Viser innlegg med etiketten Strand. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strand. Vis alle innlegg

lørdag 27. juli 2019

Campingliv på Erviksanden

25.-27. juli
Ervika!!

Det var heilt surrealistisk å komme til Ervika og nesten 30 varmegrader. Syden i vest! 
Erviksanden camping byr på enkel tilrettelegging for telt og bubilar. 

Surf ja! Men kva i alle dager skal vi ha på oss? #luksusproblem


Kveld og straks klart for grilling i solnedgang. 

Vi utfordrar eigne grenser med grilling i sanden.


Solnedgang

Morgonstund - og ekstra lur utanfor teltet. 

Hovudaktiviteten vart sjølvsagt padletur. Eg fann skikkeleg roen her. Veret var topp. Vi bestemte oss for å vere ei natt til. 

 
Anne - nesten på vannet

Det var varmt nok i vatnet til lange svømmeturar langs stranda begge dagane. på Stad!!! Eg må klype meg litt i armen.  

Kvalitetstid med lånt litteratur. 

Mat på stormkjøkken - minst like bra som grilling!

Denne kvelden for vi opp på Stad-platået. Det låg an til nok ein flott solnedgang. 



Tydelege straumskille i Stadhavet. Nordsjøen til venstre, Norskehavet til høgre.  

 
Kula i havet. 

Midnatt, midtsommarnatt

Vi har ved fleire høve sett opp på fjellknausane i Ervika, og siste dagen måtte vi ta turen opp. Rett travelt å vere turist her ute. Det var nesten for varmt til å gå, men vi satsa på ein trekk i høgda og la avgarde. 

Bunkersanlegg og tunellar frå krigen. Dramatisk historie. 

God utsikt frå tunellen på utsida. 

Kystklipper så langt auget kan sjå. Nesten vindmøllefritt - enn så lenge. 
Huset på kanten er i bygdelaget si eige - og kan vistnok leigast. 

Innsida og yttersida...

Ervika i all si prakt

Klar for siste økt padling!

Vi kunne godt ha vore eit par dagar til, men nye avtalar og jobb venta. Kortreist ferie på Stad gav overskot! Gode dagar. Gode minne. 

søndag 13. januar 2019

Januarsurf på Blimsanden

12.01 Nytt år - ny influensa. Skjelven, men sosialt underernært og sugen på frisk luft vart eg med på padling. Det hadde vore ruskete og nordleg ver og vi for ut på Blimsanden. Der kunne eg avbryte økta og gå i land kva tid som helst, noko som passa meg fint. Vi var to grupper med padlarar ute denne dagen, og dei krappe bølgene på Blimsanden gav meir utfordringar enn fin surf. Rulla satt, og eg klarte økta utan å måtte ut av båten. DET var ein personleg siger!!

Fine fyrar å henge med på ein laurdag. Store bølger til å vere Blimsanden. 

Det er ruskut, men faktisk ganske koseleg utpå. (Foto: @tuagull)

Lite vind og ikkje spesielt kaldt verken i lufta eller i sjøen, til å vere januar. 
 Eg hadde gløymt kameraet, men Ingvild og gjengen var og på stranda. Da dalar ned bilder på messenger etterkvart! Takk Ingvild! (Sjekk ut @tuagull på instagram)

Sliten men nøgd - og slengt langt inn på tørt land! (Det er eit tegn frå oven som betyr sjokoladepause) (Foto: @tuagull)

Eg klarte å snike med meg på eit av Øystein sine bilde bilde og: 
(Foto: Øystein Pilskog/Kajakkguiden )

Sola som var lova var sein, men kom akkurat då vi avslutta økta. Vakkert. 
  

 

5 km padling + mykje att og fram på surf som ikkje er inkludert. 

søndag 9. september 2018

Vilt og vakkert i Vetvika

8.-9 september NB: Før du tenker på å padle til Vetvika, skal du vere heilt sikker på at både du sjølv og dei du padlar saman med har vore ute ein vinterdag før. Det er eksponert og rotete farvatn, og ein må alltid rekne med å handtere straumen frå heile Nordfjorden, tung dønning frå vest og skiftande vind og lokale byger (på grunn av Ålfotbreen like innafor). På strekket er det få, om nokon, plassar å gå i land, og det er sjeldan eg padlar i område med så lite "plan B" som dette.

Når det er sagt så hadde vi eit vervindauge på 1,5 døgn denne helga, med meldingar under 2 m/s vind, og vi meiner at vi har vore ute ein vinterdag før...

Måløybrua: 0 m/s. Timing is everything! 

Idyll! 20 grader og full sommar. 

Vi la ut ved den gamle handelsstaden på Vågsberget, for å få kortast mogleg strekk å padle. 

Eg hadde gløymt både kart og kamera heime - noko som var ei sjokkerande oppdaging. Nina hadde heldigvis dobbelt opp med kart, så vi berga. Synd at det berre vart mobilbilde frå land på denne turen, men slik vart det denne gongen! 

Beinstrekk og første stopp på Klovningen


Topptur på den eine "humpen på Klovingen. Veststeinen i bakgrunnen

Turen vidare gjekk rett ut til Veststeinen, deretter rett mot venstre og inn i Vetvika, mellom fjella (bak Nina). 

Frå Måløy til Klovningen hadde vi vindstille og straumen med oss, så det gjekk på eit blunk. Det var havblikk og vindstille med lange seige dønningar då vi la ut frå Klovningen. Vi sette kursen rett mot Veststeinen. Det var stilt og nydeleg heilt til vi kom dit. Då kom det ein floing frå ingensteds, og i løpet av 2 minutt så var det vindbølgjer, vindkast og mykje å forholde seg til. Siste strekket med dønning på skrå bakfrå, vindbølgjer på skrå bakfrå frå andre sida og kastevind frå fjella rett inn frå sida var det litt meir krevjande å padle. Det skiftar fort her ute!  


Ankomst Vetvika. Goldt, utriveleg og idyllisk på ein gong. Foto: Nina

Stort landskap

Framtidig Kannestein?

På stranda var det nesten ikkje ved - og det som fantes av trevirke var små klossar og pinnar på 15-20 cm. Vi saumfor stranda og enda opp med to ikeabagar med småbitar.  


Septemberbad! Det vart symjing med oter, men han stakk før vi fekk ta bilde.
Det vart middag og bål, og etterkvart ein aldeles fantastisk solnedgang! Himmelen stod i brann, og vi hadde orkesterplass.  





Korleis det skulle verte å komme seg FRÅ Vetvika var litt spennande. Det var ikkje dekning for å sjekke vermeldinga, og vi visste det var bygever på gang dagen etter. Vi skulle ha eit greit vervindauge, men utan dekning fekk vi ikkje sjekka oppdaterte vermelding. Vi stod difor tidleg opp, og var effektive i pakkinga.  

Klar for avreise - veret såg lovande ut og vi hadde trua!

Då vi kom ut av vika var det allereie sørvest vind og rotesjø. Etter å ha runda neset, forøvrig med skikkelege skvalpebølgjer, fekk vi fin medsjø og medvind nokre kilometer. Den største utfordringa var eit par plutselege vindrosser frå fjellet. Når ein tek støttetak i lufta opp mot sidevinden..... vel. Det gjekk bra. Då vi kom til fjordmunningen fekk vi ei ny utfordring, som eg heilt hadde gløymt å ta høgde for! Straum! Heile Nordfjorden skal jo inn og ut her... Vi var heldige og kom over på siste floinga, så vi hadde i alle fall straumen med oss. Straumbølgjer og vind gav krevjande padling heilt til vi kom over på Vågsøysida. Dei 2 sekundmetrane med vind som var meldt såg ikkje vi noko til. 

Attende på Vågsberget! Yess - vi klarte oss godt!  

Bygeveret gjekk i fjorden. 

I løpet av helga vart vi einige om å ta opp att prosjekt månadstelting. Vetvika var kul, men eg kjem ikkje til å padle her ofte. Det er for eksponert. Klovningen derimot, dit har eg lyst ut att! Skikkeleg kul plass! Dette er sjøfuglreservat med ilandstigningsforbod frå 1. april til og med 31. juli. 

Kart over turen. Raud = laurdag (16 km), blå = søndag (12 km) 
Snittfarta var imponerande trass forholda, så vi padla i mindre enn 5 timar til saman i løpet av helga. 
Vindmålaren på Måløybrua viste 13 m/s då eg for heimover.