I Gimsdal-området har vi vore før, så det var greit at vi i alle fall kunne vegen til parkeringsplassen. Anleggsfolk heldt på å henge opp sjølve linja i monstermastene i dalen, så det var med eit skrik vi kom forbi.
Innover myrane mot ukjent mål og post nr 1
Idyll ved Stilla |
Nedanfor Stilla var det også fint!
Det er altså desse "Fjølene" vi leitar etter. Litt nedanfor bildekanten er det rissa inn to bokstavar som ein då noterar seg.
Fredagskveld og kjempenøgde med å trakke rundt i våte Sykkylvsmyrar!
(Herleg gjeng. Absolutt herleg!)
Ein post er no i minste laget, og Stilla var ein grønn ein. Vi gjekk difor vidare opp mot Gimsdalssætra og innover Gimsdalen på vestsida for neste post. I starten var det god sti, og alt var på stell. Sportsbutikkmannen hadde sagt noko om strategisk kryssing av dalen. Dette diskuterte vi litt, men (eg) kom fram til at stien opp i høgda og kryssing der oppe måtte vere bra?
Våtare, meir urete og ein dæsj oppoverbakke. Då snubla vi brått over desse husa. Godt kamuflert og nesten ikkje markert på kartet. Impulsivt døypt "Calypsobyen" av oss. Skikkeleg stilig.
Hovedbebyggelsen i "Calypsobyen"
Herifrå var det ikkje sti på kartet, så vi var skikkeleg fornøgde då vi fann sti vidare og i rett retning - mot nord. Gleda var kortvarig då sti brått gjekk over til "fjellbjørkekrattstorsteinsur". Trimming av kjernemusklane er visst bra for slike kontorfolk som oss, så vi tok det med fatning. I alle fall med litt meir fatning enn det lemenet vi skremte opp. Vi var og heilt einige om at vi tok runden og ikkje same veg nedatt. Samrøystes. I tilfelle ullfille så gjekk vi gjennom reglane om at det ikkje er lov å brekke/skade føter lenger unna enn ca 100 meter frå bilen.
Oppe på kanten såg vi ned på store myrar, og ikkje noko vatn. Kva? Det skal jo vere her? Sportsbutikkmannen hadde prøvd å fortelje oss at dei la postane der det ikkje vanlegvis gjekk så mykje folk. No skjønte eg litt meir kva han meinte med det. Sjekk med kartet. Vatnet heiter Haugvatnet ja... Og vi skal kanskje oppatt på andre sida av myra?
Haugvatnet (611 moh) er re-oppdaga! Fint her og! Blå post.
Fjøla fann vi, og det var berre velstand i duskregnet.
Haugvatnet låg faktisk på ein HAUG, og rett ved sidan av var det både bålplassar, STI og ein kanonfin teltplass. Heimvegen gjekk vi ei anna rute, på austsida av dalen først, og kryssa over ca midt mellom vatnet og Gimsdalssætra. Det var ikkje innlysande at denne vegen hadde vore ekstremt mykje lettare å finne oppover. Det er sikkert minst ein alternativ sti til i denne dalen...
Mot Gimsdalssætra og Ålebyen
Vassing av bekkar og småelvar, navigering med og utan sti, vi fekk verkeleg testa oss. Sykkylven kjem nok til å gje oss litt motstand. No er post-sesongen opna og vi noterar eit par ting bak øyret:
- Litt research om turmåla på førehand og skikkeleg kart/kompass er lurt i Sykkylven.
- Alltid pengar til bomveg på lur
-Tørre sokkar og sko i bilen som standard utrustning
kor artig lell .... samler på poeng eg da ...
SvarSlettikkje så mange poster som er kommet opp her inne - men eg går på småturene kvar dag og koser meg med det og
og snart er det jo helg att --- smil fra monika
jeg har vært INNE i det som nå er døpt Calypsobyen; http://www.fjellfant.com/index.php/toppfjell/sunnmore/590-hammarsettindane Den gangen (da jeg var ung og fjong) stod hytten åpen. Sjå bilete nr. 19. Kristin
SvarSlettHa ha ha! Gikk samme feilen vi også til Haugvatnet og endte ved den hytta, pluss lengre inn :( Rekner med neste gong dokke er inn, tar dokke Oddane-Kambane og Storevarden? 3 på ein tur ;)
SvarSlett