mandag 23. juli 2018

Sommarnatt på fjorden

21.07 Eg har i lang tid blinka meg ut ein holme i nærområdet som perfekt til båling og sosialisering. Brått var det både ferie og finver samstundes, så eg lodda stemninga. Jammen var det ikkje ein heil gjeng som ville vere med ut på tur. Heimeferie er aldeles fenomenalt, når vi bur som vi bur, midt i indrefileten.
Fjorden full av folk på ein laurdagskveld!! 




 

Fornøgd gjeng! Organisering: Monica. Foto: Audun. 



Holmen fann vi, like fin som eg trudde - i alle fall i mine auge. Men eg var bittelitt bekymra for lite ved, så eg måtte hente litt på naboholmen i tilfelle. Båling har jo vore fobode heile sommaren, men på eigen holme i flomålet må det vere innafor, sjølv i ein tørkesommar. 

Vedhenting. 
Grusom jobb sjølvsagt, men nokon må ofre seg. Kjekt å sjå fyrstikksiluettane til dei andre og høyre på kjatring og fliring som sprer seg over bukta. Sommarkjensle av type perfekt. Fine folk. Magisk lys. Måtte klype meg i armen. Sjeldan ting som eg fablar om vert så bra når det vert realisert. 

Betre vert det ikkje...

Astrid sørga for kveldens bilde av meg og. Smilemusklane fekk køyrt seg. 

Alle tok ved-ansvar, og jaggu vart det bål. Heile kvelden. Både på himmelen og i flomålet. 
Noko som var heilt naudsynt for å halde ein billion bittesmå fastbuande på tilstrekkeleg avstand..




Det som skjer på holmen, blir på holmen. Nokre ville overnatte, resten padla heim i svartaste sommarnatta. Lys var det dårleg med, så det må inn i standardoppsettet no. Det var nesten tropenatt, og HEILT stille på sjøen. Uverkeleg. Nydeleg. Nattpadling er undervurdert. 

Valderøya i sommarnatta

Gryande soloppgang...

Kalvøyholmen kjem til å få meir besøk av meg - flott plass! 
Eg padla totalt ca 18 km denne kvelden. 

2 kommentarer: