fredag 29. juni 2018

Fjordalangs i Storfjorden del III - Vidhammar og sydlandsk stemning

27. mai Om det var strabasane dagen før, den friske lufta eller fullmånen skal vere uvisst. Eg forsov meg i alle fall så det sang i hengekøya. Synnøve hadde prøvd å vekke meg, men måtte ta første kaffikoppen åleine. Det var full sommar og vi var midt i smørauget med basecampen vår. Sjølv om vi var litt på etterskot vart det lang morgon med cowboyfrukost og bading, før vi la i veg mot Vidhammar og utforsking av nye gardar og stiar.

Hengekøyevinkel på verda er heilt fabelaktig

Morgonsola og Synnøve

Eg var vaken og fekk med meg tidlege strålar av sola og konstaterte at dette vert ein fin dag. Deretter gjekk eg i dvale nokre timar til...zzzZZZZZZZZ. 

Oppstandelse - forsøk nr 2

Det er greit når ein kan forflytte seg frå hengekøya og rett ned på svaberget for frukost..

Morgonstund i Storfjorden


Utan mat og drikke.... med cowboyfrukost innabords var kroppen klar til å stable seg opp og avgarde. Foto: Synnøve

Kort sjarmøretappe langs svaberga bort til kaia på Vidhammar. Fin start på dagen!

Skikkeleg kai og sag ved stranda. 

Ekstremt frodig og mange flotte tre 

Ubudne gjestar kjem til gards

Vakkert frå tunet! 

Varmen slo frå bakken, sola steika i nakken og det anga grønt og frodig, ja nesten sydlandsk i lia. På desse gardane kunne eg godt ha budd! Litt større tun og innmark, litt åpnare og nærare fjorden enn Skjortneset og Korsadalen. Det at vi bada i sol gjorde nok sitt til stemninga og. Her var det nyslått gras og velstelte hus. 


Glimt frå tuna på Vidhammar (2 gardar)

Livsnerven..

Vi måtte vidare og stien over til Skotet var skilta frå tunet. Det var knallhardt å starte på bratte høgdemeter att i varmen. Vi gjekk i gammal attgrodd kulturmark, med styvingstre og spor etter slått og utgardar. Det var bratt og langt opp lia, og eg måtte i alle fall jobbe mentalt for å komme meg i siget. 

Vidhammarsætra (340 moh)

Varmt!!

Vi såg på klokka at vi måtte berre halde koken og komme oss vidare. Neste etappe mot Skotet var flatare, men framleis kupert. 

Fjordalangs del I - Skjortneset
Fjordalangs del II - Korsadalen
Fjordalangs del IV - Skotet (med kart over ruta)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar