Ta-rei! Ut på snirkletur med utgangspunkt Alnes
Flott fyr - som alltid!
Langs land ut mot Lestaskjeret.
Dramatisk natur og breie glis. God stemning.
Bittelitt action på Lestaskjeret...Men nok til å kjenne på kreftene.
Innimellom og rundt kule formasjonar
Grottepadling
Ups. Fanga i fella. Klarte å sjarmere meg forbi manngarden.
Med lavt blodsukkernivå og aldeles på overtid vart vi einige om matpause og beinstrekk på Høgsteinen fyr.
Høgsteinen fyr - landemerke som eg ser i frå stova
Eg har ikkje vore inne i dette fyret før. Det var skikkeleg tårn-stemning, med murstein, flassande murpuss, trange vindeltrapper og tjukke veggar. Eg såg for meg Rapunsel med flettene oppe i glaset.
På toppen av Høgsteinen. Veldig bra padlegjeng! Blide og kjekke karar altså!
Sukkertoppen
Lunsj - eller nons alt etter kor ein ser det.
Avgang
Vi klarte å berekne det slik at vi fekk vindrossene i forkant av den EINE regnbyga midt i fleisen på veg heim. Seige kilometer. Det var kanskje ikkje SÅ mykje vind, men det er evigheiter sidan eg padla i motvind, og eg er jo litt for lat til å synes det er kjekt. Trimmen fekk vi, og tilbake i hamna hadde vi full runde rundt øya og utruleg mange fine inntrykk frå svell og stein og fyr undervegs. Ei redning fekk vi og prøvd oss på - og mairulla på godsida er i boks.
Takk for turen!
Ca 20 km
Godøya: namnet kjem av heiden gud og fortel truleg om heiden gudsdyrking på øya (stadnamnleksikon)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar