Å for ein strålande morgon!
Heilt greit med eit glimt av det flotte landskapet vi hadde gått gjennom i går men ikkje sett snurten av. Eit par timar seinare var vi klare for Lodalsbrekka. Spora frå i går var vekk etter snøbyger og vind utover kvelden. Ingen nye grupper hadde starta på brekka.
Lodalskåpa (2083 moh) og Småttene til venstre.
Vi var usikre, men bestemte oss for å binde oss inn i tau og ta det derifrå. Det var vanskeleg å få oversikt over brefallet ovanfrå. Breutstyret måtte likevel på for Småttene seinare på dagen, og ingen av oss var interessert i å ta sjansar. Vi hadde og ei klar meining om at det var lettare å ta av tau om det viste seg å vere easypeasy enn å ta det på om vi brått trong det.
Lodalskåpa og Strupebreen til venstre. Therese ordnar hovudtauet til høgre.
Innbunden etter alle kunstens reglar. Trur eg. No er det berre å halde styr på dette her då..
Vi starta på brekka. Det var store bresprekker til høgre for oss, men vi heldt til venstre og der var det tilsynelatande greie forhold. Det vil seie. Det er ikkje veldig greit med tau, pulkar og ulike skiferdigheiter når alt skal samordnast og koordinerast. For å ta nokre av utfordringane: Førstemann må tenke på korleis bevegelsen vert for dei bak, den i midten er på ein måte fast og den bak får all vekta som dreg i alle retningar. Pulkane vil ned bakken, og ikkje i same mønster som oss.
På med langfell. Prøve parallellkøyring. Det gjekk seint og det var utfordrande å stokke ski, bein, armar, tau, stavar og posisjonere seg i høve til kvarandre. Eg trur vi alle vart litt frustrerte og vi hadde begynt diskusjonen om vi skulle binde oss ut. Då kom det ei gruppe nedover breen, som verka lokalkjent, og som køyrde ned enkeltvis utan tau. Gjett om vi var kjappe ut av taulaget!! No hadde vi spor og ca 15 stk framom oss som hadde testa at det ikkje var sprekker i det sporet.
Resten av brekka gjekk som ein leik og var gjort på ca eit kvarter. Eg testa bremsetau for første gong. Det gav stålkontroll på pulken, og eg kunne køyre i fine svingar nedover. Vi brukte nokre timar denne formiddagen som kanskje ikkje gav all verdas framdrift, men som i alle fall gav meg mykje lærdom.
Botnen på Lodalsbrekka.
Ja, det er bre. Ja, det var sprekker oppom her. Vi kom ned til høgre på bildet, og det var greit på supre snøforhold tidleg i sesongen. Eg har ein mistanke om at Lodalsbrekka kan by på større utfordringar under andre forhold.
Folksomt ved foten av Småttene.
Det viste seg at det var fjellsportgruppa til Lillehammer turlag som hadde passert oss i Lodalsbrekka. Dei var rett så trivelege, hadde starta på Sota sæter og spanderte sjokolade på oss. Gjengen som drog ned kvelden før hadde heller ikkje komme lenger, og organiserte taulag medan vi åt lunsj.
Organisering av taulag
Småttene, here we come!
Mesteparten av vekta på ryggen. Bittelitt i pulken. Snøbakke først, så inn i blåbreområdet.
Underlaget vart hardt, bratt og skrått. Fellene fekk ikkje feste, og etterkvart måtte vi stole på stålkantane. Skistav vart bytt ut med isøks. Det gjekk seint, men det gjekk fram og opp, steg for steg. Sidan vi berre var tre ville vi ikkje ha noko utgliding. Eg hadde nok fantasi til å kunne sjå oss liggande i ein einaste stor floke i botnen av bakken med diverse førstehjelpsbehov. Vi tok det pent og pynteleg, og passa på at dei andre hadde feste kvar gong ein skulle snu eller gjere andre utfordrande stunt i fjellsida. Her må eg innrømme at eg hadde meir fokus på å gjere jobben enn å nyte naturen og ta bilde. Brefallet var flott og dramatisk, og det kjendes ikkje skummelt å vere der, men respekt skal ein ha!
Nina og meg inn i blåbreområdet (foto: Therese Moe Øye)
Det er artig og da!
Imponerande!
Kjekt å flytte fokus - etterkvart såg vi NED på breformasjonane.
Vi kom opp brefallet og vart møtt med motvind og byger. Sopass at vi sette opp teltet for å pause og ete litt "innandørs". Ei kommersiell guida gruppe kom opp etter oss. Reint folksomt i Småttene.
Vi tok ei økt til. Kompasskurs. Motvind (som i mykje!) og whiteout. 15 minutt på kvar i front. Det vart ikkje noko stor diskusjon om vi skulle ta oss tid til å gå på Lodalskåpa, for å seie det slik. Vi skimta veggen i Ståleskaret, der ei gruppe allereie hadde slege leir. Elles var det kvitt, grått og kvitt. Vi hadde ønska oss 10 km forbi Ståleskaret, trudde at vi i alle fall hadde gått 5 km og vi kom til eit punkt der det var seint, kaldt og på tide å slå leir. I ei heilt kvit verd er den eine plassen like god som den andre.
Godt og varmt i posen. Teltlivet funka fint. Nok ein real turmat (tygg, svelg, tygg, svelg). Vi tok fram GPS-en for første gong for å finne ut kor vi eigentleg var. Eg vart skuffa når eg innsåg at vi berre var tre kilometer frå Ståleskaret. Vi hadde lagt ned ein stor innsats i løpet av dagen, men det gav ikkje utslag på kilometrane. Det som var greit å sjå var at vi hadde stålkontroll på retningen og var på den kursen vi hadde staka oss ut. Vi hadde og meistra Småttene fint. No var det nesten utruleg at eg hadde gått og kvidd meg til den motbakken i eit halvt år.
8 km i luftlinje
300 høgdemeter nedoverbakke
600 høgdemeter opp
I etterpåklokskapens lys lurer eg på om det var meininga at tema for dagen skulle vere "SMÅTT"? Opplevinga og kjensla av meistring var likevel stor, og steminga i teltet var god.
Det er på ingen måte smått å gje seg i kast med Småttane spør du meg. Tenkjer det var passeleg dagsetappe eg- *ventarispenningpånesteepisode*
SvarSlettDet gjør mor også.
SvarSlettHjelpe meg.... fleire avnitt? Lene, kom an skriv fort! :-D en ting er sikkert, pokker dokke er rå altså :-S Og for en opplevelse!
SvarSlett