5. januar Proppfulle av julemat og nyttårsforsett heiv vi oss avgarde rett etter jobb. Magisk blåtime over Ålebyen. Broddar var eit must på den tjukke ishella i stien. Stjerna lyste så fint over byen og det var som vanleg eit nydeleg rundskue i frå toppen. Tursesongen 2018 er med dette offisielt opna! Returen gjekk vi ryggen heilt ut til rundkøyringa, og der var det potensiale for både det eine og det andre utover våren.
Blåtimen over Ålebyen
Stjerna lyser på åskammen
Flott utsikt over byen frå "medalja si bakside".
Retur ned ryggen.
Totalt 5 km og 200 høgdemeter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar