tirsdag 21. juli 2015

Sommarsurf i Hoddevika

10.-12. juli Venners venner, og brått var vi ein heil gjeng i Hoddevika. Gu' kor kjekt!

Friends gathering to surf and camp in Hoddevik. Great place, beautiful surroundings and a perfect summer holiday weekend. Very small swell and a friendly surf these days- but still a lot of fun. 

Kultbygd og spesiell plass - med positivt forteikn!

Fredagskvelden kom vi frå heile Vestlandet. Kenneth var allereie på sjøen då eg kom, så det var berre å hive seg i det! Flatt hav, men likevel små bølgjer som var fint surfbare innover mot stranda. Artig, om ikkje så store forhold. 

Stranda frå sjøen

Sygni og Mildrid er klare!

Gjengen på Strandcampen.

Leikegrind for store og små. 


Mange hadde med ungane sine denne helga. Det gjekk veldig fint. Ungane dukka opp til måltid og snop og forskansa seg i campingvogna til Jon Oli og Mildrid når det regna. Eg såg ikkje anna enn at dei kosa seg. Sygni sine ville ikkje heim og overtalte mora til å vere ei natt ekstra....

Hoddevik strandcamp. Lekkert. 

Campingliv morgon og kveld. Koseleg! Kjekt at vi vart så mange. Surf og gøy på sjøen , sosialt og kjekt på land. 

Kristin diskar opp... namnamnam..

Kristin dreg fram gamle kunstar frå nord... og det vert prøvesmaking. 

Flåten klar for ny dag!

Toril i farta!

Surf! Foto: Sygni

Det var fine nybegynnarforhold, og eg såg ikkje anna enn at nybegynnarane heiv seg i det. Det vart trent på litt redning og støttetak. Våte i håret og med breie glis. Formiddagsøkt og ettermiddagsøkt. For min eigen del var det kjekt å sjå at trening gjev resultat. Eg klarte å fange mange surfar og rullene sat då eg hadde bruk for dei. Denne gongen hadde eg styring på mykje av det eg dreiv med og. Øving gjer meister!

 Ny grilling om kvelden. HELG I HODDEVIKA kan anbefalast. Det gjer godt for både magemusklar og lattermusklar. 

Søndagstur - aldri sur! 

Utover mot grotter og bratte berg. Havblikk





Utlandet? Sjekk vasking av berg på dei nederste 12 metrane...

Her ute fann vi formasjonar som fekk namn som: The Devils finger, The Cathedral cave, Lady Mary's dressing chamber, Nipple rock og The Twin vault. På det norske kartet stod det "Skåtebogen", men eg er heilt sikker på at alle som padlar ut der vil kjenne att formasjonane etter våre namn.. 

Herleg helg med fine folk! Takk for turen alle saman!

Sygni prioriterte ei økt med speilrefleksen og fekk mange fine surfebilde: Link til bloggen Glimt

Note to self: Hugs at ein treng grillar for å grille. Surf kan vere så mangt. Greit å spesifisere at det er med kajakk...

Verdas navle. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar