lørdag 30. juni 2018

Nasjonalromantikk i verdsarvfjorden - padling i Geiranger del I

30. juni Fenomenet "Sommar på Sunnmøre" slo til på nytt! Meldinga var nærare 30+ i indre strøk og då vart det impulstur til Geiranger. Sommarstid er det ikkje mykje villmarkskjensle att her inne, så vi sette hovudet i turistmodus for å ta inn både natur- og kulturopplevingar langs fjorden. Planen var klar: Padle ei side av fjorden innover og den andre sida utover.

Klar til start i Hellesylt! Allereie varmt og godt. 

Det var som å padle i eit måleri av Tidemann og Gude eller Anders Askevold. Speglblank fjord, slørete fossefall og grøne bugnande lauvtrelier. Fjell og toppar med små snøflekkar strekte seg opp mot 1600 meter over fjorden 



Lekker kryssing av fjorden, på kortaste punktet utan å komme i konflikt med ferga eller cruiseskipa. 

Lundanes

Lundanes

Dette er den eldste garden i området, og det er gjort funn etter busetnad heilt frå frå yngre steinalder her. Garden var rekna som skredsikker, men det kunne vere mykje vind her vinterstid. Det budde folk fram til ca 1922, og rundt århundreskiftet hadde dei 5 storfe og 50 småfe. Husa frå den gong er revne, og det er berre ei nyare hytte som står der i dag. 

Nest post var Matvika, og der skulle vi sjølsagt ha MAT. Eg ville dessutan sjekke om det var kjentfolk på ferie der.

Matvika! 

Garden ligg flott til og er kjent for høg sommartemperatur og dyrking av både aprikos og tomat på friland. Her er det frodig og artsrikt og frukthagen nedanfor husa gjev avling av mange slag den dag i dag. Vi var litt tidleg ute, så det ingen smaksprøver modne (moreller, pære, fleire slags bærtre og urter).

Matvika hadde store fjellslåttar og henta etterkvart høy frå dei fråflytta grannegardane og. Tidleg på 1900-talet fora dei nokre storfe og 50-100 geiter på garden. Ysting av geitost var ein viktig del av levevegen. Då mjølkerutebåten til Hellesylt slutta å gå vart det vanskeleg å drive, og garden vart fråflytta i 1961. Bygningane og tunet er svært godt vedlikeholdt, og det såg ut som om staden er mykje brukt framleis.  











Vi held fram med padlinga i "måleriet" vidare innover fjorden. Det vart råare, villare, fleire fossar, brattare lier og ein og anna tind som stakk fram på toppen av fjella. 


Syltevika og Blomberg på andre sida av fjorden

Kva heiter tinden? Er det namnlaus topp på 1235 moh?

Brudesløret til venstre og sju søstre (dvs 5 denne dagen!) til høgre. 


Flaska i fossen tvers over fjorden 

Historia er at fossen "Friaren" prøve å fri til alle dei sju søstrene. Ingen av dei ville komme over fjorden og vere i lag med han, så difor slo han seg på flaska....

Neste stogg var Knivsflå. Der vart det bading, matpause og etterkvart fjelltur. God sti, heilt til det ikkje var god sti lenger, så vi rota litt rundt i høgda før vi kom fram til tunet. 


Rett over til Skageflå. Det ser heilt umogleg ut å komme seg opp der. 

Flaska i fossen endå tydelegare herifrå! 

Knivsflå


Toppen av ei av dei sju søstrene....

 
Hengebjørk!!

 

Det var lett å sette seg i kajakken att. Fin padling vidare innover, edellauvskog og tripp trapp fossefall å sjå langs med. Skuggane vart lange i fjorden bak oss. Det var godt å sjå Geiranger bade i kveldssol og vite at det venta camping med restaurantmiddag og kald øl i enden. 


(Vi fekk dei to absolutt siste teltplassane på campingen og rakk middag med ca 15 minutt margin på stengetid - flaks!!)  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar