fredag 29. juni 2018

Fjordalangs i Storfjorden del IV - Gardane på Skotet

27. mai  Vi var på god sti i skogen mot Skotssætra. Gardane på Skotet var målet for neste etappe, før overgangsturen over fjellet til Ramstaddalen. Det var ein sommardag slik berre ein sommardag i dei vestlandske fjordane i mai kan vere. Steikande sol, tørre bakkar som overraska sender frå seg varme til skogen og fjellvandrarar. Kvite tindar i horisonten og så frodig og tettvaksen vegetasjon at det minner mest om urskog, sjølv om det ikke er mange tiåra sidan det var slått og beita i liene. Vi var slitne, og tok ei etappe om gongen. Vi hadde begge skjønt at det var ein dryg dagsmarsj vi hadde lagt ut på.
Skotssætra - meir som ei jaktbu

Liten setervoll som sikkert vart slått ein gong i tida. 

Glimt av fjorden innimellom skogen

God sti då vi først fann han. Endeleg nedoverbakke mot gardane! 

Soria moria - eller våningshuset på Inste Skotet


Utsikt over mot Dyrkorn og Lauparen

Museumsgarden Ytste Skotet (220 moh)

Kvernhusa ved fossen. 



Vi åt middag ved Ytste Skotet, sidan vi var for sein for vaflane. Her var det mykje folk og ungane bada i kulpen ved fossen. Kjensla av tidsreise og eventyr forsvann og vi var attende i 2018 med alt det inneber. Vi rusla rundt og kikka på garden og bøane, for vi la i veg over fjellet. 
Stien gjekk etter bøane og frå sommarfjøs til utløer oppover mot fjellet. Her hadde dei nytta alt av ressursar i gamle dagar, men dei hadde nok og hatt eit godt liv her, relativt sett, med fisk i fjorden og fisk og vilt i fjellet.  

Ei av dei siste utløene før fjellet. 
Vi gjekk langs Skotselva og opp til Brekka (720 moh). Det var seigt, tungt og varmt, men det gjekk på eit vis. Oppe på Brekka fekk vi skikkeleg høgfjellskjensle. Den siste matøkta for dagen, før det "berre" var nedoverbakkar heimover. 

Siste høgdemetrane før toppen. Foto: Synnøve

Brekka! Beinstrekk! 

Sykkylvsfjell og Årsetvatnet (590 moh)



Aller aller siste etappa var ein bratt anleggsveg/røyrgate rett ned i dalen. 400 høgdemeter rett ned. 
Knallhard avslutning og dei siste musklane fekk køyrt seg. Heldigvis var sekkane blitt lettare. 

Vel nede ved vegen var plan A å ringe etter taxi. Ikkje dekning, tom for batteri og min telefon med "hang up" på mikrofonen då det endeleg var litt dekning. No var gode råd dyre. Bilen vår stod 5 kilometer motbakke unna. Då kom det ei fjellvandrardame frå fjølejakt ned på parkeringa. Vi kasta oss over ho, stakkars dame, og ho fekk nesten ikkje sjans til å summe seg. Enden på visa var at ho tok ein omveg heim og skyssa oss oppatt til bilen vår. Det er sjeldan eg vert så glad for hjelp frå fremmande! - Vi friluftsfolk må no hjelpe kvarandre, sa ho blidt og for avgarde. Tusen takk! 

Dei ulike etappene på turen: 
Fjordalangs del I - Skjortneset
Fjordalangs del II - Korsadalen

Heile turen: Ca 21 km i direkte grov luftlinje, men då hadde vi også til saman gått 2000 høgdemeter oppover og 2000 høgdemeter nedover i god miks i løpet av dei to dagane! 

Kart over ruta vår. 

Første dagen gjekk vi eindel i terrenget utan å finne sti. Andre dagen var det sti langs heile ruta. Siste delen opp til Brekka var veldig våt, men det låg ikkje snø. Ellers var det så tørt at mange av bekkane var vasslause.  

Synnøve flaug over  området nokre veker seinare: 
Runden vår med raudt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar