lørdag 2. februar 2019

Vinterpadling med spekkhoggarar

2.02. Øystein hadde invitert til vinterturpadling Giske rundt. Det er ein av heilårsfavorittane mine, men eg var likevel i tvil om padling eller ski. Det hadde vore observert spekkhoggarar i området, og det vart avgjerande. Den som vil sjå kval må på sjøen! Vi vart ein heil gjeng og det var vinterleg og triveleg. Vindstille og klårt vinterlys.

Ålebyen og alpane i vinterdrakt

Svaneflokk

Då vi nærma oss Kvalneset såg vi det plaska og spruta og det var noko svart i sjøen. Kan det vere....? Vert vi lurt? Er det folk som snorklar? Då vi kom litt nærare var det umiskjenneleg ei svart finne som skar gjennom sjøen. Filmmusikken frå Haisommar starta opp i bakhovudet. 

Det ER spekkhoggarar!

Måsen og ørna fekk ikkje mykje merksemd frå oss - men dei sneik seg med på bilda likevel

Veldig kule, og heilt inne i fjæresteinane.

Det er ikkje spesielt djupt her, men dei store dyra manøvrerte lynkjapt over sandbankane. Då vi kom var fleire av spekkhoggarane blodige og vi såg to som reiv i ei kjøttfille. Eg trur dei hadde teke ein sel. Det låg fleire forskremte selar heilt inne i tangen.  

Dei er SÅ kule


Det er noko med å oppleve dei så nær, frå kajakk. Som nokon så godt kommenterte: Eg er tøff i trynet når dei svømmer unna, men vert skvetten når dei svømmer mot meg...
Ekstra kjekt å få ei slik oppleving på fellestur! For mange var det første kvalpadlinga. For andre har det vorte meir ein årleg tradisjon...

Finner på alle kantar






Etter ei lang stund for spekkisane til havs. Mørebankane fulle av sild, sei og torsk ligg jo rett utom her. Ei ny gruppe med større dyr kom innover og for nordover. Vi leika litt på bølga ved Kvalneset før det vart beinstrekk, lunsj og BÅL!!!

Grønneguiden får full merksemd...

God stemning i sola. Jadda, jadda, dette kan eg venne meg til. 

Vinterdagen mot hell

Nydeleg lys og starten på solnedgange på heimveg. For ein dag! For ein gjeng! Og for ei flott oppleving! 

Vi vart einige om å samle blinkskot og filmsnuttar, og Monica redigerte i hop - så her kan du sjå høgdepunkta frå dagen:


Turen (raud) - 11 km 

Spekkhoggar - staurkval - killer whale - orcinus orca. Kjært barn og mange namn. Orcus var den romerske guden for underverda. Det latinske namnet betyr noko slikt som: Den som høyrer til Orcus med stor tønnemage".

lørdag 26. januar 2019

Vintersurf med kajakkpremiere

26.01 Det har gått inflasjon i surfekajakkar på Valderøya dei siste vekene og fleire har oppgradert kajakkparken monaleg. Med nøgde og velutstyrte karar vart det surfelaurdag på Alnes. Vinterleg lys, men ikkje så kaldt. Dønning frå vest. Nesten ingenting på stranda, men bølga på utsida gjekk kvitt.

Dei tre musketerane på veg utover

Første turen i ny kajakk! Det såg ut til å fungere rimeleg greit, ut i frå både surfinga og gliset. 

P&H Delphin 155 (t.v) og 150 (t.h). 
Det ser ikkje ut som det er så stor skilnad på papiret, men det er verkeleg ein skilnad på storleik som utgjer mykje!!!

Alnes er flott i vinterdrakt!

Litt på etterskot, kan dette gå då? Nope. Bølgja - Frode 1-0

No kjem det seriebilde frå ein og same surf: 

Denne vert bra!

Padle på!

I surfen! Yess!!

HAMMERTIME! 
Imponerande å sjå full kontroll med berre kanting! Har ikkje åra i vatnet eingong. Rått!!
Bølgja - Frode 1-1

Delphinane

Fint å berre vere ute i dag. Det vart ikkje noko særleg med surf på meg og Nukaen, nokre få halvhjarta. Enten for stort eller for lite. Eg hadde ikkje mentalt overskot til å prøve meg på dei store. Har respekt for tonnevis med vatn. Det vart i alle fall tatt ei rulle.  
-
Så får eg no høyre det, då vi lempar opp på bilane etterpå; - Du skal ikkje ha deg ein skikkeleg surfekajakk då? Inntil vidare trur eg plan A er å jobbe med psyken og ferdigheitene. Men eg har ståande tilbod om å prøve desse skikkelege surfekajakkane - så kven veit? 

5 km distanse + surfinga

mandag 21. januar 2019

Pudder og nypreppa på Ørskogfjellet

20. januar Sakte men sikkert kjem formen seg etter influensa. Kortare turar i enkelt terreng er oppskrifta. Endeleg ein søndag med sol, skyfri himmel og avtale med Synnøve. Dette var første gongen min på ski inn til Jutevatnet. Eg må innrømme at det var lekkert å ha kjensla av høgfjell tvert ein går ut av bilen. Det var fine løyper og vakker natur innpakka i 10-12 kalde grader. På heimveg såg vi ein fyr gå opp lia, og han la sporet så fint i slake bautar oppover. Vi hadde nok ikkje orka å trakke spor i terrenget sjølv, i alle fall ikkje eg. Men då sporet låg der vart freistinga for stor! Med blå ekstra under skia hadde vi nok feste og kom oss på namnlaus topp på 750 moh. Det var aldeles lekkert! Med 30 cm pudder var det enkelt og gøy å stå nedover bakkane att på turskia.

Karakteristiske Trolltinden på Ørskogfjellet 


Vi møtte preppemaskina - meir nypreppa enn dette vert det ikkje! (Foto: Synnøve)

Jutevatnet! Utsikt i retning Daugstadsetra og fjellrekka som vi har vore på før
 
Oppover i lia på perfekt lagt skispor. Hare og rev hadde vore ute om natta. 

Utsikta frå namnlaustoppen på 750 moh
 
#fødtmedskipåbeina 

Totalt 14 km og ca 430 høgdemeter    

søndag 13. januar 2019

Januarsurf på Blimsanden

12.01 Nytt år - ny influensa. Skjelven, men sosialt underernært og sugen på frisk luft vart eg med på padling. Det hadde vore ruskete og nordleg ver og vi for ut på Blimsanden. Der kunne eg avbryte økta og gå i land kva tid som helst, noko som passa meg fint. Vi var to grupper med padlarar ute denne dagen, og dei krappe bølgene på Blimsanden gav meir utfordringar enn fin surf. Rulla satt, og eg klarte økta utan å måtte ut av båten. DET var ein personleg siger!!

Fine fyrar å henge med på ein laurdag. Store bølger til å vere Blimsanden. 

Det er ruskut, men faktisk ganske koseleg utpå. (Foto: @tuagull)

Lite vind og ikkje spesielt kaldt verken i lufta eller i sjøen, til å vere januar. 
 Eg hadde gløymt kameraet, men Ingvild og gjengen var og på stranda. Da dalar ned bilder på messenger etterkvart! Takk Ingvild! (Sjekk ut @tuagull på instagram)

Sliten men nøgd - og slengt langt inn på tørt land! (Det er eit tegn frå oven som betyr sjokoladepause) (Foto: @tuagull)

Eg klarte å snike med meg på eit av Øystein sine bilde bilde og: 
(Foto: Øystein Pilskog/Kajakkguiden )

Sola som var lova var sein, men kom akkurat då vi avslutta økta. Vakkert. 
  

 

5 km padling + mykje att og fram på surf som ikkje er inkludert.