tirsdag 4. september 2012

Kystkultursamling - Herøy

Herøy kajakk klubb er ein driftig og sosial gjeng. Så eg let meg (lett) presse til å melde meg på samling og kurs 1.-2. september sjølv om det eigentleg ikkje passa inn i høve jobb og reising både før og etter.

Herøy gard er museum og ei  perfekt ramme for padletreff. Deltakarane seig på utover fredagen, med meir eller mindre nervar, forventningar og gjensynsglede.


Fredagskvelden var blikkstille, full av knott og med spennande filmar frå Are Pilskog. Han var der og fortalte om filminga og erfaringane, og eg måtte nesten be om autografen. Sildefilmen har eg sett før, men den er vel verdt å sjå igjen! Link til sildefilmen. Vi fekk og sjå padling med flaggermus i Tafjorden.

Tor Inge hadde vett til å ta seg ein padletur

Hyttekollektivet på Lanternen bestod av folk som skulle på turpadling, rull og tull, grunnkurs ung og aktivitetsleiarkurs. Askvollbesøk. God stemning på hytta. Laurdagskvelden fekk vi verdas beste kvalgryte. Trivelege folk. Padleprat. Ubegrensa med kake. 

Kjell testar nærparkering

Eg har ikkje bilder frå kurset. Aktivitetsleiarkurs er krevjande. Først og fremst fordi eg vart konfrontert med eiga utilstrekkelegheit. På mange nivå. Omlag alle nivå. Mykje frisk luft, mykje slit (frisk bris - knapt tre stjerners forhold) og ein hjerne på høggir som ikkje klarar å omsette til rasjonell tanke og handling. Mykje læring.

Vi bestod kurset, og eg har oblaten som bevis. Det betyr ikkje så mykje. Ikkje endå. Eg reiv mi eiga list på nokre viktige punkt. Kva padleforbundet står for må dei bestemme sjølv, men eg må også stå for mine eigne krav. Så med ein veldig god ballast tek eg eit par steg til sida og tek sats på nytt.

Takk til Sygni som pressa meg til påmelding, Dag som var ein eksepsjonelt flink kursleiar og dei 3 andre kursdeltakarane som i stor grad bidrog til læringskurva mi i helga.      

Kystkultur..

mandag 27. august 2012

Turmål i Ålesund og omegn 2012

Innimellom padling, jobbing og feriering har eg gått på turmålpostane i Ålesund kommune. Stort sett i lag med Anne Marte, med veldig bra innhopp av Kalle, Beate, Kristine og Trude innimellom. Konseptet er å registrere seg på nettsida, finne kodane i terrenget og registrere dei via mobil eller nett. Dette fører til at:

1) Vi kjem oss ut (Frisk luft er betre enn Dagsrevyen)
2) Vi kjem oss ut på nye plassar (Artig og dels spennande)
3) Vi kjem oss i form? (Verknaden lar merkeleg nok vente på seg..)

I alle fall - her er "Best of" turmålpostane - eg har no vore på alle i Ålesund (og vi er godt i gang med dei på Sula).

Sist og høgast! Ursfjellet/Vasstrandegga (561 moh). Høgaste punkt i Ålesund kommune ligg rett ved toppen. Sjølve toppen ligg nemleg i Skodje kommune.. 

Utsikt frå Vasstrandegga mot Ålesund og Godøya.

Langevatnet. Haustvibbar. Beviset på at det ikkje bles alltid.

Godt skilta er det stort sett. Myklebusthornet var eg på i fjor og, men no gjekk eg ein anna veg. Turmålspostar = lommekjent.

Maulings på Myklebusthornet

Alternativ rute ned frå Sukkertoppen, Trollråsa. Anne Marte og Kalle var med. Her kjem vi rett ned på posten ved Tueneset - det er med andre ord "ein dobbel". Mykje meir spennande enn å gå den vanlege stien nedatt.

Holsfjellet. Ei perle! Bergrabbar og furuskog.
På dei fleste postane er det bøker i tillegg til kode.

JUMP - på Holsfjellet. Anne Marte har stor tolmod og forståing for hoppebilde.

Kvervaksla - før forviklingane

Vi er godt kjent på Kverve. Det er vel ingen som har gått så langt for å komme ut til posten ved lykta som oss. Eg har lært at det er ein grunn til at det ikkje er merka sti på kartet. Som regel er grunnen at det ikkje er ein sti, til dømes fordi det er eit loddrett stup. Anne Marte har lært at ho ikkje bør stole ukritisk på kartlesar/stifinnar. Vi var begge einige om at det var ein fin og til slutt passe lang tur. Etter dette har vi tilfeldigvis alltid hatt med vatn og naudproviant på alle turar.  

Høgkubben med Beate. Vi var kledd for sommar. Det hagla.

Borgundgavlen. Fin utsikt inn til byen.

Østremsetra

Borgernes vei, Lillevatnet og Hatlåsen (DYTT-fellestur) uten kamera. Per Ove guida på Hatlåsen og det var utruleg kjekt å få "innside information" frå ein som var oppveksen i området. Bjønnalogen og Geitnausta (DRITLANGT!) utan batteri i kamera.

Fine kveldsturar, varierte turmål og alltid utsikt som imponerar! Turmåla i Ålesund kan anbefalast.   

Vi har og utforska turmålpostane på Sula i løpet av sommaren

onsdag 22. august 2012

Kjølstripe

Eg har hatt ei Keel Easy kjølstripe liggande heile sommaren. Det er klart betre å ha den på kajakken enn i skuffa. Med press og lovnad om hjelp frå Sygni så vart det ordnings.

1. Vask (rødsprit)

Denne delen av operasjonen klarte eg sjølv.

2. Lim på, kutt endar og finn senkekjøl (tapetkniv)

Sygni har trass alt universitetsutdanning med tapetkniv. Eg bøyer meg i respekt for det.

3. Varm opp, bøy, form, press (varmluftpistol, smedfingrar)

Varmluftpistol. Skumle greier.

Bøyen gjekk som smurt.

Eg tenkte det fort kunne bli krøll på knekken framme og bak. Eg tok feil. Det gjekk akkurat så glatt som i videoen frå leverandør. Er det mogleg?

Video som visar korleis det skal gjerast
 
Eg er spent på kor mykje kjølstripa toler og kor haldbar den er. Det var i alle fall lettvint å få den på. Sjølvsagt ekstra lettvint når ein allierar seg med profesjonelle folk med godt utstyr (varmluftpistol). Tusen takk for motivasjon og hjelp Sygni!

Eg skal (visst) på aktivitetsleiarkurs. Har fått tips om at vi treng reserveåre som aldri før og at det er ein fordel å få årene på plass att på dekk etter bruk. Eg hadde difor også gravd fram alle moglege hjelpemiddel for å få skikk på dei framre strikkane. Eg når ikkje fram, og det er langt frå lettvint å få noko under strikkane utan hjelp.

Valgets kval..

Har no festa korkballar på strikkane, og trur det er tilstrekkeleg. Så får eg heller sjå om eg må ha fleire eller anna design på det etterkvart. I garasjen så funka det i alle fall å feste både grønnlandsåre og delt euroåre. Full lengde euroåre vert litt knotete, men håpar eg ikkje får bruk for det. (Nokon eg kjenner har veldig lyst til å lime hår på korkballane mine. Eg hevar meg over det og tenker praktisk. Kun praktisk.) 

Odin har laga kjølstripe frå botnen, og her er link til framgangsmåte punkt for punkt.

Lars og Magnus la på Keel Easy kjølstripe før dei padla Norge på langs. Eg har ikkje høyrt noko om at det lausna undervegs, så har trua på at det fungerar.

søndag 19. august 2012

Grottepadling på Runde

Jon Oli inviterte til ny Rundetur. Fredagskveld med perfekte meldingar og 9 stykk møtte etterkvart opp på Runde. Det var dammande stilt, ingen vind eller sjø, så var målet grottepadling.

Full av forventning padlar eg ut under Rundebrua, legg sivilisasjonen bak meg og startar på eventyret: Det var ein gang....

Rundebrua mot Nerlandsøya

Snirkling innimellom klippene

Små padlarar i stort landskap

Naturen er rå og storslegen. Eg får kjensla av å vere utanlands. Vi tek med oss alle godbitane på veg utover. Innimellom steinar og klipper, snirkling og oppdaging. Lydlause og små i eit stort og dramatisk landskap.

Fuglefjellet

Eg trudde vi var litt seine i høve sjøfuglen, og at fjellet var tomt. Det var difor ein ekstra bonus at det var yrande liv i havsulekolonien. Ein og anna skarv såg vi, og nokre måsar. Den obligatoriske ørna var også på plass. Det er veldig spesielt å padle under eit fuglefjell. Sjøfuglane har det generelt ikkje så bra, så vi er kanskje av siste generasjonane som får oppleve det på denne måten.  

 Full fart i havsulekolonien!

-Der er ei som sitt nede! Juhuu, bilde!, tenkte eg. I det eg knipsa såg eg at den store, rolege, stille fuglen låg ved sidan av ein daud unge. Kontrasten og naturen på godt og vondt kjentes i magen.

Foreldre og barn?

Eg var nesten metta av opplevingar FØR vi begynte med grottene.

Den turkise lagune

Utanfor nokre av grottene

Grotte 1: Her kunne vi padle langt innover, og det vart trangare og trangare. Grusstrand innerst. Det var mykje fjør og fleire daude fuglar som flaut, så det var litt ekkelt og ei småuhyggeleg stemning i grotta.

På veg ut av grotte 1, hovudlykter på veg inn.

Grotte 2. Litt mindre, smalare, reinare. Eigentleg var denne mykje trivelegare.

Stille og mørkt i grotta, lyst og full aktivitet i fuglefjellet utanfor. Det er ein kajakkpadlar i opningen, så det gjev ein peikepinn om dimensjonen....

Kveld ved Runde

Etter grottepadlinga så burde vi objektivt sett padle roleg heim før det vart mørkt. Det var alle einige om at var ein idiotisk tanke, så det gjorde vi ikkje. Vi for ut til fyret for kveldsmat og aktivitetsleiartips. Mildrid viste oss nokre triks for vanskelege ilandstigningar. Veldig bra. Alt vert litt meir klønete med hjelm. Greit å finne det ut før det er alvor. 

Runde er fyr nr 5 i kajakk på meg for sesongen.

Runde fyr frå vest

Litt dogging etter treninga, men her er i alle fall tunet. Fyrmeisterbustaden er no DNT-hytte.

Det vart sjølvsagt litt stress med å komme seg innatt og rekke ferja, men det gjekk. Vi toler litt stress! Takk til Herøygjengen for initiativtet og humøret! Det er alltid kjekt å komme ut og padle med dåkke! Eg trur varemerket er 100% menneskeleg - de har plass til mange og deler gjerne. Det vert sett pris på sjølv om vi rusar avgarde utan å seie "Ha det!" på skikkeleg vis.

Undervegs så snakka vi om at neste år må det verte overnattingstur. Hald på den tanken! Kunne og tenke meg ein geologileksjon og eit sjøfuglforedrag undervegs, så viss nokon padlarar der ute har spesialkompetanse så må de berre gje beskjed. 


Turen vart ca 13 km.

Her er det så mykje å sjå at ein må ha GOD TID!

torsdag 16. august 2012

Ferieforlengarpadling på Synnes

Det er framleis lyse kveldar og varmt i veret. Sygni hadde invitert på padling med både kjente og nye padlefjes på lista.

På sjøen. Godøya bak.

Vi starta på Synnes med redning og rulling. Sygni mista eit lukelokk trass sikring. Ergeleg! Eg prøvde meg på rulla. I kveld med grønnlandsåre. Eg kom meg opp, men innser at eg har for dårleg sveip. Nukaen er lettrulla, og eg kjem lett opp om eg berre får hoftevrikken på plass og legg meg bak. Om eg bommar litt på vrikken så treng eg støtte i sveipet, som eg per akkurat då ikkje hadde. Meir øving må til.

Dette var ein slik kveld som gjer at kjensla av ferie og sommar varer lenger. Det var kjekt å vere på sjøen. Prate litt. Vi padla nokre kilometer, og begynte å kikke etter "Kaffiholmen". Som vanleg låg den der, akkurat då vi hadde bruk for den.  

Verdas finaste boks til å ha med verdas beste sjokoladekake på padletur.

Sygni hadde med kake og kaffi til oss. Kanongod idè å invitere på padlebursdagsselskap. 
Den lange rekka av kommande 29-årsdagar kan godt feirast på denne måten. Kvar gong.

Kos på Kaffiholmen

Sidan ikkje alle hadde padla i lag før måtte det bli eit teambilde.

VI TULLAR IKKJE! Ikkje tull med oss...

Erkna i solnedgangen

6 kvalitetskilometer. Kjekt å treffe nye folk. Ferieforlengarpadling er fint.