onsdag 27. juni 2018

Fjordalangs i Storfjorden del I - Skjortneset og Skjortnessætra

26. mai  
Ideen om å vandre fjordalangs og gardalangs inne i Storfjorden har vi hatt lenge og den var moden - trudde vi. Då vi brått fekk både tida og veret på vår side for vi avgarde utan nærare planlegging. Det vart store opplevingar, og på mange vis ei reise i tid og rom. 

Vi for frå skodda i Ålesund og starta på Fausaskiftet i Sykkylven 330 moh. 
Vi gjekk langs stien heilt opp på Fausateighornet 794 moh, toppen til venstre i bildet. 

Ramstaddalen

Høgkleivhaugen 473 moh - varm i trøya. Skodda låg framleis i ytre, men sommarvarmen slo som ein vegg i mot oss då vi gjekk oppover ryggen. Sekkane vog omlag 16 kg. 

I dette landskapet er det verd å følgje stien framom å gå beine linjer i terrenget! 

Toppen av Fausateighornet, og første pause. Vi hadde jo eit hav av tid! - trudde  vi...


Dirrande varm sommarluft, skikkeleg hete sjølv på toppen og snødekte tindar i horisonten som aldri vart heilt klåre i varmen. 

Første glimt av terrenget vi skal gå i dei neste 24 timane. Herifrå og ned til fjorden eit par gonger, opp att på myra og bortover mot gardane på Skotet. Det ser jo ikkje så gale ut. Vi la nokre strategiar om vegval allereie her, og dei viste seg å vere bra.

Skjortnessætra var første mål. Vi måtte gå nedover og litt tilbake og la difor att storsekkane

Synnøve har los på ein gammal setervoll

Bingo! Innimellom granene låg det ei rett så idyllisk seterbu.

Skjortnessætra (480 moh)


Vi rasta på stølen og fylte på med mat og vatn. Det vart ein god diskusjon om vi skulle forsøke å finne garden på Skjortneset og.

Frå utsiktspunktet nedom Skjortnesstølen; Storfjorden og det vestlandske fjordlandskapet

Vi zooma inn på dei neste etappemåla: gardane Korsadalen og Vidhammer og stølane på Vidhammar og Skotet. I luftlinje er det jammen ikkje langt! 

Stordal rett over fjorden

Vi fann ikkje stien ned til garden på første forsøk og gav nesten opp. Då snubla vi over "motorvegen" nedover lia. Det bryt imot møringen sitt instinkt å gå nedover når han veit at han skal oppover att etterpå. Men vi trossa instinkta med grunngjevinga at om vi IKKJE gjekk ned så vert det angring seinare. 

God sti på den einaste staden det går an å gå ned til Skjorneset. Resten av lia var stupbratte hamrar og tett skog. Stien var delvis merkt med stikker og ganske tydeleg det meste av vegen. 

Lettgått sti nedover... Foto: Synnøve


Bøane på Skjortneset var veldig bratte. Her var det ikkje ei horisontal hylle dei hadde funne akkurat. Klokka var berre halv fire på ettermiddagen, men sola var allereie vekk. Denne dagen var det så varmt at det var nesten behageleg med litt skugge, men det var ikkje tvil om at garden låg baksoles til. Husa ligg omlag 120 moh.  


Flott og stort våningshus! 
Garden vart fråflytta i 1969, men familien har vistnok vore mykje her om somrane sidan. 

Flott og stor løe! Vi kikka inn og det såg ut som eit treskeverk på loftet. Dyrka dei verkeleg korn her? 


Gamle staudar i bestemorshagen

Ikkje nett leiken i steget OPPOVER att. (Det ser flatt ut på bildet, men det var det IKKJE!!)

Det var tyngre å gå oppover lia att, men vi gjekk roleg og jamnt. Stien låg godt i terrenget og snirkla seg i sikksakk i dei brattaste partia. Tida gjekk, men dagen var framleis lang, og vi var ved godt mot. Påfyll av vatn på stølen for terrengetappa i myr og småbjørkeskog fram til sekkane våre (650 moh), som vi fann på første forsøk.



Fjordalangs del II - Korsadalen
Fjordalangs del IV - Skotet (med kart over ruta)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar