Viser innlegg med etiketten Elin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Elin. Vis alle innlegg

lørdag 11. oktober 2014

Padling og redningsøvingar i Ulstein

11.10 Endeleg klaffa det at eg kunne hive meg med på FB- invitasjonen frå Arnfinn.Fin laurdagssyssel å nyte ein solskinnsdag på Ulsteinfjorden i lag med trivelege padlefolk som eg ikkje har sett på lenge. Vi hadde mumla om redningar og tenkt nokre scenarioer på chattemeldingar i førkant.

Ulsteinvik

Elin ikkje rådlaus med halv åre

Elin og Mildrid med fleire hadde gjort god reklame for HKK kvelden før: Link til NRK Møre og Romsdal

Mildrid strålar om kapp med kajakken sin..

Ulsteinvik

Rast og godstemning på ein liten holme nord for Dimna.

Ørnereir. Ikkje nokon heime men vi såg minst 50 hegrar på vegen

Arnfinn i Play'en sin

Flott tur, deileg lunsj i sola, godt å vere på sjøen og triveleg selskap! Dei som hadde lyst la opp til ei økt ved stranda med meir baderelaterte aktivitetar. 

Mildrid scullar gullkajakken

Eg fekk teke oktober-rulla. 4-5 ruller (standard, grønnlandsåre) som sat slik nokonlunde fekk rullesjølvtillita opp på eit akseptebelt nivå att. Dei siste turane på Alnes har tæra hardt på den. 

Frank ruller

Arnfinn hadde ønska seg øving på bevistlaus person. Greit å ta ein runde på det. Det er enkelt i teorien. Om avstanden er litt større enn 50 cm frå start går tida fort, og det er fort gjort at det vert litt kluss med årer og vippetak. Eg ser dessutan at det er mykje tyngre for meg å vippe personar som har kjølkajakk enn personar som har flatbotna kajakk. Greit å ha øvd litt på - og måtte vi aldri få bruk for det!

Frank er "bevisstlaus" og vi øver

Eg ønska meg to kajakkar i vatnet samstundes utan moglegheit for egenredning. Mildrid og eg testa først, og så var det karane sin tur. Også her var det greit med ein gjennomgang, og vi plukka med oss nokre triks for å korte ned tidsbruken. 

To i vatnet

Få tømt ein kajakk..

Få førstemann ombord i tømt kajakk

Rollebytte

Kjekk dag med nyttige øvingar. Sjøen har begynt å verte kaldare no, det kjenner vi godt. 

10 km totalt med att og fram på redningsøkta


søndag 15. januar 2012

Søndagstur i skitrekk

Aktivitet avlar aktivitet. I rulletreningsrus var eg sjølvsagt lett å be, og klart eg ville vere med til Volda Skisenter på søndagstur! Morgonen etter derimot var det ikkje ein einaste bit av kroppen som ville stå opp eller aktiviserast. Har ein sagt A så kjem B, så det var berre å ta seg saman og sette kursen sørover i høljeregn.

Gjengen i bakken

I lag med kjekke folk så er det utruleg kor humøret kjem seg. Opphaldsver og fine forhold i bakken. Behageleg laust i snøen. Gode råd frå Trude sist helg sat i bakhovudet, og etter nokre turar i barnebakken lausna det litt på teknikken og. 

Det vart eit par turar i den store bakken og i ei alternativ løype fra toppen. Litt betre kontroll for kvar tur. Håpet om ein topptur eller to i løpet av sesongen var stigande. Er utruleg fornøgd med ski og støvlar. Det er skikkeleg artig når skia lystrar og eg held meg på føtene.

Utsikta mot Volda frå toppen.

Lurer litt på om eg nokon gong kjem til å ville gå frå botnen og opp på eit fjell på ski meir, etterkvart som eg får erfaring med at det tek 4 minutt i trekk å verte heist heilt opp på eit eller anna vis? Lettvint og greit liksom.... 
   
Artig-artig-artig

Stor stas å treffe Hege att etter mange år, og dei kjekke jentene hennar. Takk til Elin som drog meg med på tur!  

lørdag 14. januar 2012

Rulletrening

Ny laurdagskveld i bassenget. Utruleg kjekt, og aldeles undervurdert. Litt rulletrening vart det og. Nokre ruller, mange forsøk på ruller og svært god mengdetrening på cowboyentring.

Definerte utfordringar: Hugs alt på ein gong. Åra høyrer i denne samanhengen til på vassoverflata, så inga grunn til å drive på å dra ho ned på djupt vatn. Hovudet treng aldeles ikkje opp først. Ei arm strak, den andre bøygd. No gjeld det berre å få rett røyrsle på rett arm...

Treng både kvalitets- og mengdetrening framover, men har i alle fall beviseleg rulla ein polokajakk!


torsdag 14. juli 2011

Runde

Onsdag 13.juli. Tur til Runde med ein godt blanda gjeng. Heile 5 aktivitetsleiarar var med på turen, og fleire andre kom rett frå teknikk-kurs i helga. Eg gledde meg til å sjå fuglefjellet og hadde eit lite håp om å få prøve meg i litt grovare sjø i løpet av turen.

Gullegod stemning på Runde aust før start. 1,2,3....14 vart vi til slutt.

På veg ut mot fuglefjellet på vestsida. Det kribla litt i magen. Her er eg og padlar ved Runde! Eit eventyr..
Vi fekk kjenne litt på dønningane allereie rett etter å ha passert brua.

Oppunder fuglefjellet. Mykje fugl av ymse slag, og jammen var det ikkje eit par turistbåtar ute på rek og.


Herifrå og rundt neset til fyret vart det ikkje teke noko særleg med bilder. Faktisk ingen. Dønningane vart større. Endå større. Og kom fortare. Og dessutan skulle vi padle dei på tvers. Forventningane mine om å få prøve seg litt vart innfridd ca 200%. Her var det ikkje snakk om å teste grenser, men å sprenge dei. Ei lita stund der satt eg med ei ekkel kjensle av at her har eg nok med meg sjølv. Det er ikkje bra når ein skal fungere i ei gruppe. Det var omtrent då eg høyrde ei innbitt røyst bak meg: "Ditta skal f... meg på Facebook!!"     

Landing på Kvalneset! Ein letta gjeng?

Rustikk idyll

Herøygjengen pausar med stil. Bål på eit blunk, og delikatesser i alle variantar kom fram frå pakkposane.

Sommarstemning i havgapet. Stad aller bakerst til venstre.

Sygni med restane av det gamle fyret

Kaos på kaia? Klar for heimtur.

Jan og fuglefjellet

Jason

Siste økt i solnedgangen. Nesten litt vemodig når slike turar tek slutt. Sommarkveldane kan ikkje brukast betre enn dette!  

Kva har eg lært i dag?
  • Det går fint å padle i 2 meter dønning, men innimellom vert det i overkant spennande.
  • Det går hol i plastkajakkar og
  • Det å vere ei større gruppe på tur gjev ny innputt og inspirasjon, men er også utfordrande
  • Det er viktig å kunne vurdere eigne grenser og ferdigheiter - og ta konsekvensen av det

Mange personar frå bloggverda og padleforumet har fått fjes og stemmer i løpet av turen. Det var veldig hyggeleg å treffe nye folk på ein slik tur. Takk til gjengen frå Herøy KK for følget og oppfølginga. 

Fleire bilde frå turen: HKK fotoalbum på FB