Lett snøver og laus snø frå parkeringa. Nokon hadde gått her tidlegare på ettermiddagen. Det var vi glade for. Fellene sat som eit skot. Verda var vakker. Månen kikka fram mellom bygene. Trea luta seg av snømengdene.
Nesten oppe stoppa spora. Det var opplet, og vi såg ein rygg. Kompasset peika vidare ved sidan av ryggen. Litt i tvil gjekk vi opp der vi såg, og kom på sjølvaste toppen av Frostadtind. Sjølvaste toppen ligg inne på ryggen, er 807 moh og markert med ein minivardesteinhaug.
Vi hadde gått forbi hovedvarden då vi kikka på kompasset gitt.
Nedover var det fløyelsføre!15 cm med laus snø/tungt pudder. Det var berre å stå! Ikkje noko lugging, passeleg brems i snøen, lett å svinge! Herleg! Superherleg! Vi møtte ein kar på veg opp, og vips var vi nede. Eg kjende meg nesten litt snytt. Var det ikkje meir bakkar enn dette? Vi møtte fleire små vettskremte spissmus i skispora på veg ned. Kva no dei skulle ute om kvelden.
Eg trur aldri eg har vore på skitur med betre føre nokon gong. Det var berre heilt fantastisk. Vi er heldige som har moglegheiten til å berre stikke på slike kveldsturar!!
Avgang 19.30
Toppen 21.00
Attende i bilen 21.40
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar