søndag 29. april 2018

Turlagspadling gjennom fleire årstider i Ellingsøyfjorden

29.april Ålesund og Sunnmøre Turistforening har sett opp fleire fellespadleturar på programmet i år. Flott initiativ synes eg, så då er det jo berre å stile opp sjølv og. Det var spennande å sjå kor mange som ville vere med, og korleis det ville vere å padle i denne type gruppe. Kjente og nye fjes dukka opp i Nørvevika, og etterkvart som vi fekk plukka opp alle langs med vart vi 17 personar på det meste. Eg er vant å padle i så små grupper at ein veit om alle er med med EIT blikk. Det gjer ein ikkje med 17 stk i følget. Praten vert kanskje like viktig som padlinga på slike dagar, og det vert stort spenn i ferdigheiter og erfaring. Alle har likevel noko å plukke opp frå andre, og med god gruppeleiing og veloppdragne padlarar vart det ein fin dag på sjøen. Vergudane på si side var klare for eit sprell og gav ein smakebit av alle årstidene.

Start med sol og Sukkertoppen i ryggen

 
Blankstille

NMK "skyline" er kul

Nørvesundet - vi pyntar opp i betonghelvetet

Ups. Regnbyge med hint av hagl. På med muffer, av med solbriller. Iskaldt. 

Magisk når verda skiftar frå grått til fargar att..

Fortroppen

God stemning! Også med ein litt ukoordinert padlar med kamera på kollisjonskurs..

Beinstrekk og lunsj på Litlekalvøya. Heldigvis hadde vi komme til vår/sommar-sesongen då vi kom hit. 

Dressert gjeng

Spotta ny potensiell hengekøyeplass, turen vart ca 15 km. 
Fellestur krev litt meir tolmodigheit, men er sosialt veldig hyggeleg. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar