Viser innlegg med etiketten Therese. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Therese. Vis alle innlegg

mandag 29. januar 2018

Båling på Bondalseidet med ski i alle variantar

19.-20. januar
Desperate etter å komme i gang med 2018, friluftsliv, båling og uteliv starta vi på Bondalseidet seint fredag kveld. Therese hadde med hundane og vi starta med nordisk pulkdrag innover turløypa, noko som var heilt nytt for både dei tobeinte og dei firbeinte.

Like ved turløypa fann vi ein fin leirplass. Hundane vart stalla opp, og vi tok alle dei praktiske gjeremåla; bålgrop, presenning (Therese) og hengekøye (til meg). Det vart midtnatt før vi seig i hop ved bålet, med snop, stjernehimmel og skitprat om laust og fast. Helgekjensla seig på og det var meir enn verdt alt stresset med å komme seg avgarde. 

Nordisk oppsett: Hund - pulk og meg til slutt. 

Hengekøyevinterovernatting 

Variant av gullrekka på fredagskvelden..

Kva skjer eigentleg her? Skal vi vere her? Hundane roa seg, men var ikkje heilt sikre på kva vi heldt på med.  

Hengekøye er superkomfortabelt, men litt kaldt. Eg må jobbe med nokre kuldebruer i sidene. Gadd ikkje å legge meg INN i fjellduken, hadde den berre oppå, og det angra eg litt på. 
Therese låg med hundane under presenning. Ho måtte forklare dei at grønlandshundar KAN sove i snøen, og at liggeunderlag er berekna for folk. Mykje læring på alle med andre ord.   

Morgonstund med bål, kaffi og ostesmørbrød. Ikkje snargjort, men veldig veldig koseleg!


Laurdagen var rett og slett strålande! Det var mykje folk i turløypa og vi var spente på korleis vi skulle handtere pulkar, hundar og oss sjølve. Vi starta difor med rein snørekøyring til Åmskaret for å varme opp dei tobeinte og få ut noko øs frå dei firbeinte. 

Berre lekkert!!

Det er utruleg kjekt å suse avgarde, berre med eit og anna stavtak, bak ein hund som dreg med liv og lyst. Effektivt og artig!
Hundane var eksemplariske og vi kom oss ut med pulkane og etterkvart. Det å ligge bak ein pulk og styre er ikkje berre lett. Det liknar litt på å rygge med tilhengar. Øving gjer meister, og eg treng verkeleg å øve litt meir på å plassere meg bra opp mot hund og pulk. 

Anders henta hundane, og sidan vi var i posisjon tok vi skitrekket opp Nottane og gjekk vidare opp mot Veirahaldet. Vindpåverka og hardt, iskaldt, men nydeleg utsikt! 


Hit! Fantastisk utsikt over mange av dei kjende toppane i Ørsta


Veirahaldet


Svusj ned att - dårleg føre på fjellet, bra føre i trekket.

Innhaldsrike 18 timar på Bondalseidet. Her ligg det godt tilrette for mykje og ulik aktivitet. Vi er heldige som har slike nærmiljøanlegg og område rett utanfor døra. Det er ikkje alltid turen treng å vere så lang for å vere innhaldsrik!  

søndag 9. juli 2017

Sommarheng i Romedalen

8.-9. juli Vi har etterkvart blitt ganske gode på det her. Senke lista, ta oss tid når vi eigentleg ikkje har tid. Finne lommer for kvalitetstid og vennskap. Denne helga sette vi kursen mot Romedalen, med plan om natt i naturen - nær veg, med god mat, rikeleg med ved og kvilepuls.

Velkommen til Romedalen! Kubbestøylen er den første av fleire stølar innover dalen

Til vegs ende - Steinstølen og Hallehornet 

Kolåstind ruvar i dalen

Ein stad midt i mellom ved elva er det rasteplass med grue, elv og tre. Perfekt til vårt formål. 
Vi er heldige som har flotte dalar og dramatiske alpefjell rett utanfor døra. Eg har aldri vore i denne dalen før, og det vart nok ein favoritt på lista. 

Amok hengekøye med tarp. 
Ikkje heilt lettvekt, men solide løysingar som er enkle i bruk og HØG KOMFORT! (Therese måtte vekke meg dagen etter.... zzzzzz)

Exped Scout med tarp
Therese var og godt nøgd med si natt i køya. 

Camp Romedalen

Utruleg nok ikkje eit innsekt å sjå heile kvelden. 

 
Vi hadde mykje på hjarta, så det vart ein sein kveld. 
Mat, drodling, filosofering og juligranbrenning. Det er nesten travelt å rekke gjennom alt på ein kveld. 

Opp mot Romedalstinden
 
Hallehornet og egga over til Middagshornet bak. 

Takk for turen og den gode sommarkjensla, Therese! 

mandag 22. mai 2017

Høgenibba i Hornindal (1191 moh)

20.05 Om ein klarar å starte helga på fredagen så vert ho så mykje lenger! Vi starta med ein kaffikopp som vart til tre hos Therese, så det vart seint før vi kom oss i posisjon for ei natt under open himmel. Det var så verdt det! Varmt og fint, utan insekt med fuglekvitter og med magisk utsyn over Austefjorden. Dagen etter sette vi kursen mot Hornindal, med håp om å sleppe mykje bering av ski på Høgenibba.

Midnatt og blåtime #skalikkjesovevekksommarnatta

Greit å slå opp auga til dette. #morgonstundhargullimunn

Austefjorden med Eidskyrkja til venstre og Matøskja til høgre. 

Vi forflytta oss til Hornindal og det tegna til å verte ein strålande sommardag. Skredsøkaren vart att i bilen, og full dekning med solfaktor vart prioritert frå start.

Vi bar skia opp halve skitrekket. Indre Hornindal i vårprakt

Høgenibba kvit og lovande bakerst der

Lunsj i lyngen med herleg utsikt mot sør. #trivselsfylket

Kvite bakkar og steikande sol. #Bikiniføre.  

God plass og stor varde på toppen! Skikkeleg rundskue.  

Grodås 1100 meter under oss. 

Herifrå var det rare vinklar til kjende fjell. 
Djupdykk i kartet var naudsynt. Vi såg lenger enn vi trudde i sør, og kortare enn vi trudde mot nord. 

Vidare mot Gjugra og Kvivsdalshornet. Guridalen ned mot høgre.
Landskapet nord for Høgenibba var veldig spennande, eigentleg fjellskiterreng som freista til fleire turar. 

Ny utsikt mot Austefjorden - vi står på kommunegrensa mellom Volda og Hornindal

Det skya til frå sør, og vi ville ha godt lys nedover. Gjugra får bli neste gong, og vi sette kursen nedover Guridalen

Perfekte bakkar ned Guridalen, men dessverre verdas tråaste føre. Det lugga og reiv og det var berre såvidt det gjekk framover. 

Guridalen - fin plass - og eit skikkeleg snøhol

Vi stod på ski ned til grusvegen og eit godt stykke nedover. Stølane som låg her var skikkeleg fine. Lyset hadde blitt flatt, men både Storesætra og Bruasætra er verdt eit besøk seinare og. Dei har vore flinke til å ta vare på kulturlandskap og bygningar her. 

Runden vart på ca 10,5 km og med ca 850 høgdemeter

Vi runda av med is og kaffi på Grodås i 20 (!!!) varmegrader. Skikkeleg helgetur - og mesteparten av helga framleis framom oss!!  

fredag 29. juli 2016

Utakleiv og Veggen (489 moh)

29.07.16 Sommarferie! Ein god miks av folk frå sør og nord, fastbuande og turistar. Magisk plass. Midnattsol. Nokre dagar sett seg berre ekstra godt i minnet. 

Uttakleiv

Her har grunneigarane gjort gode tiltak for å tilrette for besøk og camping! Her er det godt å vere, sjølv om Lofoten flaumar over av turistar. Bompengar/campingavgift vert betalt med glede! 


Test av sommartelt/gapahuk. Veldig smart løysing for slike fine dagar! 

Strandliv under midnattsola. #kvalitetstid

Prima morgonutsikt

Lukkelege camperar

Nokre av oss tok turen til "Veggen" etter frukost. Ein av fleire fine fjellturar med utgangspunkt stranda.

Stranda på Uttakleiv mot Skolmen.

Sti, bratt opp i starten, og deretter fin rygg mot toppen. 

Oppe på ryggen

Over på andre sida mot Haukland og Holandsmelen

Flakstadøy og Nappstraumen


Takk for turen! 24 timars miniferie i nærområdet gjer godt!