Gjengen i bakken
I lag med kjekke folk så er det utruleg kor humøret kjem seg. Opphaldsver og fine forhold i bakken. Behageleg laust i snøen. Gode råd frå Trude sist helg sat i bakhovudet, og etter nokre turar i barnebakken lausna det litt på teknikken og.
Det vart eit par turar i den store bakken og i ei alternativ løype fra toppen. Litt betre kontroll for kvar tur. Håpet om ein topptur eller to i løpet av sesongen var stigande. Er utruleg fornøgd med ski og støvlar. Det er skikkeleg artig når skia lystrar og eg held meg på føtene.
Utsikta mot Volda frå toppen.
Lurer litt på om eg nokon gong kjem til å ville gå frå botnen og opp på eit fjell på ski meir, etterkvart som eg får erfaring med at det tek 4 minutt i trekk å verte heist heilt opp på eit eller anna vis? Lettvint og greit liksom....
Artig-artig-artig
Stor stas å treffe Hege att etter mange år, og dei kjekke jentene hennar. Takk til Elin som drog meg med på tur!
Takk for kjekt lag Lene! :)
SvarSlettDette må gjentakast ved høve!
ELIN:
Heisan ....
SvarSlettsnubla inn i bloggen din og her var det veldig mange flotte naturbilde og mange fine ord ..
misunner deg den kajaken din - har alltid lyst til å prøve, men har aldri kommet så langt at eg har prøvd, men ein gang ;)
smil fra monika
ps.. ser du kommer fra skarsetområdet, eg kommer litt lenger ut - fra bud..
men har rota meg til sunnmøre og fjella rett ved Geiranger ;)
Hei Monika! Hyggeleg kommentar frå deg - og du har no jammen ein fin blogg sjølv!
SvarSlettKajakk kan anbefalast. Vi planlegg ein tur inne i fjordane til sommaren - kanskje det passar med ein kaffipause i lag?