lørdag 5. mai 2018

Strandrydding Synesholmen vår 2018

30.april og 5. mai
Monica tok eit strålande initiativ for rydding i Synesvågen og Synesholmen. Padlarane i kommunen har "adoptert" området og med det lova å rydde 3 gonger i året. Eg tok turen ut som liten kveldstur, medan Monica og Frode overnatta og brukte heile laurdagen på å rydde holmen. På Strandryddedagen litt seinare var vi ein heil gjeng som for ut for å pakke avfallet i storsekkar og gjere det klart til henting. Det vert spennande å sjå kor mykje avfall vi finn her neste gong - er det gamle synder eller årleg tilførsel?
DEL I

Kort langgrunn padling ut til holmen. Friskt i vinden. 

Innover vågen mot Vigra og fastlandet

"Happy campers" i solnedgang


Eg starta rekognosering og rydding medan dei andre slo opp teltet. 

Ikkje alle som overlever her ute..

Komplett kvalitetstelt med pluggane i. Skal tru kva som skjedde her? 

Det tok ca 10 minutt før vi innsåg at anna avfallstransport enn kajakkar var heilt naudsynt. 
Eg fylte opp min kajakk med plast då eg for inn att, og det var bokstaveleg ein dråpe i havet. 

Lekker solnedgang

Erkna

Kula gjekk reint ned i havet! Sjeldan å sjå! 


Solnedgangen er endå kjekkare når det er vindstille og minst to personar! Iskald nordavind la ein dempar på stemninga og vind, svalp og skyming bidrog til ekstra spenning då eg padla inn att åleine #dårlegplanlegging. Når ein i tillegg har meir lyst til å telte enn å fare heim så vert det litt surmuling.

DEL II

Med båt, storsekkar og mannskap denne gongen.

Ungane som var med var sjokkerte: oi! - så mykje skrot! 
Frode og Monica hadde gjort ein kjempejobb med å samle alt skrotet dei fann på holmen på ein plass. 

Med  mykje mannskap gjekk det raskt å pakke. Vi klarte heller ikkje å finne noko særleg meir synleg plast. Men om ein startar å grave i gras og lyng så knasprar det i plast under torva overalt. 


5 storsekkar og nokre store objekt utanom. 

Bra gjeng - bra jobba!  

Håpar vi finn veldig mykje mindre her neste år!

Sosialt, hyggeleg og flott natur! Strandrydding er også kjekt, om ein ser vekk i frå alt avfallet som dukkar opp over alt. Det største problemet denne dagen var å få med ungane heim att...

"Plastfritt Giske" ordna med henting seinare på dagen. Det er ein enorm dugnadsinnsats bak ryddinga i kommunen, og både folk og bedrifter stiller opp. 
Denne dagen var det og sosial markering i Øygardshamna og ryddefolket seig på til grilla gratis fiskerettar frå sjømatorganisasjonane, skattejakt for ungane og innspeling av song i studioet. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar