Viser innlegg med etiketten Sykkylven. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sykkylven. Vis alle innlegg

fredag 29. juni 2018

Fjordalangs i Storfjorden del IV - Gardane på Skotet

27. mai  Vi var på god sti i skogen mot Skotssætra. Gardane på Skotet var målet for neste etappe, før overgangsturen over fjellet til Ramstaddalen. Det var ein sommardag slik berre ein sommardag i dei vestlandske fjordane i mai kan vere. Steikande sol, tørre bakkar som overraska sender frå seg varme til skogen og fjellvandrarar. Kvite tindar i horisonten og så frodig og tettvaksen vegetasjon at det minner mest om urskog, sjølv om det ikke er mange tiåra sidan det var slått og beita i liene. Vi var slitne, og tok ei etappe om gongen. Vi hadde begge skjønt at det var ein dryg dagsmarsj vi hadde lagt ut på.
Skotssætra - meir som ei jaktbu

Liten setervoll som sikkert vart slått ein gong i tida. 

Glimt av fjorden innimellom skogen

God sti då vi først fann han. Endeleg nedoverbakke mot gardane! 

Soria moria - eller våningshuset på Inste Skotet


Utsikt over mot Dyrkorn og Lauparen

Museumsgarden Ytste Skotet (220 moh)

Kvernhusa ved fossen. 



Vi åt middag ved Ytste Skotet, sidan vi var for sein for vaflane. Her var det mykje folk og ungane bada i kulpen ved fossen. Kjensla av tidsreise og eventyr forsvann og vi var attende i 2018 med alt det inneber. Vi rusla rundt og kikka på garden og bøane, for vi la i veg over fjellet. 
Stien gjekk etter bøane og frå sommarfjøs til utløer oppover mot fjellet. Her hadde dei nytta alt av ressursar i gamle dagar, men dei hadde nok og hatt eit godt liv her, relativt sett, med fisk i fjorden og fisk og vilt i fjellet.  

Ei av dei siste utløene før fjellet. 
Vi gjekk langs Skotselva og opp til Brekka (720 moh). Det var seigt, tungt og varmt, men det gjekk på eit vis. Oppe på Brekka fekk vi skikkeleg høgfjellskjensle. Den siste matøkta for dagen, før det "berre" var nedoverbakkar heimover. 

Siste høgdemetrane før toppen. Foto: Synnøve

Brekka! Beinstrekk! 

Sykkylvsfjell og Årsetvatnet (590 moh)



Aller aller siste etappa var ein bratt anleggsveg/røyrgate rett ned i dalen. 400 høgdemeter rett ned. 
Knallhard avslutning og dei siste musklane fekk køyrt seg. Heldigvis var sekkane blitt lettare. 

Vel nede ved vegen var plan A å ringe etter taxi. Ikkje dekning, tom for batteri og min telefon med "hang up" på mikrofonen då det endeleg var litt dekning. No var gode råd dyre. Bilen vår stod 5 kilometer motbakke unna. Då kom det ei fjellvandrardame frå fjølejakt ned på parkeringa. Vi kasta oss over ho, stakkars dame, og ho fekk nesten ikkje sjans til å summe seg. Enden på visa var at ho tok ein omveg heim og skyssa oss oppatt til bilen vår. Det er sjeldan eg vert så glad for hjelp frå fremmande! - Vi friluftsfolk må no hjelpe kvarandre, sa ho blidt og for avgarde. Tusen takk! 

Dei ulike etappene på turen: 
Fjordalangs del I - Skjortneset
Fjordalangs del II - Korsadalen

Heile turen: Ca 21 km i direkte grov luftlinje, men då hadde vi også til saman gått 2000 høgdemeter oppover og 2000 høgdemeter nedover i god miks i løpet av dei to dagane! 

Kart over ruta vår. 

Første dagen gjekk vi eindel i terrenget utan å finne sti. Andre dagen var det sti langs heile ruta. Siste delen opp til Brekka var veldig våt, men det låg ikkje snø. Ellers var det så tørt at mange av bekkane var vasslause.  

Synnøve flaug over  området nokre veker seinare: 
Runden vår med raudt

mandag 26. februar 2018

Auskjeret (1203 moh)

24.02. Runa hadde nye ski, Sunnmøre baud på pudder og det låg an til ein herleg dag. Det viste seg at vi hadde valgt ein topp å feil side av verskillet, men sjølv med overskya var det godt nok lys til å komme seg både opp og ned. Skyene var i grunn det minste problemet. Eg hadde mist all lungekapasitet i løpet av veka. For mitt vedkommande kjendes det i grunn meir ut som eit verdsrekordforsøk i å6 få ein elefant opp 100 høgdemeter enn ein skitur.

På toppen! 

Olav Hauge skreiv dette som "Skeiserenn", men eg kan stadfeste at det er like relevant på ski.

Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du ikkje kan fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.
Men han glid ifrå deg –
glid ifrå deg, glid ifrå deg –
Snart er han heile runden fyre.

Det kjennest litt skamfullt med det same.
Til det kjem ei merkeleg ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!
Og du fell inn i di eigi takt
og kappestrid med deg sjølv.
Meir kan ingen gjera.

Gull verd med tolmodige turkameratar. Det var kjekkare ned enn opp denne gongen.

9 km t/r og knappe 900 høgdemeter

tirsdag 13. februar 2018

Pudderfest på Langfjella i Sykkylven (1118 moh)

3. februar 18
Trude varsla at ho var turklar god tid i førevegen. Vi ville ha mykje kos og lite slit, og vakna til den finaste vinterdagen hittil i år! Sykkylven og Langfjella vart valget. I 2012 var det nettopp Trude som tok meg med hit på min første randonee-skitur. Det var sol, vindstille og 8 minusgrader på parkeringa.

Nye hytter har poppa opp, men fjella ligg som før. 

Herleg å vere på tur att - og slike fjell og dalar som vi kan boltre oss i! 

Nokre hadde vore tidlegare ute enn oss... Vi gledde oss allereie til nedturen..

Like magisk å bikke kanten og få taggerekka i fleisen som første gong. Foto: Trude

Mot toppen (Foto: Trude)

Det var pudderføre opp gjennom heile fjellet med unntak av dei siste 100 metrane mot toppen. Sjølv der var det ikkje særleg avblåst. 

Trude fiksar bindingane i ettermiddagssol

Lag på lag vidare innover


Vi møtte kjentfolk frå Kystverket på toppen. Etterkvart vart vi sittande åleine og nyte utsikta. Trude hadde med verdas beste sjokoladekake, og livet var godt. 

Nedturen var rein lykke. Dette er av dei beste skiføra eg har opplevd. Litt tung puddersnø og godt lys ned alle bakkane. Perfekt berekning før det vart heilt flatt lys dei siste hundre metrane før vi nådde bilen.   


Totalt ca 8 km og 800 høgdemeter



mandag 14. september 2015

Brekketindane, brevandring og bading

11.-12.09 Reading up at westcoastpeaks.com on Friday: Brekketindane are considered to be among the very finest of the Sunnmørsalpene peaks. Ascending the highest peaks involve glacier crossing, scrambling and easy climbing in rugged and airy terrain. The Habostadbreen, Brekketindbreen and Gullmorbreen glaciers enclose the Brekketindane massif. Store Brekketind (1578m) is the highest of the peaks.

Greit nok, tenkte eg. Fokus fredag var pakking, rekke ferga og finne Therese, Vi kom frå kvar vår kant og hadde ein avtale om å sette att ein bil i Sykkylven og gå inn til Patchellhytta frå Liasætra.

Liasætra

Fin sti og idyll innover Habostaddalen

"Baksida" av Store Brekketind

Slogen etter solnedgang

Det vart mørkt, og vi måtte bruke hovudlykter siste biten. Det var mykje folk på hytta og god stemning, så vi vart sittande ei stund. Therese hadde med Freia vaniljesaus, som sklei ned saman med fersken på boks og presskannekaffi. Det vart ein skarp haustkveld, med krystallklar stjernehimmel. Antydning til nordlys såg vi og.   
 
7 blånar mot aust - og morgonstund har gull i munn

Risenosa (t.v) og Jakta (t.h) i morgonsol

Dei fleste på hytta la i veg mot Slogen med lette dagstursekkar. Vi for andre vegen, med noko meir bagasje. 

Rett fram og opp ryggen. Vardenibba/Sandgrovhornet bak 

Motbakkane var bratte og seige, men etterkvart opna det seg utsikt mot breen og Brekketindane.

 1100 moh og kransen av tindar motiverar til nye høgdemeter, 

Søre Brekketind og brefallet. Vi vel å gå svaberga opp.

Teambilde og lunsj ved foten av breen. Store Brekketind bak til venstre

Kvitegga (pil) i horisonten med karakteristisk kvit kappe av snø og is. 

På med breutstyr og kurs mot hakket til venstre for toppen. Delvis snødekt bre var eit spenningsmoment

Slogen! 
Det er så kult her oppe. Frå breen tek utsikta seg kraftig opp. Taggar og tindar på alle kantar.

Vår første brerangletur - og det vert ikkje den siste!

Innsteget til Store Brekketind er opp snøtrekanten og klyving/klatring opp bratta. Det vert med tau og ein anna dag. Eg kjenner meg trygg på bre, men ikkje på fjellklatring - endå. 

Vi går oppunder Store og sett kursen mot Lisje brekketing. Kryssinga over breen går greit, snøen er fast. Då vi nærmar oss kanten får eg litt skjelven for det er bratt, men vi finn ein grei stad å hoppe av. Bregleppene kan vere trøblete her seint på året. 

Bregleppa - av med stegjarna

Vi klyv oppover og finn ei grei rute opp på ryggen. Det kjem eit rop frå Therese. - Kva var det, seier eg? Luftig, skummelt, farleg? -Utsikta, stønnar ho tilbake. UTSIKTA!!!

Fjelltjæreblom og Therese - god match

Eg droppar blomefotograferinga og slit meg dei siste to metrane opp på kanten. WOW!!!

På ryggen - mot Søre Brekketind

Vestover - Kolåstind bakerst

Det er så kult her oppe. Eg kjenner det litt i magen, men inntil vidare er det greit. Det går glatte sva vidare mot toppen. Vi startar å klyve. Det er ikkje alt for smalt, og klyvinga er grei. Eg ser nedover, og får brått høgdekjensle så det held. Vi veit at vi sannsynligvis ikkje kjem oss over eit brot på ryggen mellom oss og varden. Eg vert sittande, Therese går heilt opp på denne fortoppen. 

Sva-ryggen

For ei utsikt! Eg trur det er den råaste utsikta eg har hatt på Sunnmøre nokon gong. Bilda gjev ikkje rettferd for det 360 graders panorama som eg har rundt meg. "Among the very finest" var ikkje overdreve. Eg kjenner at eg har fått eit nytt favorittområde. Eg må jobbe litt meir med den høgdekjensla og verte trygg på tausikring. Då er desse toppane heilt innafor rekkevidde.  

Slogen

Søre Brekktind og Smørskredtindane

Nyt.

Det kjem ver og vind frå aust. Vi er usikre på kva som er i vente, og tuslar heimover. 

Frå breen tilbake mot Lisje Brekketind

Veret held seg og vi ahr mykje dag til disposisjon. Planen om å gå over til Velleseterhytta vert utsett på ubestemt tid. Vi kosar oss med å gå heile brefallet ned. Ikkje så stort, men spenannde blåis, sprekker og formasjonar.

Brefallet og Lisje Brekketind i horisonten. 

Brevandring

Adjø for denne gong! Her kjem vi tilbake!

Vi tok ein god stopp på Patchellhytta med nytrekt kaffi og sjokolade. Då var vi klare for heimtur og gjekk ned same vegen som vi kom. Det var fønvind og varmt i veret og varmare vart det. I siste kulpen før bilen vart det bading. Iskaldt i vatnet, breane syt for det. Deileg forfriskande! 

Badekulp i Engsetelva

Eit døgn på tur - det kjendes nesten ut som ei veke! FOR EIN DAG! Brekketindane bestod og vel så.


Kart

GPS:
Patchellhytta - Brekketindane t/r:  6,1 km,  680 høgdemeter kvar veg. Tid i bevegelse: 2.19 (snitt 2,64 km/t) Stopptid 5.42 (Kan det stemme??)

Patchellhytta - Liasætra: 6,7 km, 440 høgdemeter (nedover). Totaltid 1.58, tid i bevegelse 1.37 (snitt 4,2 km/t)