga til no, etter mi meining. Kjensla av å stå opp i havgapet i februar og tusle rundt i stilongensen ein times tid... Ahhh!


Kjente profilar. Morgonstund i Smelværet.

2013 Mars og april - Solund (Nina og eg)
Ny todagarstelting - og to månader i ein smekk. Det gjeld å rasjonalisere. Teltturtreff ein gong i månaden er veldig ofte, og særleg når ein bur med 5,5 timar køyring i mellom. Solund er eit padleparadis! Vi har mange årstider på turen. Dag ein surfar vi i Sognefjorden og nyt solnedgangen på Hardbakke. Dag 2 er det kuling og vi møter overmakta på Lågøyfjorden. Vi snur og tek dagen og natta i eit skogholt. Godt gjort å finne livd i skogen i Solund i grunn. Neste dag får vi ein nydeleg overfart til Ospa og vidare til Korssundet. Vil ha meir tur i Solund! Meir! Meir!  

Mars-telting i Solund

Apriltelting i Solund

2013 Mai - Herøy (Sygni, Ragnhild, Idar, Sigve)
Mai er ei travel tid, men jammen fekk vi skvisa inn kvar vår telting. Sunnmørsteltinga på årets første tropenatt på Herøy gard. Nina dreiv med andre morsomheiter sør for Stad. Lunsj dag 2 ved Flåvær fyr.

Teltleir på Herøy gard
 
2013 Juni - Skarvatnet (Karianne og eg)
I juni fekk vi det og travelt, og måtte ty til "kvar for oss"-telting. Denne gongen droppa eg kajakken, og for til fots til barndommens rike i Skarvatnet på fisketelttur i lag med søstra mi. Bål, eit eventyrleg "bet" og drøssevis med småaure. Knakande kjekk midtsommarnatt. Aldenteltet har vore lite i bruk etter at Karianne testa det i stormkast på Alden for nokre år sidan. Teltet held vinden ute, men stengene vart aldri meir seg sjølv att.. Teltet fungerar no fint sjølv om formen er noko original.

I Skarvatnet med "Aldenteltet"
 
2013 Juli - Hornindalsrokken, Træna, MSE (Nina og eg)
Juli telta vi mykje. På padletreffet "Midnight Sun Experience" utanfor Tromsø, på Trænafestivalen og på Honndalssætra. Det skal seiast at vi testa ut ei rekke DNT-hytter og, sidan halvparten av feriedagane bestod av +12 grader og nedbørsrekordar..

MSE - Sommarøya

Trænafestivalen! Vårt orange lyspunkt på "stille camp". Imponert over teltet som var like tørt (inni) etter fire døgn med regn og vind. 

Hornindalssætra, klar for Hornindalsrokken neste dag. Kvar dame - sitt telt. 
 
2013 August -  Lille Batalden/Kinn (Nina, Britt, Arinbjørn og eg)
På tide med ei skikkeleg padlehelg att! Florabassenget er stort, padlevennleg, og vi er ikkje ferdige her på ei stund. Nydeleg ver, god mat (Alle andre enn meg lagde mat! Eg køyrer gjerne langt om eg kjem til dekka bord..), nye teltplassar, Ytterøyane fyr. Ferieforlengande herlege augustdagar.

Vestsida av Lille Batalden - utsikt til Ytterøyane fyr. Grei teltplass, men ingen moglegheiter for morgonsol (tre telt på bildet..).

Kinn. Kongeteltplass. Framleis utsikt mot Ytterøyane fyr, solnedgangen OG morgonsol. Framleis tre telt.. 

Oppsummering
"Fanfare" - prosjekt telting er FULLFØRT! Vi har brukt ganske mykje energi på å planlegge turar og å sette av helger dette året. Ofte har vi berre hatt ei mogleg helg i den aktuelle månaden. Stort sett har vi hatt griseflaks med veret. Prosjekt telting er gjennomført, sjølv om vi nokre månader måtte campere kvar for oss.

Kva har vi lært?
Lært og lært? Vi har nok lært mykje, men det glir på ein måte ubemerka inn i ryggraden. Det er stadig NYE utfordringar, nye ting vi ikkje har tenkt på, smartare måtar å gjere ting på.

Nina og eg diskuterte om vi kunne ha ei kåring av turane som til dømes beste, dårlegaste, kaldaste osv. Det klarte vi ikkje. Alle turane har vore ulike, med sine eigne særeigenheiter og høgdepunkt. Det var ingen turar vi ville ha vore forutan, og vi var i grunn ganske nøgd med vala undervegs. Dei fleste områda vil vi tilbake til.

Eg har blitt tryggare på kva det vil seie å telte. Eg har betre kontroll på utstyr, og utfordringar som dukkar opp. Om vinteren er bål og ved viktigare enn plan teltplass. Held ein varmen, har vatn og kokemoglegheiter, då ordnar det meste anna seg. Vi har vel og lært litt om kor mykje lenger tid ting tek når det er kaldt og mørkt. Og kva som frys når. På korte dagar om vinteren REKK ein faktisk ikkje så mykje. Til gjengjeld er sommardagane UENDELEGE!  

Det eg verkeleg har fått oppleve er å finne ei god ro, vere fornøgd og kjenne på at det er godt å vere ute. Det er tilfredsstillande å gjere det enkelt. Det er fantastisk å oppleve blåtimane morgon og kveld, solnedgangar og soloppganger.

Avslutning av prosjektet
Skal vi slutte å telte no???? Det var litt kristestemning hos meg når eg ikkje hadde neste telthelg å sjå fram i mot. Slik var det visst for Nina og. For det var ikkje lenge før vi snakka om telting att.
Vi er einige om å justere litt på konseptet. Frå prosjekt til enkeltturar. Satse på helger der vi har sjanse på minst 2 overnattingar. Ikkje få hjerteinnfarkt om vi hoppar over ein månad. Ikkje trumfe gjennom uansett ver. Prøve å få med fleire på telting.

post-prosjekt - telting i 2013
2013 September - Tåfjordblot (Kristin og eg og Troms havpadleklubb)

Basecamp Tåfjord - inkludert heilgrilling av lam og ein "tøtsj" av nordlys utpå natta (Foto: Kristin Friis)

2013 Oktober - Kvamsøya rundt (Nina og eg)
To netter i telt, besøk på Haugsholmen fyr, og telting på villsauøya Riste. Bra helg. Nytt område. Kald vind natt 2.
Oppmøte fredag kveld og telting i småbåthamna i Sandvika. Laurdag morgon og klar for tur. 

Litt livd for isnande vind bak gamle murar på losmeistergarden på Riste. 

I 2014 er det nye forsett, og nye turar. Skiturar har rykka opp nokre hakk på ønskelista. Skikkeleg vintertelting står for tur. Kanskje det vert prosjekt telting del II i vår? Mentor Therese har lova ei god innføring og eit spark bak om det trengs. Det vert eit spennande år!

tirsdag 10. desember 2013

Distansemerke padling 2013

Norges Padleforbund har eit distansemerke. I 2011 og 2012 vart det bronsemerke på meg. Tvilar på om det vert noko andre merke på meg i år, men det er kjekt å samle padleturane gjennom året på denne sida her.

Klasseinndeling og krav (dame og herre senior, kajakk, kalenderår):

Bronse:  400 km
Sølv:      800 km
Gull:     1200 km

Min status per 09.12.2013         567 km

Dato            Km      Stad                        Selskap
12.-13.01     22        Hjørundfjorden          Nina
27.01           17        Hessa rundt                Jason, Idar
23.-24.02     41        Smelvær mm              Nina
26.03           15        Grasøyane fyr             Sygni, Mildrid
30.03-01.04 69       Solund, telt                  Nina
08.-09.05     15       Herøy, telt                  Sygni m.fl
12.05            13       Blimsanden                Kenneth og Jason
12.06           12       Borgarøya                   Andrè
19.06           3,5      Nørve                         KYBIL
26.06            7         Blimsanden                 Kenneth
04.07            28      Håja                            MSE
05.07            20      Hekkingen                   MSE
06.07              9      Sommarøya                 MSE
15.07            11      Husvær                       Nina
16.07            49      Dønna                         Nina
19.07            16      Runde                         Nina m.fl
07.08            13      Ålesund                      Kristin m.fl
08.08              9      Blimsanden                 Kristin
15.08             10     Rossholmen                Sygni, K og SE
23-25.08       56,5   Flora rundt                 Nina m.fl.
01.09            24      Tussøya rundt             Kristin m fl
17.09            10      Giske rundt                 Sygni
26.09            10      Giske rundt                 Sygni
19.-20.10      37     Kvamsøya rundt          Nina
27.10              8      Molnes                       Kenneth og Jason
08.11             18     Gjøssøya                    Kristin
09.11             20     Kvalpadling                Kristin m.fl.
30.11               6     Moltustranda              Andre og Mildrid


Bilde frå padleturar 2013:

Kanonfornøgd på kvalpadling - Rebbenesøya, november. 
(Foto: Kristin B Friis)


Trollvika på Gjøssøya - november (Foto: Kristin B Friis)


Haugsholmen fyr


Giske rundt - Alnes i solnedgang

Kvar er desse nisene? Tussøya i lånt kajakk


Rognaldsvågen - Flora. August 2013


Rossholmen - august
Molja fyr. Bypadling i Ålesund i august. 

MSE - Sommarøya

Håja - MSE

Borgarøya juni 2013 - etter styremøte HKK

Mot Herøya natt til Kr.himmelfartsdag, 8. mai

Påskepadling 2+13 - Solund rundt. Indre Steinsund.

Grasøyane fyr - mars 2013

Heim frå Moldøyna

Hjørundfjorden - januar 2013

mandag 11. november 2013

Kvalpadling i Troms

09.11. Opp klokka 5.00. Grisetidleg. Men når eg har griseflaks, og kvalane kjem til kysten akkurat den EINE helga eg er i Troms, så får det våge seg. Her er det berre å stå opp. Køyring i tussmørket og gjennom blåtimen. Engvik er første mål. Framme, og rett opp på haugen for å sjå utover havet. 


Morgonstemning i Engvik, mot sørvest.

YEAH!! Der stod spruten! Ein til... og mange til!! Kvalane var i sikte, og spruten frå pustinga var synleg på kilometers hald. Det var fleire grupper med kval i aksjon og stemninga vart skyhøg! Her er det berre å komme seg på sjøen!

Jarle grev fram kajakken frå siste istid. På havet er det forventningsfull spenning som rår. Bjørn Tore tek stor risiko med speilrefleksen for det ULTIMATE kvalbilde..

Padling, padling, legge seg på veret, svarte kor langt ut var det då? Omsider er vi i posisjon, godt ut mot Risøya.
Kval i horisonten!

Knølkval - ingen tvil

Spekkhoggar. Foto: Bjørn Tore Sørensen

Spekkhoggarane var mindre og mykje kjappare (maksfart rundt 50 km/t). Dei osar dødeleg, nesten som eit jagarfly. Ryggfinna er kjempehøg. Killer whale. Jommen.  

Framleis er dei så langt unna at vi ikkje høyrer dei. 

Kvalpadlestrategi: Legge seg i flåte og drive over området vi har sett kvalen gasse seg. Mot Sandøya. 

I horisonten såg vi knølkval og spekkhoggerar som jakta og hoppa opp etter gode munnfullar. Dei var på transport fram og tilbake forbi oss. Knølkvalane hadde og eit rituale med sveivane (framlabbane). Dei rulla seg rundt på grunna og veiva med sveiva for å slå den med eit skikkeleg plask ned i sjøen. (Minte litt om ivrige 8.-klassegutar i symjebassenget). Det var heftig, artig og stort å få sjå det på "ordentleg". Avstanden var stort sett passeleg stor, så det var berre å nyte. Eg var ikkje redd, og sugde til meg inntrykk.  

Knølkval nærare

Det var utruleg vanskeleg å ta bilde av desse dyra. Rørslene verka som slow-motion, men jammen gjekk det fort. På grunn av at det var mykje bevegelse i sjøen, så var det ikkje råd å sjå noko av dyra under vatn. Det kom alltid overraskande på kvar og når dei dukka opp.

Vinden friskna på, og vi skulle snart gje oss. Berre bittelitt til.. Det var nokre kvalar som låg og rulla seg heilt innmed land som vi måtte få med oss før heimveg...


Knølkvalen bryt opp frå rulle-rundt-aktiviteten (Foto: Bjørn Tore Sørensen)

Heile flokken stryk forbi oss. Nærme nok. 
Pusten let som drønn i store tankar, og meir enn eit snev av dårleg ånde for forbi. 

Bortsett frå ein diger ein. Han fer ikkje forbi. Den stoggar liksom opp, ein sånn der 30 meter unna. 
Så dreier den langsamt. 20 meter unna no. Kvalen siktar inn ryggfinna si omlag midt i mellom auga på meg. 

"Sannhetens øyeblikk" (Foto: Bjørn Tore Sørensen)

"Fy f...den kjem!!" Vi sitt i flåte, og den held vi fast i. Den breie ryggen veltar rett mot oss. Vi vert bittesmå. 5-6 meter unna kajakkane dukkar han grasiøst under, og kjem opp 8-10 meter unna på andre sida. Rett under oss. Ikkje eit skvalp. Full kontroll. Maks puls hos meg i alle fall. Maks storleik på knølkvalane er ca 20 meter og 40 tonn. Og dette var ein diger ein.

Flokken rundar bak oss. Samlar seg. Dei peiker mot oss no. "No kan det komme noko bøll" - Bjørn Tore har vore med på det før. Vi var visst ikkje så kule eller så skumle, for dei fann på noko anna, og for avgarde. Dagens høgdepunkt. 

Fornøgde kvalpadlarar

Flott natur, store naturopplevingar, innertiar på kvalen, kjempekjekke padlevennar, passeleg sjø, og mindre vind enn meldingane. Betre vert det ikkje. På heimveg fekk vi eit lysshow som var heilt utruleg. Solnedgang, og soloppgang på same tid. Lys og skuggar, rosa, lilla, orange. Skarpe fargar, duse fargar. "- Ka gjer du no der sørpå? Det e' her det skjer. Må 'kke kaste bort livet ditt der nede". Bjørn Tore driv rekruttering til Troms.  

Wide-screen show i sør mot Kvaløya og Senja

Sørfugløya (skal dit - ein eller anna gong). 
Bjørn Tore speidar etter meir kval. (og ja.... han fekk lønn for strevet).

Novemberpadling i nord er fantastisk

Det kom meir kval. Vi fekk med oss ein gigaknølkval som kom frå intet og stupte opp som eit fjell framom oss. Fleire dyr, og valgets kval.. "Der er spekkhoggerar"- peikar Bjørn Tore. I orange ettermiddagssol ser vi dei jaktar og hoppar. Vi padlar mot dei, men brått kjem dei mot oss. 5 spekkhoggerar i "reint trav" beint på. Lyssett av arktisk vintersol. Kvar ein vassdrope blenker på muskelbuntane der dei jagar framover. Det er då Bjørn Tore veljer å ta eit lite bad. Og eg får hjarteinfarkt. Spekkhoggarar framom og ein plaskande mann ved akterenden. Hu hei! Mann og speilrefleks stadfesta over vasslinja nett i det to av dei durer rett under oss, og dei tre andre like på sida. Spennande! Dagens høgdepunkt nr 2. Av naturlege årsaker vart det dårleg med bilde frå seansen, men bilda på netthinna kan ingen ta frå meg. Aldri. 

Spekkhoggarane etter seansen (Foto: Kristin B Friis)


Engvik brygge. Store GLIIIS 
(Foto Kristin B Friis)


Rundar av med eit par av Bjørn Tore sine fantastiske bilde:

(Foto: Bjørn Tore Sørensen)

(Foto: Bjørn Tore Sørensen)

Takk for ein fantastisk dag på sjøen, Kristin, Bjørn Tore og Jarle! Stor oppleving, høg på livet og audmjuk for at eg er så heldig å ha helse, vennar og moglegheiter til slike turar. Takk for at eg får bruke bilda dykkar her! Tromstur november 2014 er så godt som booka..


Sjølve padleturen vart på omlag 20 km
Risøya har ei veldig spennande historie og var eit maktsentrum i tidlegare tider. Her budde folk til 2001. Eg har lyst ut hit att både sommar og vinter. 
Meir lokal info på Rebbenesøya.com.