søndag 24. august 2014

Surfeonsdagspadling på Blimsanden

13.08 Sommaren held fram, og eg utnyttar desperat siste vekene med sommartid på jobb. Kvar ein lang ettermiddag ute er bonus! Jason har kalla inn til onsdagspadling, og vi er 4 stk som fer ut i nordavind (Lett bris, 4 m/s middelvind, maks 6 m/s på målestasjonen på Vigra) og fine brott utanfor Blimsanden. Jauda, vi har no ei og anna strand her sør og!


På slike dagar går gliset heilt rundt....

Luksusliv rett utanfor døra. Grei "heimebane" det her!

Fine brott og akkurat passeleg store til at alle tør prøve seg.

Jason på topp!

Ragnhild

På veg mot neste brott. Lepsøya bak

Det var ikkje heilt flatt. Det var faktisk ganske mykje bevegelse. 
Meir enn det har vore på månadsvis! Veldig kjekt. På bilda ser det derimot nesten ut som flatt hav. MEN DET VAR IKKJE DET!

Leik og moro! 
(Ok då, akkurat DENNE held eg meg litt i frå pga totalt uberekneleg og relativt kraftig brott)

Kvelden kom med det finaste lys ein kan tenke seg

Regnbygene gjekk på indre denne kvelden. Vi er flinke til å "smette" i mellom..

Meir fint lys. Balsam for sjela. 

Slik ser eit fint brott ut på Endomondoen...

Turen vart ca 7 km padling og fleire timar i ulike brott. 

lørdag 23. august 2014

Ulsteinpadling med tordenskrall og rulleguruer

11.08 Sommaren 2014 tek aldri slutt! Første dag på jobb, men etterpå var det tid for padletur, sandstrand og herlege folk!

Varmt og HERLEG!

Mellom Borgarøya og Hatløya er det så blankt på sjøen at eg prøvar meg på "det perfekte spegelbildet"

Nesten med Ragnhild

Spegling - perfekt? Kristin

I svartestilla var det interessant å prøve på diverse teknikktak. Er hengetak det same som parallellforskyvingstak? Får vi det til på begge sider? Det vart ein god diskusjon om svingradius, p- punkt og g-punkt. 

Den gamle handelsstaden på Borgarøya er no museum og tilrettelagt for friluftsaktivitetar.

Vi la i veg ut mot Vattøya. Fint! Litt friskare her ute, men framleis fint i berre t-skjorta. Eg har ikkje vore rundt den øya før.

Rundebrua. Nesten kunst.

Eg somlar meg vekk og prøvar å ta det perfekte "tare og lykt-bildet". Litt i tvil, men eg hellar til det til høgre. 

Turkameratane er tolmodige, og har matvett, og tek ein snackpause medan eg går amok med kameraet. 

Sommarkveld med ein "tøtsj" av haust?

Eg let meg nesten lure. Skulle tru Smeden i Sund hadde vore ute her eit ærend. Falske måsar var plassert rundt heile Vattøya. 

Vi var innom og kika på den kulaste funkishytta eg har sett. Heile anlegget var gjennomført kult, og om dette kjem for sal er det berre å slå til!

Det dreg seg til over Herøy...

Yr.no hadde spådd torever på ytre, og det slo til! Vi fekk det bittelitt travelt med å komme oss til land, men måtte nyte synet av meteorologi i praksis.

Ein front? Ragnhild tek det med knusande ro

Bygever?

Inne ved Osnessanden lurte eg på om vi hadde hamna på Grønland.

Aluu! Aaffanniaq? Qajartorpoq?


Kulturkollisjon? 

Det kom nokre skikkelege vindrosser, og det var ikkje tvil om kven som var best kledd for veret no! Damene gav oss ei strålande rulleoppvisning i ruskeveret, og fekk stor applaus!

Vinnarane i sommar! 
Mildrid er fersk noregsmeister frå Stokkøya (uoffisielt NM i grønlandsrulling). Kristin vann sprint og halvmaraton på ASKR i Vesterålen. Begge i kvinneklassane. Ikkje berre at dei er flinke, men dei er veldig kjekke turkameratar og då! Fantastisk kombinasjon!

Fin runde på 13,5 km (kart frå Endomondo).

Gøran testar Play

07.08 Skarsetferie med familietid og restaureringsprosjekt. Vi tek oss tid til ei økt på stranda i Stavika, og Gøran får prøve Arrow Play. Litt ustødig dei første 5 minutta, men så får han dreisen på det. Gliset vert breiare og breiare. Vi gløymer oss heilt vekk, i padleprat og teknikktesting. På returen padlar vi rett forbi stranda der resten av familien solar seg. Skikkeleg overlegne, men eg skjønte det var noko feil då eg brått var i Kjørsvika. På slutten testar vi rulle og jammen får han ikkje til ei bra rulle heilt på eigen hand på 2 forsøk! (Nokon av oss brukte jo år på det der)


Padling med Nyhamna og "Ormen lange" rett over fjorden

fredag 22. august 2014

Korsnes, Tranøy og Engeløya - herleg trippel i Nordland

3.-5 august.  Karianne og eg skal klare oss på eiga hand sørover i Nordland. Første stopp var på Korsneset i Tysfjord hos Per Arne.

God stemning på fantastiske svaberg!

Hytta var påbygd sidan sist eg var innom, og resultatet var bra! Det var kjekt å treffe gamle kjente og praten gjekk om laust og fast. Vi vart sittande oppe utover natta og klarte endeleg å ta knekken på den sommarakevitten eg har drassa på. 


Panoramabilde. Foto: Karianne

Dagen etter var det lummert. Kjempevarmt og trykkande. Vi sette kursen mot Tranøy for litt sightseeing før regnet kom. 


På fyret er det restaurant, moglegheiter for å gå i tårnet og overnatting. Guiden beklaga at vi ikkje fekk betre utsikt. 25 meter oppe i støypejarnstårnet var det flott å sjå sjølv på ein grå dag, og det var ganske ekkelt å gå rundt på utsida av lykta. 



Etter scampi (kjempegodt!) på kafeen på fyret for vi til Tranøy sentrum. 

-Å, nei! stønna vi då vi kom til Tranøy og dette skiltet. Nok ei "turistfelle" med kjempestor parkering og masse bussturistar. 

- Det er no heldigvis ledige plassar, seier eg. Vi tykkjer det er litt merkeleg at det skal vere behov for fleire hundre parkeringsplassar her ute, sidan det ikkje er ferge eller noko anna vidare transport heller. Det er no ein taslete parkeringsplass vi finn, men hiv oss ut med friskt mot, pengar og kamera.

Tranøy er ei utruleg fin lita bygd. 

Flott natur, gamle velstelte bygg med historisk sus, og ikkje minst kulturløypa! Vi startar i ein ende og nyt bygd, natur og kunst. Ei kvalfangstskute er sett på land og fungerar som kafè. Vi er ikkje svoltne riktig enda, og går på skulpturjakt. 

Blome og skarv. Har Smeden i Sund vore her og?

Kystkvinner!

Desse damene til Ingunn Dalin har vi sett før - eit par av dei står godt på Bulandet og!


Sjøstjerner som strekk seg mot himmelen. Min favoritt!

Neste skulptur står der borte med parkeringsskiltet, og heiter «Plass til fler, tid til mer», seier eg. Vi ser på kvarande og flirer! Jaha, så parkeringsskiltet VAR ein skulptur! Rein KUNST ja. Artig. Den gjekk vi rett på gitt.  

Eit lite dikt har og fått vere med

Marmordama sitt på haugen og har den finaste utsikta. 

Det går ei eiga kunstløype over nokre flotte svaberg. Her er det salsutstilling med bilde. Flott plass og fin kunst. 


Svabergkunstvegg - naturleg galleri. Foto: Karianne

Eg myser på kartet. Neste skulptur heiter " Du er her". Eg høyrer det i det same det vert sagt høgt. NO går vi på kafe. "Dorotheas fryd" har verdas beste kaker!

Sjokolade og rabarbrakrem mmmmmmm!

Vi diggar Tranøy. Hit skal eg tilbake!

Nordlandsstemning

Ut på E6. Det høljeregnar. Vi køyrer sørover. Kor langt? Yr.no fortel at den einaste staden med opphaldsver er Steigen... Fleire har fortalt om kor fint det er der, så vi tok ein kjapp sving til høgre, inn i ein lang tunell og sikta på Engeløya. 

Det skin opp i Steigen

Vi finn ein grei teltplass, men skal bare køyre litt til. Då ser vi ei gigantstrand! DIT skal vi!

Bøsanden på Engeløya

Sand, kulturlandskap, flatt og bratt.

Panorama Bø-sanden

Solnedgang mot Lofotvegg i skodda

Skjell - Foto: Karianne

Bål på stranda. Nydeleg kveld.

Lofotveggen! Skodda lettar og fargespelet mot fjella er fantastisk!

Er det Hermannsdalstinden der borte skal tru?

Det kjem mørke skyer. Det tordnar i det fjerne. Vi fyrar bål og ser at veret kjem nærare. Tordenskrella vert høgare og høgare. Vi ser lyn flerre i horisonten. Det er framleis fint på VÅR strand. Det tettar seg til, og vi har sett hundrevis av lyn. No rullar tordenen i våre fjell, og vi kryp inn i teltet. Kor lurt er det med karbonstenger? Vi lurar litt. Lyna flerrar rett over oss, og lagar blitzlys i teltet. Syndefloden kjem frå oven. Eg må ut og bardunere teltet skikkeleg - vindkast, torden. lyn, vatn, alt på ein gong! Inferno av svart og kvitt. Herregud for eit ver!

Vi skulle ha filma.

Frukost. Brødskiveskjering pågår inne i ponchoen. 

Dårlege vermeldingar og vi sett kursen heim. Mil etter mil på E6. Karianne tok fly opp til Bodø, og begynner å sjå kva som er haka med Nord-Norge-ferie. Ferien er ikkje heilt slutt, og dei siste dagane skal vi ta i lag med familien på Skarset. Møre og Romsdal skal få det beste veret i Norge dei kommande dagane, og då er det ikkje nokon grunn til ikkje å vere der. 

Namnlaus stad i Namdalen. Siste feriestopp.