Viser innlegg med etiketten Turist. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Turist. Vis alle innlegg

mandag 30. juli 2018

Rekognosering i Ervika og på Vestkapp

29.07 Slitne og nøgde med surf og sommar. Likevel ikkje heilt klare for å fare heim. Då vert ein fort turist i eige land! Stadlandet er eksotisk, spennande og flott. Smale vegar snirklar seg utover, opp og ned, rundt og innimellom. Ervika er annleis enn Hoddevika, men minst like flott. Frå Vestkapp har ein rundskue over store delar av Sunnmøre, fjella innover, fjordkysten sørover og ope hav. Betre enn Nordkapp. Heilt subjektivt, sjølvsagt. 

Ervika - ein stad der kultur møter natur. Dramatisk landskap og historie. 

Stranda når ein kjem frå parkeringa. 
 
Surfbare bølgjer for oss - og då kom vi frå havblikk i Hoddevika. 
Surferane vi snakka med fortalte at det hadde vore forhold i Ervika frå ca 11 dagen før, og det var omlag då vi gav oss i Hoddevika fordi det vart for smått og langt i mellom. 

Stranda frå campingen


Det er klart at ein får litt ekstra god sommarstemning og trua på framtidige campingturar når det er 25 grader, sol og shortsver. Det kan ein kanskje ikkje rekne med at er standard her ute. Ervika var veldig fin, og det er stort potensiale for kjekk kajakkhelg uansett ver - hit kjem vi nok att!

Stranda frå moloen

Moloen i Ervika

Hugs til seinare:
Erviksanden camping
Ervik Surfshop 
Fiskekort i elva

 Ryktet om at kafeen på Vestkapp hadde opna att hadde nådd oss. Det var langt på dag og eg var svolten, så heldigvis var det stemning for å fare opp der. Vegen opp var langt kulare enn eg hugsa når det kom til utsikt og natur, og langt dårlegare enn eg hugsa når det kom til trafikkavvikling. Mykje bilar, syklistar og sauar oppetter og det vart rygging i nedoverbakke utan autovern. Ikkje favorittsysselen min.  



Kafeen var open, full av folk, vi fekk mat og den var veldig god! 

   
Sørover

Honningsvåg og nordover Sunnmørskysten

Vestkapp

Ikonisk ver-radar


Innover Stadlandet


Kan det snirklast her, tru?
 
Kulturlandskapspleiarane i full sving

Tøft landskap!

Ein gong skal eg ha "omvendt" utsikt!!!

onsdag 19. juli 2017

Brønnøysund - Sandnessjøen

19.07 Yr.no lova vervindauge til kvelden og neste dag. Eg satsa difor på å feie over sju søstre i Sandnessjøen. Det vil seie at eg kunne somle meg gjennom Helgeland og drøya turen nordover i det lengste. I prakis åt eg meg oppover turistattraksjonane med svelepause på fergene. I høljeregn er Norge litt mindre interessant som ferieland, men då er det faktisk greit med køyre- og ferjedag. Eg kom ikkje med nokon av fergene på første forsøk. Kystriksvegen i juli er sakteferie, og det er ikkje eit stort poeng å sette seg inn i rutetabellen eller planlegge voldsomt detaljert.

Hildurs urtetun - flott hage og imponerande mange ulike nyttevekstar

Restaurant med lokal kortreist og veldig god mat (bl.a rådyr), sjølvsagt med urter frå hagen

Knis.

Forvik handelsstad med eit utmerka kaffibrenneri på brygga. Det vart fleire koppar gitt. 

-SOL! Tenkte eg og sprang ut på ferjedekket. Men Rødøya har fått namnet med rette på grunn av bergarten (duinitt/serpentinitt)

Etter eit durabeleg måltid i Sandnessjøen letta det endelig litt opp. NO kjem finveret, tenkte eg og sette kursen mot søstrene.

I mai då eg for forbi med Hurtigruta såg dei nemleg slik ut: 
Arkivfoto: Syv søstre

No var dei litt mindre oppstasa: 
Glimt av blå himmel og søstrene ligg klar av skydekket

Eg starta i sør og gjekk opp mellom Kvasstind og Breitind. Det var ekstremt vått i starten og deretter vart det stein og svaberg. Godt merkt sti. 

Fin utsikt mot Herøy

Stein, vått og skodde som la seg til att. Isande kaldt i skodda. Plan B var innlysande; snu og gå ned att. 

Det vart ikkje ei einaste søster på meg denne gongen heller. Det er tredje gongen eg er i posisjon i Sandnessjøen, og denne gongen kom eg meg i alle fall litt opp i fjellsida. (ca 800 moh). Ein eller annan gong MÅ det no berre verte klårver.   

mandag 17. juli 2017

Sømna, Brønnøysund og Torghatten

17.-18. juli Torghatten har stått på ønskelista lenge, og eg har aldri vore i Brønnøysund før, med unntak av eit kort stopp med Hurtigruta i mai. No var det ver, eg hadde tid og då vart det sightseeing!

Torghatten sett frå Hurtigruta. Klart ein har lyst tilbake hit! 

Første glimt av Torghatten i juli frå fergekaia på Vennesund

Sidan det er ferie, så kan ein gjere merkelege ting, som å stoppe på kaia etter å ha køyrd AV ferga. Eg "samlar" på skulpturlandskapa i Nordland, det var sol, og eg var nyfiken på kva Sømna kunne by på. Det er ekte luksus å ha eit hav av tid og fridom til å berre stoppe, vere og sjå.  

Jaha? Kva er dette for noko?

Haiku var blitt til Hai Ku Badekar - og eg vart fnisete, litt irritert og nyfiken på ein gong. Full pott til kunstnaren der altså. Link til nærare omtale av kunstverket. 



Vidare langs stranda gjekk det sti til Olavskjelda. 

Helande krefter i vatnet?  

Eg hadde ikkje noko akutte lidingar som eg kunne teste kjelda på. Dette skal vere den nordlegaste Olavskjelda, og er nemnd i skriftlege kjelder allereie i 1598. Stien var grei, men litt kronglete og nesten som å gå i ein jungel for å komme opp siste biten. Imponerande klårt vatn i bergsprekka. Skal tru kva "Olav den heilage" hadde tenkt, om han viste at vi 1000 år seinare freda alle plassane han var tørst og fann seg reint vatn å drikke?

Det lei mot kveld og eg tura vidare mot Brønnøysund og ein fin stad for villcamping på yttersida av Torget.  
+-
 
Sjølvaste Brønnøysundet



Hengekøyeliv - eg kan venne meg til dette..


Neste dag var nydeleg og tema for dagen var enkelt: Turist på Torghatten. Eg leikar ikkje turist, og det vart både igjennom, oppå og rundt.  

 

Artig å gå gjennom holet, det var imponerande. Stor kontrast mellom rå bergveggar og frodig vakkert kystlandskap utanfor. God sti og mykje turistar. Det var diverse postar på veg opp med geologisk informasjon - som gjorde det endå meir interessant.

Sti til toppen rett opp her - svabergvandring i ca 200 høgdemeter. 
Langt færre turistar her, men for ei utsikt!!!

Panorama frå toppen. For ein kyst!! Det klødde i padleturlysta. 

Her var det så flott at eg måtte "ta ein Gustav" og sitte lenge. 

Frå turstien som går rundt heile "hatten"

Grusveg rundt heile med ein avstikkar til minnesmerke frå flystyrten i 1988 der 36 menneske omkom. 

5,5 km rundt på flat grusveg. 
Ca 2,5 km t/r opp på toppen og dryge 200 høgdemeter

Før kveld i leiren måtte eg kikke litt nærare på Brønnøy sitt skulpturlandskap - Steinar Breiflabb som ligg midt i leia! Litt vanskeleg å sjå han frå land, men eg hadde jo vore på hurtigrutetur og fotografert før... Denne skulpturen er klart kulast å sjå frå båt. 

Ikkje ei steinrøys, men Steinar Breiflabb. 

Arkivfoto frå mai 2017 på Hurtigruta.

Brønnøysund/Sømna er eigentleg ganske likt heimkommuna mi og landskapet ved Hustadvika med strandflatene, landbruksbygdene og kystfjella. Skjergarden utanfor skil seg kraftig ut - og den står på ønskelista til neste gong. Elles var inntrykket trivelege kafear, god turistinformasjon og hyggeleg by - hit kjem eg gjerne att.