lørdag 19. mai 2018

17. maipadling i Kvænangen - Verfast på Spildra

19. mai Dette vart ein kalkulert verfast dag på Spildra. Bjørn Tore kom seint, eller faktisk ekstremt tidleg på døgnet, og det var ikkje noko å seie på velkomstkomitèen. Med svartrøyk, spesialutlagte lunnar og flagg var det i grunn berre raud løpar som mangla.

Velkommen!

Camp Skarberget tek form. Flott plass! På den andre sida av bukta var det hengekøyeskog, samt rennande vatn. 

Lekkert! I tillegg til oss var det tre andre frå Tromsø, så vi var tilsaman 11 padlarar første natta.

Frukost. 
Kine hadde med dadlar, og det var kanongodt å steike i lag med baconet..

Herlege Kine med mykje godt i sekken og ALLTID godt humør, også på ein litt hustrete morgon. 

Klare for spasertur! Fjorden gjekk kvit, og no skulle vi utforske Spildra. 

Gedigen maurtue

Hovudvegen - og vi gjekk HEILE vegnettet på øya i løpet av dagen for å seie det slik. 

Fin utsikt tilbake mot Nøklan og padleetappa frå dagen før. 

Vi traff ei lokal ei, og eg fleipa med at vi var i Spildra sentrum. Då fekk eg klar beskjed, sentrum var det, men bygda heiter Dunvik. Fantastisk utsikt til Kvænangstindane. 
Det vart bygd molo her på 1980-talet og då blomstra visst bygda. Eg reknar med at Kystverket hadde ein finger med i spelet. Vi fann både butikk og pub, og det var greit med åpningstidene; berre å ringe: 


Snackstop

Her skilde vi lag og John Ivar, Ragni og eg la ut på kulturminneløypeekspedisjon. 

Første post var ei samekvinnegrav frå 1300-talet. Eg var førebudd på å bruke fantasien gjennom løypa. Eg kvapp difor då eg brått stirra mot eit høgst reelt kranie.


Her leika dei ikkje kulturminneløype! Stien låg veldig fint i terrenget. Han var godt, men diskret merka. Informasjonen var minimal, men presis, og perfekt plassert i høve til å sjå og forstå kva vi såg. Eg trur dette er den flottaste kulturminneløypa eg nokon gong har gått.  

Gravplass

Offerstein

Søstrevollen, med spor etter gammar og naust

Norrøn mannsgrav frå ca 400-500 etter kristus. 

Fjorden gjekk kvit og det var heilt greit å vere på land på dei steinute strender

Gåseegg (eg fekk nesten hjarteinfarkt då gåsemora flaug opp)

Nødsarbeidsvegen: Nygårdsvollveien frå 1937-39


Bureisingsbruk


Vakkert i vest! Skaga var spesielt flott. 
Har vi gått hit skal vi jammen få med oss bjørnegravene og...

Skaga

Råe strender langs Skagevågen med meir enn rikeleg brensel og drivved. 

Heilag plass for samane etter gammalt, og det var magi i dette landskapet for oss og. 

Offerstein

Offerstein (Foto: John Ivar)

Bjørnegrav. 
Seremoniell eting og gravlegging av bjørn var ein religiøs skikk som samane hadde. Bindeledd mellom vår verd og underverda? 

Rødsildre?

Bjørnekraniet låg i den siste bjørnegrava vi kikka inn i.

Magisk pause på heilag grunn

Vi bestemte oss for å vere på eventyr resten av dagen, og krysse øya på langs gjennom terrenget og over fjella tilbake til campen vår. Vi var realistar på at det truleg ville ta lenger tid enn å gå same vegen tilbake, men er ein på tur så er ein på tur. Høge på snop og kjeks la vi i veg, og det vart ein veldig fin, men lang tur over. 



Skikkeleg fjell, fiskevatn og fjellbjørkeskog 

Over siste skaret og straks på høgaste punktet (Foto: John Ivar)


Reinfjorden inn her

Jøkelfjorden innover her

7,4 km og 500-600 høgdemeter - Spildra på langs!

Det var godt å komme til camp, og der hadde resten av gjengen laga til gapahuk, bål og venta med middagen! Herleg syn... Sidan vi var minst to måltid på overtid smakte middagen ekstra godt denne kvelden.

Jarle klar med nakkekotelettar....

Kald kveld i camp, iskald vind. 
Vi bestemte retur neste dag ut i frå vermeldinga. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar