lørdag 16. februar 2019

Laurdagslykke på Lepsøya - frå fjøre til fjells

16.02 Etter nøye analyse av vermelding og føreforhold vart det fjellsko og tur ut i havet. Eg har hatt Lepsøya på ønskelista i lang tid, og endeleg vart det. Det høljregna om morgonen, men vi stolte på yr.no og la i veg. For ein dag det vart!

Lepsøya frå ferja

Vi starta på Hellevika ved Ivergarden. Flott gard, og vi lurte litt på kva arrangemtn vi kunne klare å få lagt hit?  

SLIK! Slik skal ei privat parkering skiltast...


Omlag det første vi såg var to feite otrar som hadde formiddagsmat midt i stien. 

Keila med gamle nausttufter. 
I området her ute var det eit lite fiskevær, med fastbuande i alle fall frå 1400-talet til 1750-åra. Nausta var i bruk til 1900-talet. 

Vakkert sjølv om det var skuggesida. 
Veldig glatte steinar, så vi hadde eit par spektakulære fall begge to. Risikosport. 

Det tok ikkje lang tid før vi kom ut i sola og kunne vandre på store blankskurte svaberg. Det var tung dønning og eit heftig brus frå sjøen

Flott og rått!!

Spennande geologi med både små og store formasjonar.

Synnøve hadde vore her ute før, i 2017 og hugsa vestsida som svært forsøpla. Det var tydeleg at strendene no var rydda. Inntrykket i hovudsak var reine strender. På vestsida låg det trålnett/garn og plastkasser. Det skein i grønt og blått med jamne mellomrom, men avfallet var tydeleg samla i depot, og her har nokon ein plan!  

 Denne kassa stod strategisk til rett ved stien, og då vart det fart i plukkefingrane våre og. Vi tok det som låg i nærleiken og fekk det oppi boksen. Godt døme på å bruke det som rek i land som ressurs. 

Plastflasker, dokkekroppsdelar og små bitar av ymse plastprodukt. Foto: Synnøve

Stranda her heiter "Raket" og det var mykje plank og treverk og ein del plast - i hovudsak frå fiskeria. Det såg ut som ferskvare det meste. Synnøve var imponert over kor mykje som var rydda sidan ho var her sist. her er det magne som har gjort ein stor innsats! Det er kjekt å sjå at det nyttar. 

Sola hadde fått tak og det dampa av terrenget og av skjera utanfor. Vårleg og fint!

 
Lepsøya hadde mykje å by på. Fossefall og "Porten", ein lokal variant av "Kjeragbolten"

Stranda med mykje rek, og mange spor etter skikkeleg gamle dagar. Heile strandflata ber spor etter folk, med dyrka mark, hustufter og ei rekke gravrøyser. 

På slike dagar er Ivar Aasen sine ord om nordmannen dekkande. I sjela og i beinmargen, kjensla av å vere del av ei lang historie med rotfeste i kystkulturen.   
Mellom bakkar og berg utmed havet, heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave, og sett sjølv sine hus oppnå deim.

Han såg ut på dei steinute strender; det var ingen som der hadde bygt.
" Lat oss rydja og byggja oss grender, og så eiga me rudningen trygt."

Han såg ut på det bårute havet; der var ruskut å leggja utpå;
men der leikade fisk nedi kavet, og den leiken, den ville han sjå.

Fram på vinteren stundom han tenkte: Gjev eg var i eit varmare land !
Men når vårsol i bakkane blenkte, fekk han hug til si heimlege strand.
(Ivar Aasen)

Rønstadhellaren - med innlagt dusj for dagen. Flott hellar!

Også her har turistane sett sine spor - rein vandalisme. Sjølve hellaren var tørr og fin. 

Rønstad, med melis på Gamlemsveten bak der

Rett før bygda tok vi stien opp mot heia og fjellet. Vi hadde ein ambisjon om å komme oss til topps. Vi skulle ikkje langt opp i lia før det var frose og etterkvart meir og meir nysnø.

Heia

Mot toppen. Frå vår til aarktiske forhold på eit blunk. Nok fjell til å få opp puls og pust. 

Vakkert! 

Med sola i ryggen og månen som vegvisar tok vi oss til topps. Påskelys, men februarkald nysnø. 

Her kjem Nordøyvegen etterkvart
  
På heimveg fekk oppvisning av ettermiddagssola.  Ein verdig finale på ein innhaldsrik og fabelaktiv dag ute i havet. 

12 km i luftlinje, ca 550 høgdemeter alt i alt. 
Vi tok ferja 10.40 frå Skjelten og hadde god til før ferja 17.20 på returen. Då gjekk vi roleg og jamnt med ein kort lunsjpause. 

onsdag 13. februar 2019

Solskinnsfri på Sulafjellet

5. februar. Blåblå himmel frå morgonen, og siste solskinnsdagen på vermeldinga så langt fram vi kunne sjå. Korta vart stokka for ein kort dag med solskinnsfri. Standardoppsett for fjellski var ikkje heilt på plass, men det vart likevel pakka i ein fei. Påskestemning sjølv om det berre var februar. Eg gjekk mesteparten av turen opp i berre skjorta. Sulafjellet er fantastisk. Utsikt over sjø og land, og passelege bakkar for fjellski. Denne dagen var det i tillegg puddersnø og herleg nedfart! Vi er heldige!
Minst like bra som kontorutsikta!

Sunnmøre altso...

Foto: Synnøve

Sulafjellet i all si prakt framom oss

Kortfellene mine satt godt opp til Rollonhytta, men eg hadde dårleg gli. Derifrå vart det berre ball. Dei datt av og krølla seg. Då hugsa eg at det same problemet i fjor... Det var ikkje mogleg å smøre godt feste i bakkane, og det vart ein kraftanstrengelse å komme seg opp. På ein slik fin dag går det ikkje an å verte sur, sjølv ikkje av bakglatte ski. 

Vardane!

Det er noko med å komme opp, sjølv om det er eit slit. Til vardane som står og ventar. 

Utsikt 360 grader

Vinterkledd padleparadis

Det var energi i sola!

Godt nøgde! 

Pudderfest ned att! 

Nye feller vart bestilt på veg heim. 


søndag 3. februar 2019

Snøbygesurf

3. februar Tunge snøfiller dalte ned. Dårleg sikt og dårleg brøyta. Oppvarming med snømåking i tørrdrakta. Kajakken full av snø etter ei natt på biltaket. Det er berre spesielt interesserte som fer ut på surf på slike dagar. Altså oss. Etter opplevinga dagen før så håpte vi på surf med spekkhoggar - og var einige om at eventuell kval trumfa surf.

Liknar på vinterpadling


Alnes i vinterdrakt. 

Februarrulle inne i hamna - sjekk. Vi måtte utom for å finne bølgjer. Roger starta med ein supersurf. Deretter var det rotete mønster og vanskeleg å fange surf. Vi for inn på stranda og prøvde oss litt der og, men det var ikkje særleg bra der heller. Sjøen fall, og vi venta at det vart betre forhold utover dagen. Då vi tok lunsj var sjølvtillita låg. Eg hadde ikkje klart å fange meir enn eit par surfar heile føremiddagen.

Innpakka i fjellduken, med varm lunsj i magen, var det freistande å berre gje seg for dagen. Frode finta meg ut med ei lissepasning (i overført betydning), og brått var eg på veg utover att. Noko som eg i ettertid er veldig glad for! Del 2 vart nemleg både lysfest og surfefest! Det var perfekte forhold der ei stund og den låge vintersola og bygene spelte kvarandre opp til eit dramatisk himmelshow. 

Utover for økt nummer to for dagen. Lysfest i startgropa. 



Hammertime!

Jaggu kom han seg med - P&H Delphin 

Lekkert i pastell! 




Masse flotte surfar, høg på livet, ny sjølvtillit. FOR EIN DAG! Ingen kval, men det gjorde ikkje det slag. Kolonnene i tunellen går oftare og det opnar for meir leik utover våren.

I rein distansepadling: ca 6,5 km. Med surfinga? Truleg det dobbelte. 



lørdag 2. februar 2019

Vinterpadling med spekkhoggarar

2.02. Øystein hadde invitert til vinterturpadling Giske rundt. Det er ein av heilårsfavorittane mine, men eg var likevel i tvil om padling eller ski. Det hadde vore observert spekkhoggarar i området, og det vart avgjerande. Den som vil sjå kval må på sjøen! Vi vart ein heil gjeng og det var vinterleg og triveleg. Vindstille og klårt vinterlys.

Ålebyen og alpane i vinterdrakt

Svaneflokk

Då vi nærma oss Kvalneset såg vi det plaska og spruta og det var noko svart i sjøen. Kan det vere....? Vert vi lurt? Er det folk som snorklar? Då vi kom litt nærare var det umiskjenneleg ei svart finne som skar gjennom sjøen. Filmmusikken frå Haisommar starta opp i bakhovudet. 

Det ER spekkhoggarar!

Måsen og ørna fekk ikkje mykje merksemd frå oss - men dei sneik seg med på bilda likevel

Veldig kule, og heilt inne i fjæresteinane.

Det er ikkje spesielt djupt her, men dei store dyra manøvrerte lynkjapt over sandbankane. Då vi kom var fleire av spekkhoggarane blodige og vi såg to som reiv i ei kjøttfille. Eg trur dei hadde teke ein sel. Det låg fleire forskremte selar heilt inne i tangen.  

Dei er SÅ kule


Det er noko med å oppleve dei så nær, frå kajakk. Som nokon så godt kommenterte: Eg er tøff i trynet når dei svømmer unna, men vert skvetten når dei svømmer mot meg...
Ekstra kjekt å få ei slik oppleving på fellestur! For mange var det første kvalpadlinga. For andre har det vorte meir ein årleg tradisjon...

Finner på alle kantar






Etter ei lang stund for spekkisane til havs. Mørebankane fulle av sild, sei og torsk ligg jo rett utom her. Ei ny gruppe med større dyr kom innover og for nordover. Vi leika litt på bølga ved Kvalneset før det vart beinstrekk, lunsj og BÅL!!!

Grønneguiden får full merksemd...

God stemning i sola. Jadda, jadda, dette kan eg venne meg til. 

Vinterdagen mot hell

Nydeleg lys og starten på solnedgange på heimveg. For ein dag! For ein gjeng! Og for ei flott oppleving! 

Vi vart einige om å samle blinkskot og filmsnuttar, og Monica redigerte i hop - så her kan du sjå høgdepunkta frå dagen:


Turen (raud) - 11 km 

Spekkhoggar - staurkval - killer whale - orcinus orca. Kjært barn og mange namn. Orcus var den romerske guden for underverda. Det latinske namnet betyr noko slikt som: Den som høyrer til Orcus med stor tønnemage".