Viser innlegg med etiketten Lidun. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lidun. Vis alle innlegg

tirsdag 10. mars 2015

Tindekvindene i vinden

08.03 Mildrid hadde lagt inn tur med Tindekvindene på Flø som økt to på kvinnedagen. Eg har berre vore på Flø med kajakk, og gledde meg til å sjå hav og landskap frå høgda.

My first trip ever with "Tindekvinnene". This is a group of women going hiking og skiing - and dressing up for photoes on the summits. The group was established in 2011 to inspire and encourage women in all ages to explore and enjoy the marvellous nature of Sunnmøre. "Veten" (521 meter above sea level) is a short but steep hike, with a great view of the coast. This day was really windy, and the seas were rough.   


Vi starta på grusveg (bomveg) og kryssa over beitemark.

Fin, men bratt sti. Høgdemetrane gjekk fort unna.

Hu hei kor det bles! Ingen ville snu her, gjengen snørte hettene og gjekk vidare.

Mildrid hadde med Bonus, og fekk ei stor utfordring med ein overivrig hund på turen. Det var nemleg ei tispe med løpetid i følget, så Bonus hadde ikkje mykje ro til å nyte verken tur eller utsikt.  Ikkje lett med alle desse damene.. 

 
Flott landskap mellom bygene

Mellom Midtfløhornet og Veten. Tørt og fint, lett å gå, men gu kor det bleste!

Oppe! 

Varden viste seg å vere omkledningsrom og 360 grader le-vegg

Dei tøffaste Tindekvindene hadde med kjole og prisa våren! Herleg!!

Dette var ein flott gjeng å fare på tur med. Berre trivelege damer og praten gjekk lett. Det vil seie, når vi ikkje var godt innpakka i kvar vår hette då.. Eg håpar å kunne få med meg fleire fellesturar. 

Stort og flott landskap vidare innover mot Skolma.

Mildrid og eg gjekk ned same veg for at ikkje Bonus skulle få hjarteinfarkt. Resten tok ein runde om Smørkinna og Brørevatnet.  

På heimveg - Grasøyane lokkar og dreg - kom hit ut då vel!

Flø rett ned og øyene i Herøy i horisonten.

Løypa: 4,8 km t/r. 540 høgdemeter. 
Om Midtfløhornet (490 moh) og til Veten (521 moh)

GPSen avslørte at vi hadde vore i bevegelse i 1 time og 30 minutt, og pause i 38 min. Snittfarta på bevegelsen var 3,2 km/t   

lørdag 23. august 2014

Ulsteinpadling med tordenskrall og rulleguruer

11.08 Sommaren 2014 tek aldri slutt! Første dag på jobb, men etterpå var det tid for padletur, sandstrand og herlege folk!

Varmt og HERLEG!

Mellom Borgarøya og Hatløya er det så blankt på sjøen at eg prøvar meg på "det perfekte spegelbildet"

Nesten med Ragnhild

Spegling - perfekt? Kristin

I svartestilla var det interessant å prøve på diverse teknikktak. Er hengetak det same som parallellforskyvingstak? Får vi det til på begge sider? Det vart ein god diskusjon om svingradius, p- punkt og g-punkt. 

Den gamle handelsstaden på Borgarøya er no museum og tilrettelagt for friluftsaktivitetar.

Vi la i veg ut mot Vattøya. Fint! Litt friskare her ute, men framleis fint i berre t-skjorta. Eg har ikkje vore rundt den øya før.

Rundebrua. Nesten kunst.

Eg somlar meg vekk og prøvar å ta det perfekte "tare og lykt-bildet". Litt i tvil, men eg hellar til det til høgre. 

Turkameratane er tolmodige, og har matvett, og tek ein snackpause medan eg går amok med kameraet. 

Sommarkveld med ein "tøtsj" av haust?

Eg let meg nesten lure. Skulle tru Smeden i Sund hadde vore ute her eit ærend. Falske måsar var plassert rundt heile Vattøya. 

Vi var innom og kika på den kulaste funkishytta eg har sett. Heile anlegget var gjennomført kult, og om dette kjem for sal er det berre å slå til!

Det dreg seg til over Herøy...

Yr.no hadde spådd torever på ytre, og det slo til! Vi fekk det bittelitt travelt med å komme oss til land, men måtte nyte synet av meteorologi i praksis.

Ein front? Ragnhild tek det med knusande ro

Bygever?

Inne ved Osnessanden lurte eg på om vi hadde hamna på Grønland.

Aluu! Aaffanniaq? Qajartorpoq?


Kulturkollisjon? 

Det kom nokre skikkelege vindrosser, og det var ikkje tvil om kven som var best kledd for veret no! Damene gav oss ei strålande rulleoppvisning i ruskeveret, og fekk stor applaus!

Vinnarane i sommar! 
Mildrid er fersk noregsmeister frå Stokkøya (uoffisielt NM i grønlandsrulling). Kristin vann sprint og halvmaraton på ASKR i Vesterålen. Begge i kvinneklassane. Ikkje berre at dei er flinke, men dei er veldig kjekke turkameratar og då! Fantastisk kombinasjon!

Fin runde på 13,5 km (kart frå Endomondo).

tirsdag 22. april 2014

Fjellski på flatmark i Jotunheimen

13.-14. april.  Etter ein sjekk på yr.no på Grotli hotell søndagsettermiddagen vart ambisjonen redusert frå Glittertind til "tur ein plass det er brukande ver". Vind og meir vind i alle fjellområde. Etterkvart som vi somla vart og "innanfor køyrbar radius i kveld" eit kriterie.

Gjendesheim

Grei frukostutsikt det her.

Sterk vind i fjellet. Vi la turen innover Gjende. Det kvite der er snøfokk som vi fekk midt i fleisen i varierande grad i ca 9 km. 

Fjellfie heiter det vist. 
Med solfaktor 50 i tillegg til denne påkledninga vart det så som så med påskefargen.

Besseggen der oppe

Memrubu ligg omlag midt på vatnet, og idyllisk til. Vi fekk eit glimt av Surtningssue (fjellet) bakerst der og.  

Det vart innelunsj på Memrubu gitt. Flott utsikt likevel. 

Retur på vatnet

Stakande med vinden i ryggen gjekk det leikande lett nokre kilometer tilbake på vatnet. Stemninga steig mange hakk. Vi starta på Leirungsdalen og det var artig med ein liten motbakke. Flatare mark enn Gjende vinterstid skal ein leite litt etter. 

Therese: DIT skal eg - med nyeskia!

Lidun køyrer yoga

..og eg nyttar høvet til å hoppe litt (Foto: Lidun Hareide)

Vips - ferdig med Leirungsdalen! Godt føre og artig strekk.

Påskefjell slik det skal vere. Nydeleg!

Både eg og Cecilie var i godlune. 

Ski på Valdresflya. Stengt veg og strålande skiføre. Her var det berre å suse nedover!

I alle fall til hit... Så var utfordringa å komme seg opp på skiløypa på kanten då.

Det var ein god plan å ta siste strekket på skiløypa langs vegen. Det var berre ein hake med det. Det var eit strekk til... Smøringa satt dårlegare, skare og drittsnø, lang i armane og tung i beina. Klokka gjekk. Det einaste som heldt farten oppe var trua på ein 3-rettars middag i enden. 

E6-skiløypa tilbake til Gjendesheim. 

Veldig kjekt å sjå hytta på andre sida av elva. Ikkje nok med at vi rakk middagen, men vi rakk ein lyndusj og! Salige og rolege etter ein finfin dag på ski i fjellheimen var det lett å nyte kortreist mat i tre omgangar med alt tilbehør. 

Vi runda av med solnedgangen frå peisestova. 

Mat og service på Gjendesheim var berre strålande. Betjeninga var hjelpsame og 100% på. Heile tida.

Ruta for dagen. Flatare vert det ikkje!

25 km med 13 kg på ryggen. Vi vog sekkane på slutten av turen. Eg var svært nøgd med eigen innsats! Styrketrening i vinter har gjort det betydeleg lettare å bere sekk.

Det var berre ei lita hake. Eine compeeden hadde glidd av i løpet av dagen. Den hælen såg ut som eit katastrofeområde. Etter å ha berga to dagar på ski så gjekk det altså skeis den 3.

AUAUAU. Dette er to dagar etterpå, vel heime att. 

Veit ikkje om eg lære så mykje nytt av "Ekspedisjonsskolen: Slik unngår du gnagsår" men det er ei grei oppsummering av førebyggande tiltak der. Neste gong vert det test av brødposar i skoa, og ekstra taping av compeeden.