fredag 20. juli 2018

Trappeturistar på sommartur til Midsund

20.07 Nok ein strålande sommardag, perfekt til oppdagingsferd i heimfylket! Eg har aldri vore i Midsund kommune før, og trappelegginga der ute til fleire fjelltoppar har fått mykje merksemd. Det var på tide å sjå med sjølvsyn. Vi bomma på finlesinga av ferjeruta, så vi fekk oss ein ekstratur til Finnøya og Harøya. Fergecruise i ytre kyststrøk på ein slik dag vart uansett ikkje feil.

Trappene låg veldig fint i terrenget!

Dette er Norges lengste steintrapp (per no i alle fall) med 2200 trinn. Handverket er fantastisk, og trappene var lette og gode å gå. Eg tenker at vi bør kanalisere ferdsel til stader som toler trakk, og her kan det gå mange utan at det vert meir slitasje på naturen enn det inngrepet som trappene er.  


Pustepause! Fint i sola og fantastisk utsikt over hav og innover landet - frå trinn 1. 

Etter trappene var det sti vidare mot toppen. Ein nydeleg rygg å gå. 
Men her er det potensiale for slitasjeproblem og opptrakking. 


Panorama ved toppen av Rørsethornet 659 moh

Ein kort men luftig egg vidare mot Ræstadhornet. Vi såg på den, og let den vere. 

Mot Aukra og Fræna

Vi såg ned på flotte badestrender, og det freista! 

 
Det er noko med midtsommaren. Blomeprakt, summande innsekt. Blåblå himmel. 

Vi fann badestranda, med tilrettelagt parkering og sti. I Misund er det tydeleg gjort grep for at ein skal trivast både som innbyggar og turist. Vi såg spennande skilt langs vegen, og her er det fleire turar og kulturminne som bør utforkast på sikt.   
  




Midsund og stranda vår sett frå lufta i september. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar