onsdag 7. november 2018

Kongemat i kokegrop - høstfestivalistan 2018

6.10 Høstfestivalistan er i ferd med å verte ein tradisjon, og vi gledar oss til treff, sosialt samvær og god, fortrinnsvis, kortreist mat. I fjor snakka vi om kokegrop - så i år vart DET hovudprosjektet! I mangel på duer, kan ein konkludere med at det var like greit. Det hadde vore tilnærma syndeflod i fleire dagar, så vi var spente på om vi klarte å finne ein stad å grave hol som var over grunnvassnivået. (Vidare no er det bilde frå alle involverte i god blanding!)

Gode råvarer i boks. Klippfisk frå Godøya i to variantar; marinert i ramslauk og olje og naturell. Vertskapet på Gjelsvik gård stilte med to hjortekalvlår frå Skarset, marinert i urter frå Karianne sin hage, salt frå Aukra og kvitlauk

Neste post: Finn lokalitet, stein og spade og egna lokalitet. Søster med traktor og gard kan vere ein fordel. Karianne hadde og spekulert ut den perfekte spoten for oppdraget.  
 
 1. Grav hol

2. Finn passelege steinar og legg nedi (Hugs at desse skal vere handterbare når dei er varme)

3. Fyr opp! Vi gjekk for kombinasjonen ved og restar av grillkol frå sommaren. 

Det HER er aldri feil. Det er for lite båling i verda. Mindfullness i praksis. 

4 Drikk kaffi, sosialiser og sjå på bål

Slike prosjekt er praktisk å gjere på Skarset der det finst ressursar i form av areal, redskap, stein, osv. 
#livetpålandet
 

Vi innfridde opsjonen frå Siri: Paralellbål med steinhellestekt nakkekotelett. Aromat fram frå gløymselen og verdas beste kotelett!! Dette skal eg gjere oftare. 

Hovedgropa ferdig oppvarma. 

5. Grav vekk alle glør og kol (så godt det let seg gjere). Posisjoner steinane.

6. Plasser maten i gropa, med varme steinar under, rundt på sidene og kanskje eit par på toppen. 
Vi la nedi 2 hjortelår (kalv), 2 store klippfiskstykke og 10 bakepotet. (3 lag aluminiumsfolie på kjøtt og fisk, 1 lag på poteten)

 7. Dekk til med torv og jord slik at det IKKJE ryk. Vi tok torv frå plena for å tette og la jord på toppen. 

Rykinga er frå kotelettbålet ved sidan av. No er det berre å vente. 

8. Vent passeleg lenge og grav opp att maten 
  
Vi grev opp, det dampar og luktar både mat og våt jord. 

Vi har så trua - og det luktar GODT!!

Hjortelår som løysnar frå beina, smeltar på tunga og smakar himmelsk!

Karianne hadde pynta inne og invitert gjestar

Austlendingane stilte med kantarell og soppsuppe til forrett. Vi toppa kokegropmaten med tilbehør: Lokale rørte tyttebær, kryddersmør, fløtepotet, gulrotstuing. 

Fornøgde og mette - alle var einige om at det var eit kongemåltid! 
  
Vi fyrte bål i ca 2 timar for å varme opp steinane og brukte ca 1 trillebår med ved og 1/2 pose (stor) grillkol. Vi let maten ligge i gropa i ganske nøyaktig 2 timar. Evaluering: Alt var godt og ikkje tørt. Arthur og eg trur likevel at det kan ligge litt kortare. 1 time og 40 minutt neste gong? 

tirsdag 6. november 2018

Kortreist kvalitetssøndag med brott og surf

26.08 Sommaren på hell. Endeleg lite vind og gammal sjø. Grå dag, men likevel full av fargar. Havet var så varmt at det kjendes som å stikke nevane ned i oppvaskkummen. Skummet ved brotta hadde shampo-konsistens. Det var lenge sidan eg hadde padla brott, så eg var spent. Denne gongen var eg ikkje stressa eller nervøs. Det var heilt innafor komfortsonen å vere ute i bølgjene. Etterkvart som eg vert sliten er det freistande å fotografere litt. Denne dagen fekk eg ligge i fin fotoposisjon midt i brottet medan Kenneth og Jason dreiv presisjonssurf. Sjølv om eg då øydela nokre surfemoglegheiter.  Det vart mange fine bilde,  kanskje mest interessante for oss som er spesielt interesserte. Uansett - denne søndagen gjekk inn i historia som den kjekkaste brottpadledagen 2018 - til no!

Oppvarming - inn i mellom der det går an å fare inn i mellom 

Gammal sjø, sjøsprøyt og surrealistisk shampovarmt vatn 


Ups, korleis går dette?

...berre godt! 


Kenneth sørgar for at det vert bilde av meg og! 









Takk for turen!

mandag 29. oktober 2018

Herleg hausthelg med hengekøye og strandrydding

26.-27. oktober Endeleg ei helg med godver! Oktoberovernattinga skulle naglast, hengekøya til pers og heldige meg fekk med Mildrid som turfølgje. Vi hadde skumle planar om å båle, kose oss og rydde holmen for søppel. Rydding har vorte ei rein glede når vi kan alliere oss med "Plastfritt hav", og få sekkar og avtale om henting på eit blunk.

Kvar si lyst på fredagskvelden! 

Vi starta seint, og det var månelyst og opplett. Overraskande mykje båttrafikk , og vi var veldig forsiktige med kryssing av leia. Sjølv om vi har lys på oss og kajakkane, så er eg ikkje sikker på kor synlege vi er.  

Padlar i måneskinn

Stas å vere ute - stas å komme fram. Vi var effektive å sette opp camp, og heiv oss rett i desserten. 

Månelyset var så fint at det var nesten litt kjipt å legge seg. 

Soloppgang på eine sida og måne på den andre. 

Fantastisk å vakne opp i køya! 

Eg sovna frampå og vakna langt på dag. Luksusliv og helg!


Frost i bakken, men varme i sola. Fredagsmiddag vart det aldri, men laurdagsbrunch i sola var heilt greit!


Eg gjekk for ei meir optimistisk open løysing enn Mildrid, men begge var strålande nøgd med natta og søvnkvaliteten. 

Neste post på programmet var rydding

Søppel fann vi - både høgt og lavt. 

Gamle synder, nye synder og isopor i store mengder. 


Akkurat då det passa med ein pause kom det fleire padlarar forbi. Kaffidrikking og tyting er aldri feil.  

Roger og Kyrre får omvisning på basen.  

Kyrre med surfski. Det ser tøft ut. Eg er freista til å prøve det meir. 

Tilbake til ryddinga. Det vart ein aldeles nydeleg dag på holmen. 

Det er likevel ein bismak, når du veit at det ligg isopor under torva på omlag heile øya. 
Vi rydda 2 personar i ca 3 timar og fekk samla søppel på halve øya, ca 500 meter strandlinje. 


Det vart ein brukbar haug, dessverre.

Strandrydding kan anbefalast som aktivitet; du får vere ute i flott natur, det er bra for miljøet, god trim og gjev ettertanke. Det er meir som eit kinderegg! Om du held til på Sunnmøre, ta kontakt med Plastfritt Hav, om du treng info om ryddeaksjonar eller organisering av henting av avfall.     

Ryddekart

Padlinga t/r vart 10,5 km. På veg innover att hadde vi medstraum og sluddbyger, så vi fekk igrunn med oss det meste av ver på miniekspedisjonen!