Viser innlegg med etiketten Selje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Selje. Vis alle innlegg

mandag 30. juli 2018

Rekognosering i Ervika og på Vestkapp

29.07 Slitne og nøgde med surf og sommar. Likevel ikkje heilt klare for å fare heim. Då vert ein fort turist i eige land! Stadlandet er eksotisk, spennande og flott. Smale vegar snirklar seg utover, opp og ned, rundt og innimellom. Ervika er annleis enn Hoddevika, men minst like flott. Frå Vestkapp har ein rundskue over store delar av Sunnmøre, fjella innover, fjordkysten sørover og ope hav. Betre enn Nordkapp. Heilt subjektivt, sjølvsagt. 

Ervika - ein stad der kultur møter natur. Dramatisk landskap og historie. 

Stranda når ein kjem frå parkeringa. 
 
Surfbare bølgjer for oss - og då kom vi frå havblikk i Hoddevika. 
Surferane vi snakka med fortalte at det hadde vore forhold i Ervika frå ca 11 dagen før, og det var omlag då vi gav oss i Hoddevika fordi det vart for smått og langt i mellom. 

Stranda frå campingen


Det er klart at ein får litt ekstra god sommarstemning og trua på framtidige campingturar når det er 25 grader, sol og shortsver. Det kan ein kanskje ikkje rekne med at er standard her ute. Ervika var veldig fin, og det er stort potensiale for kjekk kajakkhelg uansett ver - hit kjem vi nok att!

Stranda frå moloen

Moloen i Ervika

Hugs til seinare:
Erviksanden camping
Ervik Surfshop 
Fiskekort i elva

 Ryktet om at kafeen på Vestkapp hadde opna att hadde nådd oss. Det var langt på dag og eg var svolten, så heldigvis var det stemning for å fare opp der. Vegen opp var langt kulare enn eg hugsa når det kom til utsikt og natur, og langt dårlegare enn eg hugsa når det kom til trafikkavvikling. Mykje bilar, syklistar og sauar oppetter og det vart rygging i nedoverbakke utan autovern. Ikkje favorittsysselen min.  



Kafeen var open, full av folk, vi fekk mat og den var veldig god! 

   
Sørover

Honningsvåg og nordover Sunnmørskysten

Vestkapp

Ikonisk ver-radar


Innover Stadlandet


Kan det snirklast her, tru?
 
Kulturlandskapspleiarane i full sving

Tøft landskap!

Ein gong skal eg ha "omvendt" utsikt!!!

onsdag 26. september 2012

Solskinnspadling i Sildegapet

I alle fall nesten. Vi såg ut i Sildegapet. Veldig fine forhold. Lite vind, sol og lettskya. Det var godt å få ein litt urvete teltkropp i bevegelse.

Mot Ytre Fure og "Signalen" på Stadlandet

Selja - Silda var første etappe. Berre litt dønning og fin sjø. 

Stø kurs mot Silda og Vågsøylandet

Frå yttersida på Silda mot Skongsnes fyr. Ikkje i dag, men kanskje seinare?

Sjokoladeflåte med utsikt til Nordfjordfjella.
Hornelen stikk fram bak der. Ikkje i dag, men kanskje seinare den og?

Ulvesund fyr!

Eg er veldig nøgd med at det vart eit fyrbesøk i løpet av helga. Ulvesund var idyllisk og koseleg. Her er det søndagskafe og moglegheiter for overnatting. Det var litt rart her og, for det var både tunet i skogen og fyr samstundes. 

 Fyret i skogen? Turstimerking i Vågsøy? Her har vel Kystverket bomma litt?

Originalfyret vart sett opp i 1970, og bifyret i skogen i 1932. Det er for å unngå dei mange farlege grunnene utanfor Nordvågsøy at overettfyra er sett opp. Marginane er små og linjene er gjevne med kvart grads nøyaktigheit. Fyrlista advarar mot ei grunne, 13 m djup, som bryt i stor sjø. Det var og ein gevinst med to godt synlege dagmerke overett. Endå betre vart det etter at både fyr og fyrlykt vart måla med oransje loddrette striper (fritt etter Wikipedia). 

Ulvesund fyr og Sildegapet


Etter eit godt tips frå ein kollega for vi inn i Osmundsvågen. Litt nordnorsk fiskeværstemning, og ein fin plass. Det var ikkje så godt å sjå spor etter fordums handelsstad og storheitstid, men verd ein avstikkar. Bittelitt meir vind og sjø frå sida, men framleis veldig fine padleforhold då vi starta på siste etappe for dagen over til Venøya. Der bør det jo vere fint i telte?

Sygni med Silda bak

Nina med Flatraket bak. Der var det ein stor fabrikk. Ingen av oss kunne komme på kva Flatraket var kjent for. Gruble, gruble. (Google seier: AS Fiskevegn; fiber, tauverk og fiskeredskap)

Triveleg på Venøya!

Vips var det kveld. Med eit migrenefråfall var vi tre glupske damer som kasta oss over verdas beste biff (marinert med godsaker, vogga i kajakk i eit døgn..namnam). Bålet vart tent (no begynner vi verkeleg å verte gode på dette altså!). Ro i leiren. Nina og eg mimra litt frå ASKR, og sakna Gøran (og sangferdigheitene hans) eit lite sekund eller to. Trude viste nye talent og sang "Til Heimbygda" (Sykkylvssangen) med den vakraste stemma du kan tenke deg. Snufs. Vestlandshjartet var sprekkferdig. 

Morgonstund i basecamp Venøya (frost om natta, begge nettene).

Nok ein strålande dag! Kva har vi gjort for å fortene dette?

Meg. Nøgd. Sildegapet. Stad. (Foto: Trude)

Søndagen gav ikkje akkurat utfordrande padling. Det er fasinerande kor havblikk det kan være i eit så berykta verhardt område. Vi padla yttersida av Barmen nordover, og tilbake til Selje.

Trude. Nøgd. Stadlandet. Spegl?

Innover mot Selje. Finn ein feil!

Vi hadde god tid til til Nina skulle på ekspressen sørover. Siste kaffikoppen på Selja, denne gongen på innsida. Septemberpadling er strålande! Eg vil meir på tur!


Kart

Turen vart totalt 32 km.

tirsdag 25. september 2012

Selje kloster

Padlehelg! Fredag 21. september la vi ut frå sentrumskaia i Selje med stø retning Selja.

Stadlandet bada i ettermiddagssol


Det var ikkje lange biten ut til klosteret, men vi rakk akkurat å komme i padle- og helgeturmodus. Klosteret var eit flott syn då vi runda odden. Vi hadde fått tips om camping frå landbrukskontoret i kommunen i vika inn til venstre  
Villa Aarseth - basecamp 1

Til å vere 4 damer på tur så gjekk det relativt fort å finne leirplass. Dagane er kortare no, så det vart brått solnedgang.

Utsikta frå "restauranten" vestover mot Vågsøy. Utover kvelden såg vi blinka frå Skongsnes fyr og Kråkenes fyr (trur vi).

Vindmøller i solnedgang. Mehuken. Stygt? Fint?

Mehuken Vindpark vart etablert i 2001. Tretten turbinar gjev årsproduksjon på 65 GWh. Dette tilsvarar energiforbruket til innbyggarane i Vågsøy kommune (ca 6000).  5 av møllene har tårnhøgde på 50m og ei rotordiameter på 52m. Resten er 64 meter høge og har ein rotordiameter på 71 meter.

Bålkos ved basecamp

Vi har lagt oss til nye vanar, og no skal det vere bål. Det var skikkeleg rått og doggfall utover kvelden så det var kjekt å ha eit bål å varme seg på. For ikkje å snakke om kor koseleg det er! I tillegg fekk vi rydda vekk ganske mykje skrammel frå fjøra, som no er omgjort frå eit "søppel-i-havet-problem" til eit klimaproblem.  

Avstressa, dog noget søvnlause, vakna vi til svartestille.

Det er ikkje feil å sjå Stad og Vågsøy spegle seg i Sildegapet til frukost.

Første post på programmet var klostervandring. Klosterbåten kom med guide og (andre) turistar så vi fekk litt gratis informasjon undervegs.

Klostergjengen!

Stemninga var høg og gjekk over til høgtideleg. Dette er ein spesiell stad. Det historiske suset er tydeleg, og kjensla av heilagdom likeså.


Opp til grotta

Utsikt frå grotta mot Stad

Alteret i grotta

Nina testar Sunnivakjelda

Vi hugsa ikkje heilt om det var helse eller ungdom ein skulle få av å drikke av kjelda. Etter ei kort vurdering fann eg ut at eg både var frisk og ung nok, og meldte pass på drikkinga.
  

Klosterutsikt mot padlebasecamp

Først langt utpå førmiddagen kjem sola til klosteret

Selje kloster var flott! Uavhengig av religiøs ståstad så er dette eit turmål som bør inn på ønskelista. Då klosteret hadde si storheitstid var det kvitkalka, og låg som eit strålande seglingsmerke frå havet.

Sunniva-legenda er bakgrunn for bispesetet (frå 1068) og klosteret (ca 1100). Sunniva sine knoklar vart skrinlagt i 996. Storheitstida var på slutten av 1200-tallet. Utifrå storleiken trur ein det då var 10 – 15 prestevigde munkar på klosteret. I tillegg like mange lekbrødre. Dei var handtverkarar, dreiv med stell av sjuke og dyrka jorda. Utanom  bønne- og gudstenestelivet, var klosteret også ein lærestad for prestar. Munkane på den tida dreiv og med avskrift av bøker og oversettingar. Soga ”Flateyabok” skildrar anlegget som : "Dette er det største mannverk av dette slaget som er bygd"

I middelalderen (1030-1536) hadde Norge tre store pilegrimsmål. Det var Sunniva på Selja, St. Olav i Nidaros og krusifikset i Røldal stavkirke.
I nyare tid har "Dagmar" flytta heile sjøbua over ei bukt og krasjlanda den på svaberga her. Ikkje blikkstille alle dagar med andre ord..

NO var vi klar for padling og la ut på nye eventyr