tirsdag 26. juni 2018

17. maipadling i Kvænangen - Paradepadling og festmiddag

17. mai
Langhelgene i mai er gull verd. Det har nesten vorte ein tradisjon med 17. mai-padling. Noko som er ei særs passande feiring av fridom, sjølvstendig stat og demokratiske rettar for alle.
Vi kom seint men godt i gang med langhelga, men plan D vart iverksett med strålande resultat. Kulingen låg bak oss og vi hadde enkel utsett av kajakkar i sommartemperatur og havblikk.

Rakkenes og Kvænangen før start

17.maipadling krev bittelitt meir rigging

Ferdigpakka, påkledt og veldig klare for tur!

Finaste 17. mai-toget! 

Kine hadde dessutan fått med seg tradisjonelt 17. mai tog og feiring på Kvaløya før vi for. 

Dramatisk og trolsk kveldslys over Storstraumen


Nøklan 

Godt å komme i land i rullesteinsfjæra. 

Eg er ikkje kejnt for å være særleg kulinarisk på tur, men denne gjengen har planan klar, og sidan eg kom med fly fekk eg litt ekstraservice. Og for eit måltid som vart stelt i stand! 





Bålsteikte laksepakkar med heimelaga kryddersmør og fløtepotet. Namnamnam! 

Det vart ein kjekk kveld rundt bålet og vi rista av oss kvardag, stress og mas. Den største spenninga i løpet av natta var knytt til KVA som kom rekande i høg fart mot oss..

Hornmina viste seg å vere ei stor bjørk i fri flyt

Kule formasjonar på øya vår

Padling 1 dag - blå strek - 7,5 km

Link til dag 1 - Nøklan

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar