fredag 18. mai 2018

17.mai padling i Kvænangen - Øyhopping i all slags ver

18. mai
Ikkje klokke, ikkje avtalar. 100% ferie. Det var ein nydeleg morgon. Sjøen som hadde stått på mot stranda la seg og sola varma. Vi låg oss frampå og etterkvart vart det brunsj i sola. Leirplassen på Nøklan var aldeles nydeleg.

Camp Nøklan

Lekkert!



 

Vi kom oss etterkvart på havet, og hadde eit vervindauge på nokre timar. Det store åpne fjordlandskapet var varmt og gjestfritt. Det stilna heilt på sjøen, og vi for på oppdagingsferd frå holme til holme vestover. 

Høyholman

Tilbakeblikk Nøklan - "vår" strand til høgre

Lekker tinderekke - Kvænangstindane på godt over 1000 meter rett opp frå havet.

Vår i nord og fugl på sjøen

Høyholman var og fulle av dolomitt-berg i dei underlegaste fasongar. 


Lille Altafjorden og etterkvart Burfjorden innover her

Speglhav

Det tok ca 15 minutt frå speglhav til vi hadde rikeleg med motvind og krappe fjordbølgjer i mot. Ingen bilde frå den delen av turen. Det var ikkje så mange kilometer att til Spildra, men vi måtte jobbe for å komme over. Uvant med motvindspadling og litt tom i kroppen på slutten. Iskald vind og hagl i bygene. 

Deileg med pause i skogen! Endeleg ute av vinden! 

Her vart det påfyll og real. Akkurat då vi skulle fare vidare kom det melding frå dei andre, dei hadde landa på avtalt basecamp, og vi var på same øya! Siste strekket var kort, vindne hadde løya og vi såg fram til å treffe endå fleire kjekke padlarar!
  

Basecamp Skavberget (Fattnjàrga)

Full velkomstkomitè

Leir! 

Til saman 11 padlarar i tre ulike grupper hadde funne vegen hit denne kvelden. Så vermeldinga hadde blitt tolka på same viset av fleire.  

Dag 2 - rosa etappe - 12 km


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar