torsdag 28. juni 2018

Fjordalangs i Storfjorden del II - Korsadalen

26. mai 
Vi hadde allereie gått ei grei dagsetappe med mange høgdemeter då vi tok på oss storsekkane på 650 moh. Neste etappe gjekk over fjellhei og myr, mest nedover og inn i skogen. Tunet på Korsadalen var delmålet no.

Nydeleg terreng å gå i.

Fjordlandskapet 

Vidare nedover vart det meir myr og meir kratt. 
Vi såg ikkje Korsadalen, men skjønte omlag kvar garden måtte ligge. Mykje og tett skog i liene.

Bekkekryssing - enkelt! Vi hadde los på garden no. Tampen brenn!

Brått stod vi på tunet. Korsadalen låg og i skuggen, men eg kjende meg likevel velkommen. Tunet og bygningane var godt stelt. 


Korsadalen ligg på ei hylle ca 300 meter over fjorden.  Det er stupbratt ned mot fjorden. I bakkant er det "berre" normalt bratt med skog og myr innover fjellet. Det er ein stor gard med mykje utmark og godt jaktterreng. Ålesund JFF fekk garden i gåve, og har ansvaret for å halde den i stand. 

Eg kunne godt tenke meg å komme att her og gjerne på ei anna årstid. 
 

Vi var slitne, og ville komme oss ned til fjorden for natta. Stien til sjøen var god og rydda, men det var bratt for slitne lår med tunge sekkar. 

På veg ned såg vi rett bort på Skjortneset der vi hadde vore for nokre timar sidan. Avstanden i luftlinje var ikkje mykje å skryte av, men vi hadde jammen gått nokre høgdemeter i mellom! 

Nede ved kaia var det ikkje optimalt for oss. Vi var på jakt etter leirplass for kvelden, og ville ha tilgang på vatn, ved og hengekøyeskog og triveleg sitteplass. Skulle vi våge oss vidare mot Vidhammar til neste bekk? Det såg ut som det var mogleg på kartet, men ingen sti og bratt i sjøen. Vi var einige om å klyve oss bortover, sjølv om låra mine protesterte. 

Frå strandetappa, Foto: Synnøve

Eg trur ikkje dette er normalruta til Vidhammar. 45 minutt seinare hadde vi flytta oss ca 500 meter og fann ein perfekt stad for natta.  Då var det verd alt slitet! Endeleg kveld, middag og kvile! 

Tilbakeblikk på den krevjande strandlinja, som det var fullt mogleg å gå med litt klyving. 

Andre turistar hadde vald ei meir makeleg fjordrute. Cruisebåtane frå Geiranger og Hellesylt forlet fjorden til kvelden med kurs for havet og neste hamn på ruta. 



Sommarnatta var lys og vakker. Nesten fullmåne og ein solnedgang som aldri tok slutt. Rikeleg med drivved langs stranda og drivstoff til slitne vandrarar i sekkane. Mange inntrykk å fordøye frå ein ubeskriveleg flott dag. Stolt av etappa, salig av slit og inntrykk og ei grunnleggande kjensle av å vere rik, privilegert og til stades her og no. 



Fjordalangs del I - Skjortneset

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar