1. Vask (rødsprit)
Denne delen av operasjonen klarte eg sjølv.
2. Lim på, kutt endar og finn senkekjøl (tapetkniv)
Sygni har trass alt universitetsutdanning med tapetkniv. Eg bøyer meg i respekt for det.
3. Varm opp, bøy, form, press (varmluftpistol, smedfingrar)
Varmluftpistol. Skumle greier.
Bøyen gjekk som smurt.
Eg tenkte det fort kunne bli krøll på knekken framme og bak. Eg tok feil. Det gjekk akkurat så glatt som i videoen frå leverandør. Er det mogleg?
Video som visar korleis det skal gjerast
Eg er spent på kor mykje kjølstripa toler og kor haldbar den er. Det var i alle fall lettvint å få den på. Sjølvsagt ekstra lettvint når ein allierar seg med profesjonelle folk med godt utstyr (varmluftpistol). Tusen takk for motivasjon og hjelp Sygni!
Eg skal (visst) på aktivitetsleiarkurs. Har fått tips om at vi treng reserveåre som aldri før og at det er ein fordel å få årene på plass att på dekk etter bruk. Eg hadde difor også gravd fram alle moglege hjelpemiddel for å få skikk på dei framre strikkane. Eg når ikkje fram, og det er langt frå lettvint å få noko under strikkane utan hjelp.
Valgets kval..
Har no festa korkballar på strikkane, og trur det er tilstrekkeleg. Så får eg heller sjå om eg må ha fleire eller anna design på det etterkvart. I garasjen så funka det i alle fall å feste både grønnlandsåre og delt euroåre. Full lengde euroåre vert litt knotete, men håpar eg ikkje får bruk for det. (Nokon eg kjenner har veldig lyst til å lime hår på korkballane mine. Eg hevar meg over det og tenker praktisk. Kun praktisk.)
Odin har laga kjølstripe frå botnen, og her er link til framgangsmåte punkt for punkt.
Lars og Magnus la på Keel Easy kjølstripe før dei padla Norge på langs. Eg har ikkje høyrt noko om at det lausna undervegs, så har trua på at det fungerar.




