lørdag 16. juni 2018

Workshop med veilederspirene i NPF

16. 06 Veilederspirene i padleforbundet (NPF) trong folk å øve seg med, og inviterte til workshop. Mange hadde lyst til å delta. I tillegg til at opplegget var gratis, noko som sler godt an på Sunnmøre,  så var det og eit ypperleg høve til å lære nye ting, øve på gamle kunstar og treffe nye folk. Padlefolk er som kjent ganske trivelege å "henge" med. Runde ville innlysande vere ein "hotspot" for padlekompetanse denne helga.

Interessant opplegg! 

Rett over brua på Runde-sida var det perfekte forhold for både det eine og andre. 

Hyggeleg velkomst og namnelappar på hjelmen. Deltakarar i ein farge, veilederspirer i ein anna farge. Veldig lurt! Det var deileg å berre vere deltakar. Eg trur nokre av veilederspirene var bittelitt nervøse. Det er rart med det når ein er under vurdering. Det var god miks av kjente og ukjente folk. Vi vart varma opp etter alle kunstens reglar (...og gjer vi det til vanleg? Nei... Veit vi at det er lurt? Ja...) og delt i grupper. Alle gruppene skulle innom tre stasjonar i løpet av dagen. 



Nokre av dei staute kvinner og menn som skulle halde styr på oss denne dagen. 


Mi gruppe starta med redning, noko som var ein veldig god start på dagen. Då får ein gjort unna badeangsten og vert kjent med dei andre i gruppa. Eg kunne ønska meg litt meir struktur på denne økta og litt mindre "finn ut av alt sjølv" (eg er ikkje heilt på linje med NPF her). Akkurat når det gjeld redning tenker eg at det å lære seg nokre teknikkar som sitt 100% + knallrask kameratredning er betre enn å bruke masse tid på å prøve ulike ting som ikkje funkar. Eg lærte at eg må øve meir på reentry og rulle. Dessutan var det ikkje veldig store forhold denne dagen, så eg vart minna på å få med meg nokon ut i STORE forhold og øve redning ein dag. 

Lunsj i basecamp og berre blide fjes å sjå - i alle fall på deltakarsida. Vi delte historier frå dei ulike gruppene og tips og triks. Viktig å få i seg nok mat på ein slik aktiv dag. Veilederspirene hadde arbeidslunsj - dei var trass alt på "jobb" denne dagen. 

Strategiprat?

Lekkert! Akkurat denne plasten kan godt sole seg i strandlinja ein time eller to..

Mildrid nøgd rett frå surfeøkta si. Dit skulle eg på neste post! 

Som andre post altså surfing. Artig bølgje og det vart to knallbra surfar på meg! (og minst 4 mislykka forsøk ;) ) Alle fekk kjenne på surf og stor bølgje. Det vart ikkje noko dramatiske redningsaksjonar, sjølv om det vart litt velting. Kanonbra! Vanskeleg å drive "veiledning" i surfen, så det var ikkje så lett å gje tilbakemelding til denne gruppa. Det var mange veiledarar å forholde seg til, fleire enn nødvendig vil eg seie. Meir enn nok med tre organisatorar på surf. Dei organiserte det slik at det kjendes trygt, og var tydelege nok. Vi fekk fridom til å finne ut av ting sjølv og rammer slik at alle fekk tid og plass på bølgja. Eg trur det var fleire på gruppa mi som fekk tøye grensene og kjenne på grensene av komfortsona, og det er kjekt å kunne gjere det i trygge rammer. Eg fekk eit par tips frå Christian som gjorde at eg nagla den siste bølga eg prøvde meg på. Det einaste negative med denne bolken var at han vart alt for kort... Hit kan vi godt fare på surf ved seinare høve og. 

Fine sett innimellom. 

Artig med mykje folk på vatnet

Siste økta var teknikk. Edd og gjengen var i slag, og gav oss nok instruksjon til at vi hadde mykje å jobbe med og "lurte oss" til å legge inn litt ekstra innsats gjennom leik og song!! Kjekt og alltid nyttig. Det vert for lite av slik teknikktrening, og det er grunnlaget for kjekk og trygg padling i alle andre situasjonar og.  Det er så mykje å hente på kanting altså. Denne gongen øvde eg på kanting til eg faktisk hadde ein ufrivillig velt - og var med det særs nøgd med eigen innsats. Nokre artige leikar vart det og. 


Slå vatn med åra
(Veldig artig rotasjonsøving - perfekt for varme sommardagar)


Sculle seg ned etter vatn! 
(Eg får kun til å rulle meg ned etter vatn - noko å strekke seg eter her mao)


Eg vert sjarmert trill rundt av gentlemansteknikken på telemarksvingen.
(.. og fann ut at det var skilnad på euroåre og grønnlandsåre på dette trikset, eg kanta omvendt på AWP med grønnlandsåre, og det vart heilt feil no med euroåre.)

Jan Roger etter 3 bolkar med padling i bølgjer. Tolkar uttrykket som OK+ på denne dagen. 

Vi runda av dagen med erfaringar frå dagen og forhåpentlegvis konstruktive tilbakemeldingar. Eg håpar veilederspirene hadde like stort utbytte av dagen som oss deltakarane! Kjekt  og velfungerande opplegg. Sjølvsagt mogleg å forbedre noko av det - læring er eit av hovudpoenga her. Kan anbefale på det varmaste å delta på slike workshop om det skulle dukka opp ein stad nær deg! Både nybegynnarar og meir erfarne padlarar har utbytte av å prøve ut og øve på ting i lag.    

Vi runda av Runde-turen på miljøsenteret med middag der, før vi for kvar til vårt. Nokre tok ein "happycamping" og blei over til neste dag. Det skulle eg og ha gjort om eg var litt betre organisert i førkant..

"PØV- gjengen" nypadla og nøgde - og klar for bacalao!

Fin utsikt heimover frå Runde - og ein nydeleg sommarkveld i kjømda. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar