Viser innlegg med etiketten Vigra. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vigra. Vis alle innlegg

onsdag 28. oktober 2020

Mørkepadling på Molnes

 28.10 Sesongstart for mørkepadling! Mallavika - Molnes tur retur vart 7,5 kilometer padling i mørkt landskap og fin dønning. Når auga venner seg til mørkret er det ikkje lenger så svart. Silhuettar og konturar i landskapet blir tydelege. Det skya til, men med vindstille og 10 plussgrader var det likevel ein nydeleg kveld ute. Dønningen som traff land brusa og støya, men det høyrdes verre ut enn det var. Torunn tok ei lita overraskande økt med rockhopping og surf. Beinstrekk med bål og prat gjorde godt og eg lada batteria for vinteren. Padling i små grupper må vere ein av dei beste aktivitetane som er godt  innafor smitteverntiltaka. Kanskje det er slike turar som blir sosialiseringa framover?  

Mallavika by night

Raudt lys er godt for nattesynet. Lene H  padlar forbi rett fram her.
Det er ei utfordring å finne rett nivå på lysa vi brukar: godt synlege, men utan å blende oss sjølv eller andre. 

Beinstrekk og kvalitetstid! 

Takk for turen! 

søndag 27. oktober 2019

Båre og brott på Vigra

27.10 Vind og bølgjer frå nord betyr potensielt mykje gøy i området her. Søndagen stilna vinden, men det var framleis mykje drag i sjøen. Vintertid og snø i fjella. Vi starta med ei sjeldan fin surfeøkt på Blimsanden. Litt drilling på baklengssurf gjorde godt, det var lenge sidan sist! Deretter var det utforsking ved stakar og skjer. Sjølv om det var grått og vasskaldt var det greit å vere i aktivitet - så lenge pausane på land vart korte nok. Øystein hadde "djupdykk" som tema for dagen, og gjennomførte med stil. Brotta er fine på den måten at ein kan velje kor nær ein vil vere og kor mykje sjøsprøyt ein vil ha - så alle kan få tøye si eiga komfortsone.

Blankstille innom skjera, men godt drag i sjøen utanfor. Grått, men flott! 

Øystein køyrer på! Rockhopping er ikkje like lett å berekne, så her vart det skrammer, men heldigvis berre på utstyret. 

Favorittstaken? 

Bølgja ved sidan av staken er flott, men vanskeleg å treffe.

Hårfint for langt unna... (Foto: Øystein/Kajakkguiden)

Venting er ein del av gamet

Bildeserie av eit av Øystein sine djupdykk: 

1. Ser lovande ut! Her vert det surf!

2. Ups, kjem litt bakpå her

3. Ups... kvar vert det av kajakken no?

4. Skikkeleg UPS UPS! Kvar vart det av mannen? Vi gjer oss klare for redning...

5. Kva skimtar vi der?

6. Hammeren stig opp frå djupet. 

7. Våt, men glad. Spytta ut like heil og rett veg. Kven skulle trudd det! 

Roger testar ny leikeplass.
Borti her har vi nesten ikkje vore før - men det var fine skjer og ei veldig artig spretten lita bølgje! Det vart etterkvart nye djupdykk. 

Transportstrekka vart totalt 6 km - og sikkert like lang padling att og fram i surf og brott. 

mandag 14. oktober 2019

Mørkepadling i måneskinn og morild

13. oktober
Vi la ut ved solnedgang, med store forventningar til kvelden. Det er kaldare og mørkare no, men naturopplevingane kan likevel vere store og frisk luft gjer godt!

Sola går ned

Klar for mørkepadling

Denne dagen ville vi ha minimalt med lys. Det var ein trekk i mot, både i sjøen og i lufta. Vi snirkla langs land, såg ein oter og ein hegre. Ingen sel heime i vågen i dag. Skyminga kom fort, og etter ei lita stund såg vi ein gul sigd som steig opp frå fjella i aust. Månen steig raskt, frå flis, til halv, så nesten heil over fjella. Stor,  gul og rund - og eit svart/kvitt kaldt lys spreidde seg utover landskapet. 

Eit stjerneskot fall over Lepsøya, og vi granska den mørke sjøen nøye. Er det morild her? Vi såg ikkje noko, kanskje eit lysglimt her eller der, og var nesten litt skuffa. Då vi snudde fekk vi super medsjøpadling - det gjekk kjempefort - og lett! Skuffelsen var gløymt og hu hei kor det gjekk! 

Sjølfie.  

Brått var det action! Det gneistra og skein i vatnet. Kanskje månelyset gjorde at planktonet gjekk djupare? På omlag ein meter, då vi drog årene gjennom vatnet skjedde det mykje! Det minna om stjernestøvet frå tryllestaven til Tingeling, eller kanskje gneistrane frå eit bål. Vi vart sittande å plaske med årene i minst ein kvarter. Utruleg fasinerande. Lene hadde mange morildhistorier frå sommarferiar på Sørlandet, så eg skjønte at det var ei morild-light oppleving vi hadde denne kvelden. Likevel veldig stilig og artig! 

Månelys, finsnirkling i mørkret mellom skjer og steinar, småsurf på revet og ein skikkeleg surf inn på stranda! Mørkepadling altså!



t/r 13 km 

mandag 20. mai 2019

Rått og råfint på Rosholmen

19.05 Dette var ei lang helg i nasjonalromantikken sitt teikn. Etter hurrarop og sukkersjokk 17. mai, masse høgdemeter og sure skibein og/eller etterdønningar av GP-festen, treng ein rett og slett ope hav og frisk luft. Motvind og tjafs i starten, sel og holmehopping ved Rosholmen, speglblankt hav og magisk lys innatt før ei finfin badeøkt med rull og tull.

Kva kan dagen bringe?

Tarehopping!

Delfinsteinen

Å stige i land er like spennande kvar gong. Her alternativ vri. 

Fine folk!!




Lykta på Rosholmen


Skulpturparken på Rosholmen er naturleg og fantastisk flott! Jettegryter, bølgeberg og formasjonar i fleng. 

Er det plass, skal det padlast! Foto: Roger

Klar for heimveg - utan medvind, men med fantastisk lys! 

Framleis snø i fjella

Lekkert! 

Torunn!

Dobbelrulle

Tur/retur 11 km

onsdag 17. april 2019

Firarbande på tokt til Langholmen

11.04. Gamle og nye venner, gamle og nye kunstar. Teknikk er ferskvare og læring gjer vi heile tida. Vi tok ein damenes aften for å leite etter snill surf. Vel. Snillare enn dette skal ein leite lenge etter. Det vi fanga mest av var magisk lys og solkula i havet.

4 x 4 = 44?

Ein fotograf på stranda var interessert i å nytte oss som fotomodellar, og det måtte vi no stille opp på! Eg er spent på å sjå dei svart/kvitt bilda som han tok av speglinga og oss knallkule padledamer.  

Flåten; Nuka, Nuka, Epsilon, Play.  
Sandbotn og sydenstemning! Vasstemperaturen litt meir arktisk, og det heldt med 2 ruller. 

Her er ein av leikeplassane våre. Så flatt hav som her er ekstremt sjeldan! 
Det går ikkje an å verte skuffa over manglande sjø på slike kveldar - det kjem nok dagar for surf seinare! 

Vi sette kursen utover mot Langholmen, horisonten og solnedgangen.   

Sygni - nyrulla med ny kajakk - og berre litt kald på fingrane! 


Torunn med ny kajakk - dei kler kvarandre godt! 

Lene H - nysurfa og hekta? Ho traff perfekt på den einaste bølga vi fann denne dagen

Vi fann eit brott på utsida av Langholmen der det var litt "action" så eg fekk leika meg litt. Kvelden rann ut og det var tid for solnedgang. Den vart nydeleg - med klåre sterke fargar og kula i havet. Ikkje eit vindpust, og ikkje ein lyd.   

  




Der var sola vekke, og nymånen fekk stafettpinnen vidare

Blåtimepadling med straum og bølgjer i ryggen heimover. Like nydeleg som solnedgangen. 

Ein perfekt kveld vart avslutta med redningsøving og balansekunst inne ved stranda. Redningane satt, men balanseringa kan eg godt øve meir på! Eg gler meg til firarbanden etterkvart finn surf...!!

Takk for turen! :) 

 8 km t/r