Viser innlegg med etiketten Ørsta. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ørsta. Vis alle innlegg

mandag 29. januar 2018

Båling på Bondalseidet med ski i alle variantar

19.-20. januar
Desperate etter å komme i gang med 2018, friluftsliv, båling og uteliv starta vi på Bondalseidet seint fredag kveld. Therese hadde med hundane og vi starta med nordisk pulkdrag innover turløypa, noko som var heilt nytt for både dei tobeinte og dei firbeinte.

Like ved turløypa fann vi ein fin leirplass. Hundane vart stalla opp, og vi tok alle dei praktiske gjeremåla; bålgrop, presenning (Therese) og hengekøye (til meg). Det vart midtnatt før vi seig i hop ved bålet, med snop, stjernehimmel og skitprat om laust og fast. Helgekjensla seig på og det var meir enn verdt alt stresset med å komme seg avgarde. 

Nordisk oppsett: Hund - pulk og meg til slutt. 

Hengekøyevinterovernatting 

Variant av gullrekka på fredagskvelden..

Kva skjer eigentleg her? Skal vi vere her? Hundane roa seg, men var ikkje heilt sikre på kva vi heldt på med.  

Hengekøye er superkomfortabelt, men litt kaldt. Eg må jobbe med nokre kuldebruer i sidene. Gadd ikkje å legge meg INN i fjellduken, hadde den berre oppå, og det angra eg litt på. 
Therese låg med hundane under presenning. Ho måtte forklare dei at grønlandshundar KAN sove i snøen, og at liggeunderlag er berekna for folk. Mykje læring på alle med andre ord.   

Morgonstund med bål, kaffi og ostesmørbrød. Ikkje snargjort, men veldig veldig koseleg!


Laurdagen var rett og slett strålande! Det var mykje folk i turløypa og vi var spente på korleis vi skulle handtere pulkar, hundar og oss sjølve. Vi starta difor med rein snørekøyring til Åmskaret for å varme opp dei tobeinte og få ut noko øs frå dei firbeinte. 

Berre lekkert!!

Det er utruleg kjekt å suse avgarde, berre med eit og anna stavtak, bak ein hund som dreg med liv og lyst. Effektivt og artig!
Hundane var eksemplariske og vi kom oss ut med pulkane og etterkvart. Det å ligge bak ein pulk og styre er ikkje berre lett. Det liknar litt på å rygge med tilhengar. Øving gjer meister, og eg treng verkeleg å øve litt meir på å plassere meg bra opp mot hund og pulk. 

Anders henta hundane, og sidan vi var i posisjon tok vi skitrekket opp Nottane og gjekk vidare opp mot Veirahaldet. Vindpåverka og hardt, iskaldt, men nydeleg utsikt! 


Hit! Fantastisk utsikt over mange av dei kjende toppane i Ørsta


Veirahaldet


Svusj ned att - dårleg føre på fjellet, bra føre i trekket.

Innhaldsrike 18 timar på Bondalseidet. Her ligg det godt tilrette for mykje og ulik aktivitet. Vi er heldige som har slike nærmiljøanlegg og område rett utanfor døra. Det er ikkje alltid turen treng å vere så lang for å vere innhaldsrik!  

tirsdag 5. september 2017

Isflåna og den julianske borga

04.09. Tittelen høyres kanskje ut som eit eksotisk eventyr, men slikt er altså vanleg på ein ettermiddag på Sunnmøre. Vi hadde funne ein ny kvit flekk på kartet for oss begge, og då for vi dit!

Indian summer and afternoon hiking in Sunnmøre. One of the local attractions are a low rock labyrinth (troja castle) from the bronseage or the beginning of the elder iron - age (1500 BC). 

På heimvegen fann vi ut at ruta var godt skilta.... 
Dagens attraksjon og mål var den julianske borga. 

Om det var fordi vi var overtente eller slurva i starten er uvisst, men vi fann i alle fall ikkje heilt rett sti, og dura opp gjennom lia på saue- og hjortetrakk. Det gjekk heilt fint, men i etterpåklokskapens lys er det ingen grunn til å ikkje velje stien. 

Rasvollar og nye elvegjel - bratt opp frå bygda gjennom skogen

  Over skogen vart landskapet både flatare og opnare. Mot Grøthornet (1013 moh). Foto: Synnøve

OIOI! Her vert det taggeutsikt! Kolåstind og Romedalstind

Frå Isflåna og nordover, bratt ned mot Nordre Vartdal, Godøya i horisonten

Toppen av Isflåna (964 moh) mot vest. 
Det såg ut som polygonmark. Det såg også ut som nokon hadde varda opp ei kompassrose.

Trojaborga her fann vi ikkje men vi leita ikkje så hardt heller. 

Synnøve trassar iskald vind på toppen. 
Humøret på topp når vi kan rusletusle på Sunnmøre sitt tak med taggerekker, hav og øyer på alle kantar.  

Isflåna mot sør og ryggen opp mot Grøthornet. Vassdalstind til høgre. På flatene her til høgre for snøflekken ligg den julianske borga.  

Den julianske borga. Labyrint. 

Borg og borg fru blom. Ikkje så stor og prangane, men veldig kul. Kven bygde ho, og kvifor? 

Den julianske borga er truleg ein gammal kultstad. Å gå labyrinten har vore eit rituale. Labyrinten har ein inngang, eit midtpunkt og ein utgang, og er difor også eit bilete på gangen i eit rituale. Slike steinsette labyrinter vert kalla trojaborger og finst i store delar av Europa. Vartdal er einaste staden vi kjenner til slike labyrinter mellom Finnmark og Oslofjorden, og berre her ligg dei høgt til fjells. Trojaborgene kan skrive seg frå bronsealderen eller byrjinga av eldre jarnalder (1500 f. Kr. - Kristi fødsel). Labyrintane har vore knytte til forestillingar om at religion i bronsealderen la vekt på grøderikdom. Solkult og jaktmagi er tolkingar som har fått eit visst gjennomslag her i bygdene. Men kva rituala i den julianske borg opphaveleg tente til, får vi truleg aldri vite. (www.mrfylke.no)


Nonsmat ved den julianske borga.

Vi måtte opp på Grøthornet og før vi gav oss. Lekker utsikt til alle kantar og akkurat ein tusenmeterstopp. 

Panorama frå toppen av Grøthornet

Sunnmøre - lag på lag. Kolåstind ruvar, og herifrå skjønnar ein godt kvifor han vert kalla kongen av Sunnmøre. Sætretindane bakerst, Romedalstinden til venstre og Åvasstind rett bak meg. 

Det går an å gå vidare til Fossholtinden - det ser ut som ein fin tur på ryggen bortover. 
Det vert ein anna dag. 

På heimvegen fann vi stien, som altså var godt merkt og god å gå. 

Tøffe tre!  
(Gråor iflg Synnøve Lundes uteskule, når eg prøvar meg gjentatte gonger på osp...Gråor, gråor, gråor)

Turen vart ca 10 km og 950 høgdemeter. Vi var ute i 4,5 time. 

Tips i starten: Gå på høgre side av gjerdet, der det ser ut som innmark mellom steingarden og straumgjerdet. No var det hestar på beite der. 

tirsdag 11. juli 2017

Alperangling med Trude (Molladalsskaret)

10.07.17 Sommaren so langt har vore betre egna til fjelltur enn soling, og det har blitt mange turar til Ørsta på meg. Endeleg fekk Trude og eg rotta oss saman på tur att, og eg må nesten advare med ein gong. Dette innlegget vert i sjangeren ekstatisk nasjonalromantikk, ja kanskje heilt på grensa til "Sunnmørsporno".

På Ytre-Standal svingte vi opp dalen og køyrde vegen til endes (hugs bompengar). Allereie her var naturen vill og vakker. Dei yndige revebjellene langs vegkanten klarte ikkje skjule spora etter flaumstor elv; blankskurte rullestein og lausmassar låg hulter i bulter langs heile vegen. Store tunge fjellmassiv kransa om dalen, og steile sva og pinaklar konkurrerte om merksemda.  

Turen starta i indrefileten av det vestlandske fjordlandskapet. Kjerreveg først og deretter god sti. 

Ved Høgevatnet, Grønetinden (1014 moh) midt på, Svinetind (1132 moh) til venstre.  

Tydelege og "nylege" spor etter bre- og elveerosjon. Her var det eit heilt anna og meir "umodent" landskap enn i dei andre dalane i Ørsta eg har vore i. 
Høgaste toppen litt til venstre er Nordre Sætretind, til høgre ligg Kolåstind. Overgangsruta til Standalhytta går i dalen ut mot høgre her og svingar til venstre framom og oppunder Kolåstindmassivet og over til neste dal bakom der.. 
  
Det var greit å gå også gjennom ura mot toppen. Ekstatiske kvinnehyl gjalla då toppane i Molladalen stakk opp over himmelsjå. Synet gav litt ekstra futt i beina for å komme seg fort heilt opp på kanten. 

GLIIIIIIS!!! 
Sjølv om vi visste at toppane låg der, og for så vidt har sett dei før, så var det fest i leiren over den fantastiske utsikta! Vi vart høge på livet, sommaren og Sunnmøre - og det heldt seg lenge! 

Grønetinden til høgre. 
Dit skulle vi sjølvsagt, men vi måtte berre ete først.

Trude på toppen av Grønetinden - meir på toppen kjem ein ikkje her. 

På nettet vert Grønetinden skildra som ein litt stusseleg og lite spektakulær topp. Det er for så vidt greit, men UTSIKTA herifrå er den beste eg har sett på Sunnmøre nokon gong, trur eg. 

Storevatnet og Molladalstindane. Dei største frå venstre; Jønshornet, Randers topp og Mohns topp.
 
Nordre Sætretind (t.v) Kolåstind (t.h)


Panorama mot Storkopptindane og Romedalstinden

Det var framleis tidleg på kvelden, så vi bestemte oss for å gå vidare utover mot Svinetinden, så langt vi kom. Det såg heftig ut, med spennande pinaklar langsetter ryggen. 

Kor langt bort kjem vi oss?

Nokre få planter stod framleis i blom - her Rødsildre. 

Panorama frå ryggen. Molladalen til venstre og Ytre-Standal til høgre

Kult landskap

Det som såg umogleg ut var greit å runde då vi kom nærare. Vi jobba oss bortover ryggen pinakkel for pinakkel. 

Spennande og variert berggrunn.  Her kom vi til kort med kunnskapen. 
Vi ønska oss ein geolog-turvenn. Gjerne ein eller ei med stor interesse for formidling,  og kunnskap om kvartærgeologi, bergartar, landformer, mineral og glasiologi. 

Trude midt i pinakkelrekka


På namnlaustopp (1060 moh) og tilbake mot ryggen vi hadde gått.

Den som heiter Svinetind (1125 moh) på kartet er den toppen her - og dit gjekk vi av naturlege årsakar ikkje.  

Godt nøgde med dagen starta vi på heimvegen. Berget stråla tilbake solvarmen mot oss, vinden stilna og fjella kasta etterkvart lange skuggar ned i dalen. Det var enkelt og effektivt å gå same veg tilbake og følgje stien nedover. 


Namnlaustoppen som vi kom oss ut til heilt til venstre. Kul rekke. 

Stølen på Ytre-Standal er fotogen og eit ikon på Sunnmøre, Berre turen hit opp er verd å stoppe for.

Fantastisk dag, rå natur. Ny favoritt, hit skal eg oftare. I det vi sette oss i bilen skya det til kring toppane.  Vi rakk akkurat ei ferje og det var i grunn berre ei utfordring: å lande etter ei stor oppleving.

Totalt 11 km t/r og 850 høgdemeter (ref. Endomono)