mandag 14. mai 2018

Kortreist camping på Vigra

12. mai Når det er sommar på Sunnmøre, er det berre å hoppe. Det hjelp ikkje at kalenderen seier tidleg mai, sommaren er her og NO! Sygni og eg brukte å vere gode på miniekspedisjonar, og har lyst å ta opp att den tråden. Vi hadde sett oss ut ein fin plass nord på Vigra, og var seint ute med masse stæsj. Typisk urutinert. På veg bort oppdaga vi til vår store overrasking at det allereie var fleire telt der vi hadde blinka oss ut. Det var som svarte! Sola hadde starta kveldsshowet, og her var det berre å finne plan B fortare enn svint. Camping vart det, solnedgangen var fantastisk, og lyset utover natta var magisk! Det er kjekt å sitte å prate utover kvelden medan bållukta trenger seg inn over alt.



5 på solnedgang

Midnatt


Doggfall og rå luft gjennom natta, men full sol frå morgonen og ein liten bris. Eg sovna attpå og vakna med eit rykk då Sygni ropte at kaffien var klar. Kvalitetsvekking. 

Lang frukost på berga

Bekkeblom?

Vi rekognoserte etter fleire moglege teltplassar i området før vi for heim - og hit ut skal vi fleire gonger!

Kva er dette?

Store mengder stein - det må no verre noko meir enn ein levegg? 

Eit yrande liv i dammane

Kortreist kamping er knall, eit steinkast frå bilen er vi rett ute i flott natur og store opplevingar. 

1 kommentar:

  1. Takk for kjekk tur- godt å sove i telt att! Og veldig fine bilder!

    SvarSlett