Nordpolen? Her ETTER at vi har gravd fram pulkar og teltdør...
Vi sette i gong morgonrutina, med vassmelting, frukost, linser (for å sjå - hahaha) og førebyggande gnagsårteiping. Vi var ikkje særleg effektive for det var ingenting som freista på utsida av teltet. Veret hadde skifta fort fleire av dagane og eg hadde i alle fall eit håp om betring. Etter eit par timar var det likevel tydeleg at moder jord ikkje hadde tenkt på noko snarleg endring av verstellet.
Kva er status? Kor dårleg ver er det? Eg trur vi oppsummerte omlag slik: Det er fint mogleg å bevege seg trygt og framover i dette veret. Vi har komme for kort til å berre verte liggande i ro. Det er framleis lurare å gå vidare (flatt breplatå) enn å snu (brefall), men det begynner å sjå ut som vi totalt sett treng ein dag til? Vi har fungert fint i whiteout tidlegare. Vert det for kaldt, så sler vi leir. Om vinden frisknar på meir enn no, så sler vi leir. Litt sortering i hovudet, og då var det ikkje så gale å gå ut likevel. Det var i alle fall lyst.
Therese er klar! Ny dag - nye moglegheiter!
Alt utstyret såg slik ut om morgonen. Ski, stavar, telt. Pulkane var heilt vekke i snøen.
Det var litt lettare akkurat då vi starta å gå.
Det var kaldt, vind og dårleg sikt. Eg hadde både netting og Lanullva under skalkleda. Vi gjekk på kompasskurs.
Nina justerar kursen i whiteout.
Systemet er enkelt: Vi tek ut ein kurs som alle er einige om. Den som går først sjekkar kursen etter 100 skritt og justerar. Etter 15. minutt går førstemann ut av løypa, slepp dei andre forbi og går inn bakerst. Nr 2 går fram, fortsett på kursen, 100 skritt, sjekk osv. Det går ikkje kjempefort. Men det går. Ein må stole 100% på kompasset. Hovudet vil i alle retningar. Nokre gonger greidde vi å gå ganske rettt fram. Ofte måtte vi justere 30-40 grader på kursen etter 100 skritt. Det er tungt å gå først, men du veit at du greier 15 minutt. Belønninga var å få ligge bak i spor og å ha noko å feste auga på dei neste 15 minutta. Med dette systemet hadde vi god kommunikasjon, delte på og sparte på kreftene og hadde stålkontroll på kvar vi var. Ca annakvar time kontrollerte vi med å ta ut GPS koordinat og evnt ta ut ny kompasskurs.
Utsikta store delar av dagen. Slitsomt å gå først og ha dette som einaste referanse i verda.
Det er meir mentalt enn fysisk krevjande å gå i whiteout. Eg høyrde stemmer, såg bygningar og hjernen gjekk på høggir. Det var akkurat som hovudet kompenserte for alle sanseinntrykka som BURDE vere der. Etter 3,5 time slo vi opp teltet, kom oss inn og åt lunsj. Denne dagen tok vi ein lunsj-lur på 10-15 minutt. Det var heilt umogleg å vurdere temperaturen, men vinden tippar eg var 12-14 m/s på det jamne store delar av dagen. Om det vart ei glipe mellom finlandshetta og brillene så var det som å stikke seg på isnåler. Det var berre å snøre att. Det som var mest overraskande var at det eigentleg gjekk ganske greit. Inne i hetta mi gjekk eg og tenkte på at her går eg glipp av eit vakkert landskap. -Her må eg gå igjen, tenkte eg. -Tenkt at eg går "Josten på langs" utan å at det kjennes ut som eg verken går eller har vore nokon plass!
Denne dagen sette eg ekstra pris på turfølgjet mitt! For nokre damer! Konstruktive, kontrollerte og blide. Ingen klaging. Ingen syting. Ikkje noko prat om dårleg ver eller seint eller slitsomt. Vi jobba på med høg moral. Det var ingen tvil om det. Heile dagen.
Timane gjekk og verda var framleis kvit. Kvitare. Nesten grå. Og kvit att.
Klokka var åtte om kvelden. Då skjedde det noko...
BLÅ himmel bak der jo!
Skylaget sprakk opp, lyset endra seg og vi fekk endeleg ein HORISONT å gå fram i mot! Vinden stilna og det vart rett koseleg å gå vidare.
Dette kjentes ut som himmerike! Sjekk DEN utsikta då! Ein skikkeleg HORISONT!!!
Høgste Breakulen
Nydeleg!
Vi fekk nye krefter, og på dei siste to timane med sikt gjekk vi like langt som vi hadde gjort på ca 6 timar i whiteout tidlegare på dagen.
Kveld og camp!
Klokka var halv ett då eg kraup i soveposen med dagens siste Real turmat. Resten av turen var lang på kartet, men vi hadde mat til ein dag ekstra, og såg igrunn ikkje så svart på det. Det teikna til å verte ein fin ny dag, og vi låg på eit stort kvitt platå med rå utsikt mot ville fjellsider.
Vi hadde møtt eit turfølgje på tre i løpet av dagen. Dei hadde snudd og skulle nordover att. Vi lurte litt på kva dei andre turfølga og organiserte gruppene gjorde.
Dag 4 - jobbedag!
16 km
Det var kun slake stigningar med 50 - 100 lange høgdemeter her og der.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar